Viser innlegg med etiketten syltetøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syltetøy. Vis alle innlegg

søndag 18. mai 2014

Og vinneren er......

Det er 18.mai - og tid for den store trkningen i syltetøy-lotteriet! Takk for alle koselege kommentarane som dokker har lagt igjen. Jammen er det mange favorittsyltetøy rundt forbi. Eg har nå kåra ein tilfeldig vinner. Gubben var med på trekkinga slik at det skulle gå rett føre seg.

Mange lappar i lotteriet.

Ein fin hatt måtte til.

Tilfeldig utvelging.

Og vinnaren er:
Liv Oddny!
Mi gode venninne frå barndommen.
Du skal få boka på sundag:-)

Takk til alle som var med! 
 Var du ikkje den heldige, kandu kjøpe boka på bokhandelen eller bestille den i Hobbyklubben.

torsdag 6. mars 2014

Allereie mars?

Eg trur me har vore i hi i vinter. Det kjennest iallefall litt slik. Full fart heim frå jobb, sluke middag - og på med malekleda. Me har brukt mange timar, mykje maling, og mest av alt kost oss med arbeidet. Men det har tatt tid og ein del krefter. Kjenner at det er godt å finne senga når kvelden kjem sigandes. Det gjer godt å få til noko, og vere fornøyd etterpå med både innsatsen og resultatet. Nå er vegger og tak ferdige, i både stove, kjøkken, gang 1.etasje og gang 3.etasje. Det øverste trappa er snart klar, og den nederste trappa har nokre malingsstrøk igjen ennå. Men ellers minkar det veldig. Nye gardiner er komne på plass, møbler er tatt fram og bildene skal snart opp på veggen. Me har benytta anledningen til å rydde litt i skuffer og skap, og prøver å ikkje sette på plass igjen ting me ikkje likar så godt lenger, eller som er utslitt. Godt å rydde litt.

Litt putle-arbeid.

Av og til er det praktisk å vere lågast i familien.
Då kan eg nemleg balansera
sånn nokonlunde oppå kjøkkenbenken
uten å bøye hodet så mykje.


Innimellom strøka har me og vore på vinterferie med masse snø, kjøpt ny bil, ("store Blå"), og vore med på ein kjempevellykka boklansering for Eldstejenta si  bok -   "Syltetøy året rundt" .Nydeleg bok! Kan anbefalast.
Stor og flott bok. (og jente:-) )

Nydelege smaksprøvar

Bøkene gjekk verkeleg unna!
Det var mange som ville kjøpe.

Og nå kan ho finnast i mange bokhandlara.

Men andre ting har visst blitt sett litt på vent. Ikkje like godt å vere på topp på alle frontar heile tida. Bloggen har stillna litt, og faktisk strikkepinnane og. Ikkje like mykje tid igjen til det. Men nå er me i gang igjen.
Einaste ferdige prosjekt i det siste -
varm shorts til Minstejenta.

Ein liten smakebit frå den "nye" stova vår.
Nymalt vitrinskap


Nye gardiner.
Heilt tynne og lette.

Dei gamle gav eg bort på Finn.no

Grå trapp.

Frå kjøkkenet.
Gråe liftgardiner der.

lørdag 25. januar 2014

Stolt mor!

Eg har tre døtre! Flotte jenter med kvar sine egenskaper og evner. Nokre har dei felles, og noko greier dei på eigenhand. Eg er kjempestolt av dei alle tre! Nå har eldstejenta gjort noko som er litt spesielt! Ho har blitt forfattar. Då ho var liten sa ho at det var det ho skulle. Nå kjem snart den første boka hennar ut, ei syltetøykokebok! Gjett om me er stolte! Me ventar på ei nydeleg bok, med fantastisk mange flotte bilder, som forfattaren sjølv har teke. Og ekstra kjekt er det å leite etter ein kopp, ein duk, eller ei sølvskjei som ho har vore heime og funne. 18.februar kjem boka, på Cappelen Damm. Me gler oss. Imens må me nøye oss med å titte inn på ein forhåndsvisning, og glede oss til resten.

Og vil du ha ein forsmak på innholdet må du klikke her!

Kos deg - og "løp og kjøp"!