mandag 13. juli 2009

Tur til Preikestolen!

Søndag 12.juni drog me på tur - denne gong heile 4 i bilen! Maren og Matilde ville vere med "dei gamle" på tur! På "tindebestigning" i lag med mange turistar! Lenge sidan me hadde vore på Preikestolen nå! Veret var tåleg bra, litt overskya, men fint turver! Jentene såg me bare snurten av, dei ar betydelig sprekare enn foreldra! Så dei satt fint å venta på oss ute på tuppen då me ankom "stolen"! Kjekt å vere på tur - mye rart å sjå, av fottøy, ryggsekkar o.l.

Spreke jenter på tur!

Terje på tur!

Oi, eg var litt uheldig og vart
hengandes utføre Preikestolen!
Men eg var heldigvis så sterk i armane
at eg kom meg fint opp att!!
Mektig natur!

Sommar i hagen!

Det er sommar - sjølv om det er litt kaldt og surt ute akkurat nå! Men i vannlilje-stampen min blomstrar det! Og i grønnsakhagen til Terje er salaten frodig! Kjekt med slike gode sommarteikn!

mandag 6. juli 2009

Seiltur!

Ein fin laurdag i juli var me så heldige at me fekk vere med Norunn & Livar på seiltur i "Pia"! Det var ein stor opplevelse! Eg har i utgangspunktet vore litt skeptisk til seiling, syns fort det er litt nifst med bølger og vind på sjøen! Men dette var fantastisk flott! Veret var flott, sol det meste av dagen, og godt og varmt! Me seilte innover Ryfylke, rundt Finnøya, og fekk sjå inn til "våre" øyer, Halsnøy og Randøy! Kjekt å sjå "verden" frå andre sida! På Talje gjekk me i land, åt nydelege reker på kaien, og gjekk ein rusletur innover øya. Me var oppom den gamle steinkyrkja og bortom skuleplassen. Kjekt å sjå plassen som ungdommane våre reiser på tur til kvart åt! Ombord i båten igjen koste me oss me jordbær og vaniljesaus, men sola titta ner på oss mellom skyene, og kvelden seig på! Ein FANTASTISK dag!! Tusen takk til vertskapet, me blir gjerna med igjen!!


Terje fekk prøve seg som styrmann!


Damene slappa av i sola på dekk!

Nydelig mat i godt selskap!


Kjekt å ver på tur!
Kveldssola!


onsdag 1. juli 2009

Sølvbryllup!

Me har feira sølvbryllup! Tenk - det er 25 år sidan me gifta oss i Gand kjerka! Det var ein flott dag! Og nå er det 25 år sidan! Me har hatt 25 kjempegode år, fått 3 kjempekjekke jenter, mange gode opplevelsar og erfaringar - og blitt litt vaksnare! Me satsar på 25 like gode og kjekke år vidare!!

Me markerte dagen med besøk av søskena og mødrene våre, og det vart ein koselig kveld! Hodepynten til brura var henta fram for anledningen for å setta ein ekstra spiss på dagen! Og me fekk med oss ein fantastisk solnergang for kvelden var omme!












Lappeteppe!

Lappeteppet som eg begynte på for lenge sidan, begynner å ta form! Kjekt å kjenne at det aukar! Men eg har visst eit problem: eg har ein tendens til å ha mange strikketøy på ein gong, så då tar alle prosjekta litt lenger tid! Men mitt motto er: Eit strikketøy for einkvar annledning! Og nå er teppet så stort at eg ikkje kan ha det i lommen lenger! Bare sjå sjølv!!



Hytteferie!

Så er sommaren komen, og me kan nyta dagane på ein annan måte enn om vinteren. Første veka i skuleferien hadde me på Randøy, på hytta, og når veret er så nydelig som det var denne vaka, ja - då er det bare beste ferieplassen på jord!! Eit måltid hadde me inne, så blei det ute som var staden å vere! Fantastisk veke, med mykje sol, bading i sjøen som holdt nesten 20 gr, jordbær og is, besøk av slekta, krabbefest på terrassen, bål i grua seine kvelden, masse markjordbær, motortrøbbel med påhengsen og god avslapping med bøker og strikketøy! Maren held ennå på med "livsprosjektet" sitt: ein strikka heil dress til seg sjølv! Godt hytte-håndarbeid!" Livsprosjektet"


Tre systre på hyttetur!





Badeliv!

<

Kjekt med litt ungdommar på hyttebesøk!





Båttur - mens motoren virka!


Sommarliv!