søndag 29. august 2010

Veke 34.

Me er komne til veis ende på denne veka og, eller til starten av ei ny? I allefall, her kjem vekas "blinkskudd"! Jammen litt travelt å passe på at eg klarer å ta eit bilde kvar dag. Innimellom tenker eg: " Nå skulle eg hatt fotoapparatet med." Men kvar dag er spesiell, det skjer ofta noko spennandes!

Måndag 23.august
Maren satte igang med
kanelbollebaking!
Smakte kjempegodt!

Tysdag 24.august
Idag pøsregna det heile dagen.
Hausten er visst tidleg dette året.

Onsdag 25.august
Foreningskveld:
Kjekt å plukke inn litt blomar frå hagen!
Det var lite igjen - regnet og vinden
i går hadde tatt mykje!
Torsdag 26.august
Epletreet i hagen:
Snart tid for hausting.
Fredag 27.august
På hyttetur,
med korgene fulle av prosjekter!
Lørdag 28.august
Eg plukte alle eplene på treet på hytta!
23 ialt.
Prinsepler!
Sundag 29.august
Kådavågen på Randøy.
Ein god plass å vere.

søndag 22. august 2010

Veke 33

Då var jammen denne veka og over. Ei travel, men kjekk veke - med oppstart på skulen, blomster i hagen og kjekke aktivitetar. Me merkar hausten kryp innpå oss, kveldane vert mørkare og det er eit haustdrag i lufta. Men hausten er ei fin tid. Eg gler meg til haustfargar og stearinlys, vind og ruskever ( men bare litt ruskever)! Men først ein titt på denne veka!

Måndag 16.august
Nye blomster på gamlebordet ved døra.
Tysdag 17.august

Det bugnar av blomster
enkelte plassar i hagen!

Onsdag 18.augustEg fekk meg ny sykkel!
Gubben spanderte!
Lett og god - med 24 gir,
så nå slepp eg å gå av i bakkane!

Torsdag 19.august

Sommaren vart hard for pila mi.
Eg måtte beskjære ho med hard hånd.
Men nå spirer ho igjen!

Fredag 20.august
Eit lite besøk på garnutsalget -
(for å kjøpe garn til farmor)
- resulterer alltid i nokre
nøster som vil vere med heim til meg og!

Lørdag 21.august
De to ripsbuskane måtte plukkast.
Terje tok på seg jobben.
Så nå ligg det 20 liter rips i frysen
og ventar på å bli til gelè.
Kortid? Ein dag med god tid!

Sundag 22.august
Me drog på den årleg ved-turen til Kvinlog,
fekk med oss hengaren full av ved - pluss ein
veldig koselig laurdagskveld med elgbiff
og godt drøs med gode venner! Lurer meg til bilde nr.2:
Bærnota luftar seg i solskinnet!

søndag 15. august 2010

Gratulera med dagen!

Gratulera med dagen, kjære Matilde!
Tenk nå er du 23 år!
Me håpar dagen var flott og fantastisk -
akkurat slik du var på bilde under!
Lykke til med studieåret.



Veke 32

Så var me klare for eit tilbakeblikk på denne veka! Ferien er definetivt over, og eg har begynt på jobb igjen. Men jammen er det godt etter mye" lediggang" i vår og sommar.
Måndag 9.august Måndag er fiskedag her i huset! Nytt av året.
Idag var det sprøsteikt makrell -
med Terje som sjefskokk!

Tysdag 10.august

Kvar morgon eg skal på jobb,
ligg det ein god matpakke og ventar på frukostbordet!
Terje er "sjefskokk"!
Nytt av året? Nei, ein 20 år gammal vane!

Onsdag 11.august Gjennsynsglede med min
barndoms campingsstol!

Torsdag 12.august

Me har ofta flotte solnedgangar i havet!
Fredag 13.august

Rekefest og Svein & Kjerstin i Mandal.

Lørdag 14.augustEg fekk strikt den siste
lappen på "Regnbueteppet".
Nå er det bare kanten igjen.

Søndag 15.august Guro har strikt seg ein jordbærvott!
Knallfin!

Det var denne veka. Følg med, følg med! Plutselig er enda ei veke over!

søndag 8. august 2010

365 bilder!

Veke 31
Eg har begynt på eit nytt prosjekt, eit langt prosjekt, som tar eit år. Dersom eg greier å gjennomføra det! Eg skal ta eit bilde for kvar dag - inspirert av mi nygifte dotter. Nå gler eg meg til mange spennandes opplevingar i løpet av dei neste 365 dagane. Mykje rart kan skje. Det gjeld bare å fange øyeblikka med kameralinsa!

Måndag 2.august
Nytt strykejern - digitalt!
Slutt på analog stryking!

Tysdag 3.august
Stikkelsbærplukking i mor sin hage.

Onsdag 4.august
Eg fekk flotte blomster.

Torsdag 5.august
På hyttetur til Moi for å sy!
Lunsj på terrassen!

Fredag 6.august
Resultatet vart ein fin løpar.
Lørdag 7.august
Ein titt i Guro sin strikkepose!
Eit nydelig sokkepar - strikka på engelsk,
fra tåa og opp. Artig!
Søndag 8.august
Sykkeltyr til Ulstein Kloster.
Det var denne veka. Snart er det veke 32!

mandag 2. august 2010

Ferietid!

Så var ferien omtrent over, og med sitter igjen med gode minner om sommar og sol, brune legger og armar, og mange fine bilder av det me fylte desse feriedagane med. Denne sommaren innholdt mange gleder, som bryllupet til Matilde og Aleksander, og gode dagar på hytta med besøk av familie og venner. Men dessverre døyde far denne sommaren, og me måtte kjenna på saknet og sorga etter ein fantastisk flott far og morfar til ungane våre. Heldigvis har me enormt mange gode minner.
I år holdt me oss til Ryfylke - og prøvte oss på øyhopping! Kjekt å farte litt frå øy til øy. Og ein dag sykla me rundt Sjernarøyane - då fekk me vore innom mange øyer på ein dag! Dei fleste måltida åt me ute på terrassen.
Guro og Sebastian kom og ei helg -
med strikketøyet.
Godt me har fått oss større båt,
sånn at me kunne ha syklane ombord!
Klare for båttur.
På Kyrkjøy.
Nytt av året var ein tube!
Maren likte godt å henga i den etter båten!
Dette gjekk jo bra!

Blåbærpitlarane var på plass i år og,
nett som i fjor.
Besøk av mormor og onkel Per Ove!

Maren og Terje drog på fjelltur,
over Ryfylkeheia , og
var vekke i 4 dagar.Imens koste eg meg med jordbær!
Matilde og Aleksander var på besøk ei helg.
Me lagde yndlingsretten vår - pai.
Men det var dessverre ikkje
yndlingsmaten til Aleksander. Ferietid = strikketid!
Frukost på "Lille Hellas"
Terje er steingal!
Men det blir steinbra!
Kva det skal bli?
Ein frokost-terrasse med skifer på!
Siri kom og på besøk!
Kjempekjekt!