tirsdag 29. januar 2013

Quick knitting

Det nærmar seg jul..... har aldri vore så nære jula 2013 som nå! Det gjeld å vere ute i god tid, eller ein tanke for sein. Julesokkane er uansett ferdige, og eit av prosjekta som låg i haugen med uferdige spøt. Etter årskavalkaden der eg viste fram alle mine på-pinnane-prosjekt, har eg greid å avslutta tre av dei! Herleg:-) Nå har eg bare 6 igjen.
Ikkje så lett å finne ei overskrift på Q, men desse sokkane var faktisk raske å strikka. Garnet var litt tjukt, men då gjekk det jo fort og. Kunne nok tenkt meg dei i litt tynnare kvalitet. Dette var ein garnpakke frå hifa.no. Desse får kvila på Kammerset til det nærmar seg litt meir jul.

Bilde ville bare stå feil veg, av og til lever det sitt eige liv.


Neste gong:  R........(tips: regnbue, raglan, redesign, restegarn, reisestrikketøy......) mange ting kan starte på R:-)

søndag 27. januar 2013

p - p - putekrig!

Ei pute er ferdig! Den har vore på pinnane lenge. Eg ser eg har godt av ein liten "oppstramming" av og til der eg gjere ting ferdige. Kjekt å feste trådar, sy saman og rope ut: " Ferdig! Sjå kva eg har lagd!" Så nå er eg klar for putekrig, kven våger å vere utfordrar? Eller kanskje eg tar ei anna pute, det kan jo vere kjekt at den varer ei stund når den ført er ferdig:-) Ellers fann eg ein stabel med vaskeklutar innerst i hylla på Kammerset. Den har vore ferdig ei stund, eg måtte bare feste litt trådar der og. Dei var tiltenkt  ei av jentene, men det er ikkje alltid dei unge likar det same som mora! Så nå tar eg dei i bruk heime! Eg likar godt desse vaskeklutane! 




søndag 20. januar 2013

Oops! I did it agin!

Av og til er det artig å gjere om igjen noko me har gjort før! Slik som å strikka ting ein har strikka før, gå turar ein har vore på før, vere ilag me venner ... Men ein ting til har blitt  ein tradisjon her i heimen, nemleg å bestilla ei bok frå bloggn min når året er over. Her ein dag kom bok nr. 3 i posten, så nå er triologien komplett! Ganske artig! Kjekt å kunne bla i ei fin bok og mimre frå året som allereie er blitt historie. Flotte bilder dekorerer utsida, bare av meg! Rett og lett litt sjølv-digging! Og alle dei koselege kommentarane frå dokke lesarar har fått god plass i boka. Så bare ver frimodige - din kommentar blir arkivert i neste års bok! Så får me sjå kva dette året bringer av gode og mindre gode innlegg her på bloggen. Plutselig er kanskje bok nr.4 på veg over Atlanterhavet:-)






Triologien om "Tones ting & tang"

 Det var O-en. Neste gong står P for tur:-)

PS! Dette var innlegg nr.300 - litt artig det og:-)

torsdag 17. januar 2013

Nå er eg ferdig!!

Endelig! Camomille nr.3 er ferdig.Eg har vore ganske trofast mot Camomille i den siste tida, ein kan rett å slett bli litt stressa av å ha for mange strikketøy på gang samtidig. Eit er ferdig - det er godt at det minkar i strikkakorga. Målet er at den skal bli tom før eg stratar på noko nytt. Ambasiøst, men 
 kanskje det kan gå? Uansett er eg nok strikka mitt siste Camomille på ei stund!




søndag 13. januar 2013

Marshmellows-sundag!

Me har hatt ei nydeleg helg, strålandes sol i fleire dagar, kuldegrader og kaldt flott ver. Ei kjekk helg, med vennesamvær både fredag og lørdag, og flott tur langs stranda på sundagen. Mens me gjekk der i vannkanten og nøyt solstrålene, tikka det inn ein kjempekoseleg melding frå gode venner:" Har tent opp i bålpanna i hagen! Lyst på kakao og bollar? Ta med reinsdyrskinnet!" Sjølvsagt hadde me det! Utruleg koseleg å få slike innvitasjonar. Kakao, marshmellows-snømenn, kanelsnurrar, bål, brente mandler, mandariner -  det første måltidet utedørs dette året! Ein god start på utesesongen! Tilslutt vart helga avslutta med koseleg familieselskap hos Rekkehus-Guro & Sebastian! Veldig koseleg å gå på besøk til ungane - litt rart når dei har flytta ut. Ellers vart det tid til litt strikking innimellom. Gubbe-jakken, Camille-sjalet og tunikaen har blitt litt lenger, Dvs - gubbe-jakken rakk eg opp igjen ein god del på, men nå er eg på veg oppover igjen. Ikkje alltid lett å vere fornøyd med ein gong. Syns pinnane vart for tjukke:-)

Mange var ute på tur i dag.

Fine steinar - med lange vinterskyggar.

Flott marshmellowsnømann - smakte godt i vintersola!

Innbydandes serveringsbrett!
Alltid kjekt å komma på besøk der i huset

Flott å vere i lag med gode venner

Eg ønsker meg ei slik.....
Og så litt strikking:

Eg trur det blir fint dette.

Kan bli bra dette og!

Litt igjen ennå,
men det nærmar seg slutten.

søndag 6. januar 2013

Lykke!

Lykke for ein glad-strikkar er utan tvil nytt garn! Dette året har eg eigentleg bestemt meg for at eg skal gjere ein stor innsats på Kammerset, med å bruke noka av alt det nydelege garnet eg allereie har kjøpt. Eg har mange prosjekt på gang, og ein del i tankane. Men plutseleg har Gubben fått lyst på noko nytt. Han syns nok det var litt lite han hadde fått av fjorårets produksjon. Og ein pose med garn som passa til ein ny jakke til han hadde eg ikkje liggandes. Så då var det bare å ta pc-en fram og bestilla nytt. Pinnsvinet Design i Bergen har mykje fint. Brunt Marianne Isager-garn blei bestilt, to sortar, og to dagar etter kom det fin pakke i posten. Lykke:-) Så nå er eg i gang - det er jammen lett å starte opp nye prosjekter. "Ja den er vel ferdig til vinterferien!" Sa Gubben. Me får sjå !

Spennandes med pakke i posten.

Oppskrifta er frå Anette Danielesens bok  "Strikk en stund".
Flott bok.

Først blir det jakke til gubben, så kanskje til meg?
Kan vere artig å matche:-)

Fin fasong på jakken.

Eg er igang - trur dette blir eit kjekt prosjekt.

Neste gong er det M-en som skal pryda overskrifta!