søndag 29. november 2009

Terjes ting & tang!

Terje kosar seg i garasjen for tida! Her styrer han med litt av kvart! Prosjektet han nå held på med er bilen til Guro! Den hadde litt rustflekar då ho kjøpte den i haust, som faren lovte å hjelpa til med! Men alt vert som regel meir omfattandes en antatt! Så nå har bilen stått i garasjen ei veke, blitt banka og hamra på, sandblast og pussa på, osv ,osv........ Men det nærmar seg slutten! Bare sjå sjølv!

Godt å ha ein handy-far!!

Advent!

Så er 1.søndag i advent over, og me går inn i førjulstida! Hausten har gått fort, men me har hatt mange kjekke opplevingar i løpet av desse haustmånedane. Nå må me finna fram kake-oppskriftene, vaskefilla og julepapiret, og klargjere oss til juleforberedelsane. Det er jo alltid ein del med MÅ gjere til jul, men kvart år tenker eg at i år skal eg ikke stresse med det! Eg ynskjer at me kan få litt god tid innimellom oppgåvene - til å nyte adventstida, stemningen med stearinlys og god julekakelukt i huset, mens me skriv julekort og høyrer julemusikk! Og slik at me kan tenke over kvifor me eigentleg feirer jul. Det har så lett for å drukne i dei kommersielle rammene av julefeiringa! Eg håpar me alle får ei fin advents-tid, ei fin ventetid, der me forberedar oss til julehøgtida.

Årets adventslys.
Julerosa har begynt å blomstre! Spennandes!
Årets nyinnkjøp - pilhjerte som
Marit på Voll har laga!
Kjempeflott, syns eg!!

mandag 23. november 2009

Syglede!

Eg har av og til eit motto: LØP og KJØP!! Det har eg gjort idag! Du veit, med mange tusenappar liggandes i lommeboka, så kan dei fort svi hol! Så idag vart eg den lykkelege eigar av ein Janome-maskin! Elektronisk! Så nå kan kreativiteten bare blomstre! Eg gleder meg til å sette igang! Den gamle maskinen min er 27 år, så det var visst på tide med ein ny! Men jammen har me hatt mykje moro ilag, eg og Bernina'en og! Så nå får eg vente til ei inspirasjons-bølge slår over meg, så får me sjå kva resultatet blir! I mellomtida sett eg meg i sofaen og kosar meg med strikketøyet!
Dette blir bra!

Ny, flott symaskin!

Min første prøvelapp!

søndag 22. november 2009

Veveliv!

Nå er vevelivet her i huset definitivt over! Eg hadde ein gong ein romantisk draum om å ha eit lite hus på landet, der eg skulle sitte og veve koselige ting på veven min, mens bollelukt og andre landlige lukter kryddra tilværelsen. Så då eg fekk den første lønna som førskulelærar utbetalt, pakka me bilen og drog til Seljord. Og eg vart den lykkelege eigar av ein stor, flott vev! Dette skjedde i forrige århundre(!!), i 1986! Veven vart montert, og eg vevde ein del, men etterkvart vart dessverre veven stua vekk i eit hjørna. Og der vart den ståandes, i nesten 20 år! Men nå er veven borte - eg har selt han! Så nå er vevelivet - på eigen vev - definiteivt over! Kanskje eg skal melde meg på eit vevkurs?

Og pengane - kva skal dei brukast til?
Ny symaskin!! Eg gler meg!!

Vevekrakken og bommen - på veg ut døra!
Flott finsk treverk!

mandag 9. november 2009

Flott haust-tur til Ulsteinvik!

Så var helga over, og me er komne heim frå ei flott systerhelg på Sunnmøre! Me tre systre har hatt ei kjempeflott helg ilag, fantastisk ver, god tid til prat , tøys og lått & løye, strikketøy, god mat, turar - blant anna ein knallflott fjelltur og ein kjekk båttur i den nye båten! Litt byliv - med shoping og kafèbesøk fekk me og pressa inn! Men oppturen vart litt forsinka, tre timars forsinkelse frå Sola! Kjedeleg, men alt går greit med selskap og strikketøy! Jorunn var taxi-sjåfør frå Vigra, og tok opp konkurransen med med dei "autoriserte" og nådde ferja på overtid! Ho venta i 10 min på oss! Kl. 01.00 om natta! God service! Heimatt via Gardemoen gjekk greit, ilag med mange glade, oransje Ålesund-supporterar! Heia Ålesund!! Takk for ei flott helg!! Godt med gode varme kler på tur,
samt litt tepper over beina!
Sa nokon at me minte om
" gamleheimen på tur"?
Jorunn prøvte seg som skipper!

Flott sjø-natur!
Frå fjellturen - i knallflott ver!

onsdag 4. november 2009

På systertur til Ulsteinvik!

I morgon dreg eg på tur! Eg og Rønnaug, mi kjære syster, skal til Ulsteinvik til Jorunn, min andre kjære syster! Eg gler meg! Og ser fram til ei helg med strikketøy, kaffi, turar, litt shoping og masse godt prat! Eg er jammen heldig som har to systre!! Tre sommar-systre!