tirsdag 30. mars 2010

Gratulera med dagen!

Gratulera så mykje med dagen din, Guro! Nå er du jammen ferdig med tenåringstida di! 20 år - og vaksen! Me er kjempeglad i deg, og stolt av deg! Håpar du får ein fin dag - og eit fint år!
Guro - med eit nytt hekle-prosjekt!
Og gratulera, Guro og Sebastian, med 1 årsdag !

Flinke jenter!

I går hadde me knallgod middag her i huset! Jentene slo til med å lage mat! Og dei likar å prøve seg på nye ting, slik at smakssansane våre får nokre nye og spennandes opplevelsar! Guro lagde vårrullar! Ho har jo vore i Kina! Dei smakte fortreffeleg! Og Matilde lagde minestrone-suppe! Nydeleg smak på det og! Kjekt å ha store jenter som likar å eksprimentere på kjøkkenet! Kokk 1!
Akkurat som i Kina!

Kokk 2!

Nydeleig smak!

søndag 28. mars 2010

Påske og vår!

Det er vår! Og det er påske! Ein god kombinasjon! Det spirer og gror rundt oss, og det er godt å sjå etter ein kald vinter! Når snøen forsvant, stod snøklokkene og krokusen klar for å innta hagen! Velkommen i år og, VÅR! Nå skal me feire påske, litt heime og litt på hytta! Forhåpentleg gode solrike dagar, med turar, eggkoking på bål, påskeegg og påskestrikk i solveggen! Eller koselege turar i regn, inne-strikk og komfyr-koking av gule egg! Påskeegga kan me kose oss med uansett! GOD PÅSKE til dokke alle! Årets fyrste bukett frå hagen!
Kjøpe-tulipanar!
Hage-krokusane!
Nydelig når snøklokkene kjem!

tirsdag 23. mars 2010

Strikkeklubb!

Eg går i strikke-klubb! Eg får lov å vere med 5 flotte, kreative og inspirerandes damer i strikkeklubb! Prosjektet me har holdt på med er FANA-kofte. Og då skal det ikkje vere vanlege, ordinære kofter i to duse fargar! Nei, når desse damene går i gang - er det fargerikt og sprudlandes! Her er mi kofte - i 4 lillafargar! Men bare gled deg til dei andre og er ferdige! Dei er eit syn! Så nå kan me trygt gå ein fargerik vår i møte! Så kan me blomstre om kapp med våren!

mandag 15. mars 2010

Ferdig!!

To strikkeprosjekt er ferdige! Hurra!
Det er utruleg kjekt å planlegge og begynne på nye ting, men jammen er det kjekt å få dei ferdige og ta dei i bruk og! Mi nye strikkekåpe i tjukt garn og på pinne 6 er ferdig, samt Bosnia-tøflene til Maren! Eg nærmar meg botnen i strikke-korga, og har eit mål om å ikkje kjøpe noko nytt garn før eg har brukt opp litt av det som ligg og ventar på å få bli til noko fint! Den lilla kofta nærmar seg og slutten, bare halskanten igjen! Glad dame med ny kåpe!
Varme 16-års føtter!
Og så er eg i gang - med "Regnbueteppet"!
Det blir flott, ikkje sant?

søndag 14. mars 2010

Gratulera med dagen!

Gratulera så mykje med 16-årsdagen din, Maren!
Du er ei fantastisk flott jenta!
Me er kjempestolte av deg!
Me håpar du får ein flotte dag, og eit flott år!
Akkurat nå er Maren ute og øvelseskjører med faren.........
Så nå er det slutt på å ha blåbilen aleine.....
Lykke til med kjøringa!
Eg skal vere med eg og - etterkvart!

torsdag 11. mars 2010

Rogn og snø!

I haust var eg opptatt av rogna! Det var så utruleg mykje rognebær på trea i år! Og kva betydde det? Før i gamle dagar hadde dei mange slike natur-fenomen dei såg på for å spå korleis framtida ville bli. Ei av dei var at når det er mykje rognebær, er det mykje mat til fuglane. Då blir der mykje snø! Eller når det var mykje rognebær, blir det lite snø, for trea kan ikkje bære tungt to gonger. I år har me fått bevist kva som er det rette: mykje rogn gjer mykje mat til fuglane! Aldri har me sett så mykje rognebær, og aldri har me sett så mykje snø! Ganske fasinerandes! Men nå smeltar snøen, det sildrar og renn av vatn - og det er herleg!
Enkelte småspirer tittar opp av jorda, og litt fuglesong er å høyra!
Velkommen vår!