fredag 23. desember 2011

23.desember - og luke nr. 23

Pepperkakebaking.
Ein av jule-tradisjonane her i huset dreier seg om pepperkakehus-baking. Og den tradisjonen har ikkje eg innført i heimen. Eg har faktisk ikkje løfta ein einaste finger for at det skulle bli noko hus heller. Eg har heller halde meg vekke. Men hus har det blitt, gubben har vore storbakar saman med jentene. Dei siste par åra er det Veslejenta som er bakaren, faren er bare handlangar. Eit lite resymè viser at husa har variert enormt - i størrelse, utforming og pynt. Nokre av dei er store og flotte, mens nokre år har det ikkje blitt hus i det heile tatt. Men i år har dei fått det til. Det er ikkje heilt ferdi montert, men det er like før.

I 1989 - eldstejenta måtte stå på gyngehesten for å rekke opp! Kjøpt hus - men heimepynta. Dette var nok det første huset.


Nå har det blitt eit Jærhus.

Mellom-Guro er konsentrert om oppgåva.

Eldstejenta og faren. Litt eldre nå begge to.


Dette året vart det ganske symmetrisk og fint!

 Veslejenta og faren i aksjon.
 
Denne gongen fekk me utedo og rundt tårn. Mykje som går an med ein kakedeig.

Nå er det ganske avansert. To runde tårn og slede med reinsdyr.

Mykje pynt og nissar og "dill og dall".

Dette var nok det største prosjektet. Denne borga fekk 4 runde tårn - og røde glass i vindua.
Her ligg mykje arbeid bak.

Ein litt mindre utgåve. Fint det og.

Eigen design. Veslejenta har laga huset sjølv - med bil til!

Flott snøtak.

Huset i skogen. Minner om "Mormor og dei åtte ungene".

1 kommentar:

  1. Det var flotte hus alle i hop:) Litt av nokre bygningsfolk i familien din, mange fine detaljar her - og så kjekt at de har bilete av dei ferdige utgåvene!! Hugsar me var med og åt opp/knuste eitt:) God Jul til heile familien Skår:) Klem Liv O.

    SvarSlett