Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

søndag 4. mai 2014

Hytteliv.

Ei god og avslappandes helg er over, og jammen fekk me ei fin helg i Ryfylke denne gongen og. Både Gubben og eg har jobba med ulike ting, eg har førebudd alle foreldresamtalane som eg skal til med denne veka, og Gubben har tatt seg av vedlikehald av diverse hytteting. Alltid noko ein kan fikse på aller vedlikehalde når ein har ei hytte. Men "Ut på tur"- mottoet vårt har me brukt denne helga og. Sykkeltur, skogstur, langs-svadberga-tur, fjelltur, og biltur. Kjekt med variasjon.  Sykkelturen vart rundt øya - 15 km. Skogsturen er vår faste runde i skogen - 4 km. Rusleturen langs svadberga, over brygger og gjerder og gjennom utmark, vart 5 km. Fjellturen gjekk til Skomakarnibbå og er ein knallflott tur på 12 km og mange høgdemeter! Herlig tur! Og bilturen - foruten å kjøre fram og tilbake til hytta - den vart på handletur til Hjelmeland. Koseleg det og. Me kosar oss på tur i lag - sjølv om me av og til må reise aleine.

Kjekt å rusle mellom fine naust.

Masse flotte strandnellikar veks på berga.

Litt planke-trening blandt blomane!

Næringsrike sprekker i berget.

Askeladden på tur:
Eg fant, eg fant...

På veg til fjells -
flott med nye leikne lam.

Flott utsikt over øyane.
Og garden der me parkerte bilen ved.

Terje på Karastykket!
eg torer framleis ikkje snuble meg ut her.

På kanten av stuuuuupet.
Med "Nibbå" like bak.

Me må alltid oppom varden på fjellet like bak Skomakarnibbå,
Høgehei - som er 743 meter høg.
Må alltid tøyse litt!

Utsikt frå skogsturen!
Godt å gå i ulendt terren og
komma seg opp i høgden.
Det var nydelig i hyttehagen denne helga.
Rhododendronane stod i full blomst.

Og plommetreet ser ut til å få masse plommer i år og.

Og mykje  svarte stikkelsbær.

søndag 21. april 2013

Vårhelg

Ei god helg er snart over, me skal snart starte på ei ny arbeidsveke. 40 skuledagar igjen til sommarferien, det er jammen ikkje lenge. 1.klassingane mine tell kor mange dagar me har gått på skulen, derfor veit eg det så nøyaktig. Ingen nedteling til ferien for eigen del her i huset, nemleg. Ei travel veke er over, 18 kjekke samtalar med elevar og foreldre tar litt ekstra tid, men det er kjekt og. Derfor har det blitt lite strikking denne veka..... Men det gjer ikkje så mykje, nye dagar kjem, nye gode øyeblikk der eg kan ta ein pust i bakken og slappe av med strikketøyet. Men helga har vore innhaldsrik: kjekke samvær med gode venner, både fredag og lørdag, elggryte servert her i heimen til jentene våre og svigersønner/kjærastar, sykkeltur rundt Orrevatnet (2.2 mil),  kaffibesøk av mor og syster, litt planlegging av den store 50 årsdagen som nærmar seg med stormskritt, og lørdag vart kjøkkenet omgjort til bakeri! Herleg å bake opp litt som me kan ha på lur i fryseren. Eg er ikkje særleg aktiv på den fronten! Men eg har lite nyheter å vise fram frå strikkekorga denne gong, derfor tok eg meg ein runde i hagen på leit etter våren. Den har jammen vore sein i år. Men HURRA - den kjem i år og!
Nydelig nytt liv!

Krokusane

Når andre sine snøklokker visnar, titter mine opp.
Litt lite sol i ein norvendt hage om våren!

Gjennsynsglede:
Det blir gressløk i eggerøra i år og!

Minner frå i fjor:
Gubben har ikkje hatt tid til hagearbeid i år, han bygg på kyrkja.
Kanskje det blir løk seinare likevel.

Minstejenta er blitt russ.
Ho har brodert bunadssøm på russebuksa.

Ei ny strikkekorg, forresten - fekk lov å bu i stova.
Her ligg strikketøya som er dagleg i bruk!
Eg ønsker alle ei fin arbeidsveke
- nyt dagane
- det er dei som er livet!

mandag 25. februar 2013

Yesterday.

I går var en flott dag! Strålandes sol frå morgon til kveld, og det på ein sundag. Ganske vindstille og - og då frista det endå meir å ta seg ein god tur langs havet. Heldigvis fekk me ein koseleg telefon frå Turleiaren og Sykklisten, så me slapp å trave aleine på tur. Men aleine - me har nesten ikkje opplevd å treffa på så mange andre turgåara langs havet ein sundag! "Alle" var på tur! Hengebru, stiar, rullestein, sanddyner, ein nesten blikkstille sjø, kryssing av kommunegrensa - herleg tur. Og rastepause i le bak sandsynene, med frukt, nøtter, fotoseanse og litt kaffi! På heimturen fekk me sola midt i fjeset - me hadde nesten gløymt kor herleg det kan vere! Våren er ei nydeleg tid!

Mykje folk var ute på tur.
Her er heldigvis god plass.

Turleiaren og dei lilla damene.

Annan kvar - rød og lilla.
Gode venner er godt å ha!

Feistein fyr


Turleiaren hadde kaffi med.
Gubben lot seg friste -
men dette var den største "koppen" me hadde med!
Ein munnfull kaffi.