tirsdag 28. mai 2013

50 år og "linselus"!

Eg har komt til ein milepæl! Eg  rundar i desse dagar 50 år! Det er ganske stort, syns eg. Då eg blei 40, hadde eg ein liten "krise" på førehand. Syns eg var blitt gammal,  og ein del ting i livet var liksom over. Nå blir eg 50 og syns det er flott! Det er ein fin alder, og eg har mykje å vere takknemleg for. Eg er frisk (verke bare ein del innimellom), eg er  spekare enn på lenge, har stort nettverk  av gode venner og familie rundt meg, ein spennandes jobb, og tid til å styre med ting som eg likar godt! Eg føler meg priviligert! Og i tillegg fekk eg ein artig telefon på fredag. Frå Jærbladet - lokalavisa her. Dei hadde høyrt rykter om ein strikka lyktestolpe! Og ein sykkel. Og ville ha ein liten reportasje i avisa. Eg syns det var artig å takka ja til det. Det er jo litt kjekt når andre syns det me gjer er artig. Og i går fekk eg jammen ei heil side i avisa, og ein fin reportasje på nettsida deira!  Og mange koselige kommentarar i etterkant. Særleg skuleungane syns det var stas å lesa om meg i avisa! Me får ofta ein høg status når me jobbar med dei minste! Og i dag vanka det både blomar, gåver og gode ord på jobb! Det var kjekt! Nå gler eg meg til i morgon til den store dagen - eg skal jammen kosa meg. Og så litt bilder frå barndommen - artig å mimre litt.

Heilsides oppslag! Ganske kult!
Minner frå ei svunnen tid  - ei lita fjolle med svarte kner!
Eg trivdes godt på fjelltoppane allerede som barn!


Kjekt med skiturar - i flott utstyr!
Likna visst mest på ein gutt!
Og sånn ser jenta ut i dag!

mandag 20. mai 2013

17.mai og pinse.

Ei fantastisk helg er over, me har akkurat komt tilbake til kvardagen. Men minnene om ei varm og solrik helg sit ennå i kroppen. Det har vore bare heilt fantastisk!! Me drog innover til hytta på 17.mai-kvelden, for vermeldingane var fine. Me hadde hatt ei koseleg feiring med lunsj her heime på nasjonaldagen. Det var kjekt å vakne opp til sol og fint ver og sleppe å bruke lørdagen til reising. Og jammen vart den sol og fint ver. Nesten for varmt. Gradestokken viste mellom 25 - 28 grader, i skyggen. Denne gong bestod hyttelivet av vask av alle gardiner i hytta, oppheng av nymala  hyller og gardinbrett, tur til byttebua (denne gong leverte me mest!) sykkeltur rundt øya,  besøk av Maren og Ivar,  gode måltid, topptur på Halsnøy, ispause på kaien, strikking, hagearbeid og godt slaraffenliv. Alle måltid tok me ute! Reine sommarfølelsen! Og ennå har me heile sommaren til gode, det kjennes godt!

Frukost på trammen.

Tunge tak - på veg til bossplassen.
Me treng nok ei ny overmadrass.

Plommetreet stod i full blomst,
og humlene jobba intens.
Me satsar på ein plommerik haust.

Skogen var full av kvitveis!
Nydelig.

Pizzafest på terrassen

På toppen av Halsnøy

Ein pust i bakken!

onsdag 15. mai 2013

Arbeidshelg!

Då var eg på nett igjen. Ny straumkabel er innkjøpt,
så nå er alt gode greier.
Rart kor avhengige me er av å vere på nett  heile tida. 

I helga var me på hyttetur igjen - det er alltid godt å komme inn til stillheten og roen på Randøy. Denne gong hadde me tilhengar med eit stort stillas med oss, her skulle det nemleg malast. Sidan me tok over hytta for 6 år sidan, har me syssla med tanken på at panelet skulle fått eit strøk med maling. Nå sette me i gang. Hemsen var unnagjort i påsken, og nå var det resten av stova som skulle få eit nytt lyst strøk. Me brukte beis, noko som gjorde at det var nok med eit strøk! Og trestrukturen viste godt gjennom - akkurat slik me ville ha det. Men me måtte balansere høgt oppe under taket, og var ganske støle og stive etter 3 lange maledagar. Men me syns det vart flott! Lyst og fint. Heldigvis fekk eg tid til nokre strikkepausar innimellom - viktig å kunne koble av med andre ting. Og ein koseleg skogstur med niste og gode måltid!

Dette var utgangspunktet
- mørkt og ubehandla panel
.

Stor kontrast - høgt oppe under taket!

Ute var det mykje regn og surt ver
- yppeleg inne-malever.

Handy - Gubben!
Han er jammen ein god arbeidskar!

Godt med mat!

Balansekunst

Tur i skogen

Godt med gresk salat.

Lyse fine vegger
- og ny lampe funnen på Byttebua på bossplassen!
Me fann to slike skomakarlampar!

Jakken min veks
- nå er eg snart like langt som før opprekkinga.

1.arm er ferdig

Haust-halsen - fint å strikke på i bilen.

Eit nytt prosjekt.
Ein jakke i bomull / lin - i dobbelt garn og pinne nr. 6.
Kan gå fort å få ferdig dette!


Det nye garnet frå Sandnes garn.
Virkar godt og mjukt.

søndag 12. mai 2013

Bloggtørke.

Eg ligg litt på etterskudd, pc-en min har streika og eg kjem ikkje på nettet som vanleg. Ganske irriterandes. Ny straukabel er bestilt, så plutselig er eg tilbake for fullt. Ei fin hyttehelg er isllefall over, bilder kjem snart! Så hold ut - snart kjem eit nytt innlegg.