mandag 30. april 2012

Heimesydd!

I dag har eg blåst støvet av symaskinen og hatt ei systund. Trekket på slagbenken på kjøkkenet var utslitt og trengte å fornyast. Det er ikkje kvar veke symaskinen er i bruk, men jammen er den god å ha. Nå skal den og eg og alle garnnøstene under  senga snart få eige rom. Ungane treng ikkje rommet - eller kottet som Minstejenta likar å kalle det, lenger, så då er det min tur. Eg gler meg stort! Lurar bare på kva namn rommet skal ha: syrommet (eg syr jo ikkje så enormt mykje), strikkerommet (rart namn), nøsterommet (jammen det skal jo ikkje bare vere eit lager heller), arbeidsrommet, strikkekottet, koserommet (det kan kanskje misforstås...) eller bare ROMMET? Kom gjerna med gode tips. Først skal iallefall den intenst gule veggen bli kvit!

Nytt og blomstrete

Ein lærar må jo ha ei tavle i heimen og - grei til viktige beskjedar!
Familie-bursdagskalenderen heng på sida av -
me går snart inn i ein viktig månded!

søndag 29. april 2012

Sykkling!

Me syklar ein del for tida. Ikkje på det gamle vraket, men dei vanlege gode syklane våre. I går var det mor som fekk besøk i motvinden, ein god og frisk tur på litt over 2 mil samanlagt. I dag var det nydeleg ver på Jæren, og me la ut på tur igjen. Tjelta, Hellestø, Ølberg, Hålandsmarka, Gimra, Malmheim og Voll var plassar me var innom i dag. 3,3mil til saman. Me øver oss til pinsen, då skal me nemlig utenlands på sykkeltur: Saman med våre gode sykkelvenner på Ålgård skal me sykle til Skagen og Fredrikshavn i Danmark. Me gler oss -
 og trener oss på å sitta lenge på sykkelsete.

Hellestø strand - ei av dei flottaste strendene langs Jærkysten.


Ølberg havn - her lukta det like godt sjø og strand som då me var små.

Sjøhusa på Ølberg

Heia Norge!

Eit minne frå Rallarvegen!
Snart er me på tur igjen -
me har bestilt sol  heile tida denne gongen!

torsdag 26. april 2012

I gang...

Eg er i gang! Ei remse til den strikka sykkelen er ferdig, nr.2 er  underveis. Eg gler meg til eit flott blålillagrønnt innslag i hagen! Men eg manglar sete på sykkelen. Så nå må eg kanskje "fri" til de lesara:
Har du eit gammalt godt sykkelsete til overs?

Det skal aller helst vere i litt gammal stil, frå 70-talet feks. Til og med gubben har latt seg engasjere, han har skaffa kjedekasse - til "konas kunstprosjekt" - som han kallar det! Høyres ganske flott ut det, då! Eg er veldig taknemleg om du finn noko skrot i garasjen.

Herlege fargar!

Eg har forresten strikka to - tre omgangar på ny flettejakke,
denne gong med glittergarn! Den skal eg ha sjølv.
Eldstejenta har lagt ut det sjølvprodeserte mønsteret for salg her.

søndag 22. april 2012

Nytt sprøtt prosjekt!

Eg har hatt ein draum ei stund. Etter at eg såg Anny`s strikka sykkel på garnbutikken på Bryne, har eg hatt veldig lyst på min eigen. Men det er jo litt upraktisk å sykle rundt på ein slik polstra sak, så eg måtte finne meg ein annan sykkel enn den som er i bruk til dagleg. I helga fann eg meg ein. Hytte-grunneigaren hadde eit vrak ståandes i garasjen - som eg fekk! Hurra! Den mangla sete og kjedekasse, dekka var omtrent morkna vekk, kjettingen låg røken på bagasjebrettet og den blåe fargen var overtrekt av rust. Men med litt hjelp av gubben kan nok dette bli eit flott eksemplar av ein strikka sykkel! Av og til kan det vere kjekt å gjere noko total ufornuftig! Kva skal den brukast til? Eg ser føre meg flotte korger med bugnades blomster. Nå kan eg bare sette igang! Følg med, følg med - fortsettelsen kjem plutseleg!

Gubbehjelp er godt å ha!

Fanatstisk eksemplar. Fine runde former!

Har nok vore fint ein gong. Nå treng eg bare oppskrift på eit nytt!



Dette bilde vil bare stå feil veg!
Ekta Svithun-sykkel med lykt og dynamo!
Og håndtak på baggasjebrettet.

Bilde nr.2 som ville vere feil veg:
Masse flott restegarn.
Eg høyrer nøstene ropar til meg!


På pinnane akkurat nå.

Det er ikkje mange påbegynte strikketøy som ligg og ropar her i huset for tida. Eg har faktisk fått gjort ferdig ein del. Og det er ganske kjekt. Litt uvant og. Eg pleier å ha ein del på gang. Akkurat nå er det dominoteppet i gult som det blir strikka mest på. Utanom det: ein flettegenser (frukoststrikk, bilde kjem snart!) og ei flettepute. Lappeteppet fekk vere med i helga, og då blei det strikka ein del ruter. Det er fint å strikke på i bilen og

Fargar til å bli glad av.

Hyttehelg

Ei ny hyttehelg med gubben er over. Det er verkeleg godt å setta seg i bilen fredags ettermiddag etter ei travel veke, og reise av gårde. God nistepakke , kaffi og avis i ferjekøen gjer godt underveis. Denne helga har sengene fått nye madrasser, så nå kan alle få kvila godt i hyttesengene. Og me har oppgradert kjøkkenet. Slitte benkeplater med vannskade er skifta ut med nye flotte Ikea-plater. Og veggene i kjøkkenkroken har fått eit strøk av panelbeis, farge "Shabby" - ein gråfarge. Me vart kjempefornøyd! Kjekt å fikse litt. I år var hytta akkurat 20 år, så noko har jo blitt slitt på desse åra! Til og med kjøkkengardina fekk seg ein omgang på badet, med sentrifugering etterpå. Me har ikkje vaskemaskin, kun ei gammal sentrifuge:-)

Salt og brød - viktig for gode måltid!

 Ein gammal hjulvisp - kjekk å ha!

Fine hekla blonder - svigerinne Kjerstin sitt verk -
ein "arv" etter tida som sameigara!
Ein rusletur lang svaberga - mange flotte tuer
med strandnellikkar - snart i blomst!

Me planta ein del løkar i haust - denne spennandes sorten var vokst mykje.
Spennandes om me får sjå når den blomstrar!

mandag 16. april 2012

Lunefulle april.

Kvar måndags- og onsdagsmorgon startar eg dagen langs kysten vår, i halv 8-tida. Eg har bytta ut treningsstudioet for ein periode, for å oppleva flotte morgonar i nydeleg solskinn og varm god vind - langs havet. Men utruleg nok - til nå har eg tilgode å gå morgonturen min i fint ver. Men ingen grunn til å la vere tur - aldri gale ver, bare galne kler. I dag hagla og snødde det, og like etter skein sola! Jammen er april lunefull. Me ventar veldig på den gode jærvåren.

Snø i spora!

Men plutseleg skein sola!

Godt med ny, tett jakke!
Mykje rart ein kan finna på stranda - eit lite "hjerte" låg plutseleg på stien!

Siste mote frå Paris!

Parisjakken min er ferdig! Eg gler meg alltid over avslutta prosjekter. Denne har tatt litt tid, for plutseleg smatt andre prosjekter framfor i køen. Men nå er den ferdig, jakken som er strikka av det nydelege paris-garnet. Trådane er festa, og dei fargerike knappane er sydde i.Og jammen vart den passelig og. Ei oppskrift med bilde på fransk av ein jakke vart inspirasjonen, og så vart det min eigen vri ut frå det. 10 knappar hadde eg, men brukte bare 6 av dei framme. Dermed fekk dei andre plass på armane, som ein liten pynt. Garnet fann eg i ein nydeleg og spesiell butikk, med utrulege mengdar knappar. Dei blei litt sure då gubben tok to-tre bilder. Det var nemleg ikkje lov! Overskrifta: "Siste mote frå Paris" er ei setning frå barndommen. Me sa ofta det når me hadde fått oss noko nytt!

Flotte knappar

Armepynt

Utruleg mykje flott garn.


Spesiell og flott butikk

Nydelege fargar

søndag 8. april 2012

Hyttepåske

Påsken dreier seg som regel ikkje bare om strikking og påskeharar. I år fekk me utruleg mange flotte soldagar. Det var kjempegodt, sjølv om temperaturen ikkje var særleg høg. Ei heil veke i Ryfylke, me sett utruleg stor pris på det. I år vart det ikkje båtturar, noko var gale med båtmotoren, så den måtte få vere med heim igjen. Men me hadde ein flott dag på fjellet, gode rundar i skogen, topptur til Randåsen og påskekos rundt grua med koking av gule egg og pinnebrød-steiking. I tillegg fekk me montert den nye (kjøpt brukt!) oppvaskmaskinen vår - det var fantastisk. Godt å sleppe store oppvaskar! Påskeafta drog me heim igjen, for å ha litt påske med ungdommane heime og.

Kvitveisen og hestehoven blomsta
 
Påskepynta bord

Kvart år drar me fram nokre av egga ungane malte då dei var små.

Stor stas å sleppa oppvasken.

På toppen av Randåsen - med nydeleg utsikt over fjord og fjell.


Kjekt å ha med minstejenta på tur.
Flotte skiferplater!


Skiturmat

Ein nydeleg dag!

Kveldsstemning - og utsikten frå hyttestova.

Maren blei ferdig med det store vatterte picknikk-teppet sitt.
Utruleg flott!

Påskekos
 
Gule egg


Oppi skogen fann me masse kusymre. Like flotte kvart år.

Koselig frukost i lag med Guro og Sebastian på påskeafta.
Dei var innom ein snartur.

Påskestrikk.

Gode late dagar på hytta gjer rom for strikking. Eg passar alltid på at eg har sekken full av prosjekter. Gubben har som regel og "bilen full" av hytteprosjekt, fjøler, verktøy .... Eg har litt "panikk" for at eg skal gå tom for garn. Og så må eg jo vere forberdet for ulike situasjonar. Bilstrikket er nemleg ganske viktig, me sitt trass alt nokre timar i bilen - og i ferjekø. Påskekrimstrikket må vere klart, då må eg jo ha fokuset på tven og, så det må vere litt enkelt og sjølvgåandes. Solveggstrikket - kan vere litt meir avansert, og frukoststrikket - det er godt å ha god tid til ein kaffikopp ekstra og nokre rundar med pinnane. Dette er kva som har blitt gjort denne påsken:

Teststrikket av eldstejenta sin jakke nærmar seg slutten,
det gjennstår bare litt i halskanten.

Eg likar godt strikkeprosessen underveis,
men jammen er det herlig når ein nærmar seg slutten og,
og me kan i bruk det nye plagget.

Paris-jakken min nærmar seg og slutten -
dette strikket passte godt i bilen og til påskekrimmen.

Påskesokkane vart ferdige før me reiste heim!

Gult er kult

Og så var det den alle minste påskeharen - tynt og putlete, men ferdig blei den!

Dei blei til ein heil familie.
Koselige typar
.
Den gule genseren er strikka i Fritidsgarn.