søndag 31. mai 2015

Ferdig! I slutten av mai.

Nok eit strikketøy er ferdig! God følelse. Denne gong er det den lyseblåe lingenseren som er avslutta. Fint holemønster på armar og skuldre gjer at jumperen nesten vart litt elegant. Denne trur eg at eg skal få mykje glede av. Garnet vart funnen i ei  restekorg på Sandnes garn, og var ein blanding av bomull og lin. Håpar det held seg godt, og ikkje vidar seg ut og blir slapsete. Armane fekk vere med til Italia, dei strikka eg på på fly- og togturane. Lett og godt turstrikketøy! Men når eg studerer jumperen på nært hold, ser eg at den er litt skeiv. Akkurat som den har dratt seg litt. Kanskje  det er linen i garnet som gjer det. Jaja, det er jo eit naturprodukt.
Genseren fekk lufte seg ute i sola i dag.

Nå får eg gå inn på kammerset å finna noko nytt garn å setta pinnane i.

Små Prinsessevottar
Eg har og hatt eit lite rask strikkeprosjekt på pinnane, nemleg selbuvottar til den vesle Prinsessa. Kvit og lilla, ein rest i tynn alpakka, vart nok til eit lite par uten tommlar.  Koseleg strikk.


Strandtur - til Jæren Rev.

I dag vart det ut på tur (tur nr.31) igjen - for endeleg vart det ein sundag med fint ver, gode turvenner og god tid. Me stoppte på Reve havn sist tur, så nå var det her me måtte starte. I dag greide me å parkere ein bil i kvar ende av strekningen me skulle gå, så slapp me å gå tilbake. Så kunne me gå med sola i fjeset heile turen. Me gjekk forbi Revtangen, her var det så forferdelig å bu i gamle dagar, at dei slapp å betale skatt. Mange skip gjekk på grunn utforbi her, og folk levde godt av vrakgods og redningslønn. Nå er det ein fin, men forblåst plass.

Strandnellikane er ekstra flotte akkurat nå.

 Men me fann oss ein lun solplass, for me måtte jo ha ein matpause. Denne gong var det rektig godsaker me hadde pakka med oss. Kakerestar frå fin bursdagsfeiring i helga (Ja, eg er blitt 52 år!), gjekk ner på høykant. Me hadde både tallerknar og skeier med, me mangla bare stettglassa :-). Me kaffien vart servert i trekoppar av turkammerat Tormod. Terrenget gjorde ein knekk her på Revtangen, og det vart mykje meir vind nedover Orrestranda. Eit helikopter svirra over hovudene våre, me vinka det me kunne. Sykkelrittet Tour de Fjords gjekk forbi oppe på vegen, så det var derfor dei var der. Så kanskje såg du oss på tv, eller kanskje det var kitarane like ved som fanga oppmerksomheten deira mest?

Ein god gjeng!
Damene er lilla og mennene raude.
Sånn er det alltid på tur!

Nam-nam

Kakefest på stranda!

Eit gammalt seilingsmerke frå 1870.
Det gamle var utslitt og vart erstatta med dette nye.

Ei stilig hytte på Orre.
Det ser ut som ho er sege ner på midten,
men det var nok bare synsbedrag!
Hytta er nok bygd slik!
Me stansa ved Orre gamle kyrkje.
 Det er den eldste bygningen  på Jæren,
bygd i 1250.



Vel heime fann me og litt sol på terrassen.
Då var det godt med ein middagskvil.

 Ein flott tur på 7 km og 2,5 timar ute - med kakepause!

tirsdag 26. mai 2015

Pinsestrikk

Eit prosjekt er avslutta. Pinnane er blitt ledige, og trådane er festa! Det er ein god følelse. Eg kosar meg  undervegs i prosessen, men målet er jo å få eit ferdig produkt som kan brukast. Nå er det kjøredressen til den vesle Prinsessa som kjem til sommaren, som vart ferdig. Eg har nå halde på ei stund med den, men sånn er det jo her i huset. Når eg ikkje har bare eit spød på pinnane om gongen, må det nødvendigvis ta litt lenger tid. Men nå er eg ferdig! Hurra. Nå kan Prinsessa snart komme!


Måtte ha rosa knappar!

Skal nok bli god og varm når
Prinsessa skal vere med ut på kjøretur
i bilsetet sitt.


Påskeharen fekk vere fotomodell!
Det var stas!



Pinse og turliv

Pinsehelga er over,  og me har vore på hytta igjen. Bare oss to ilag - eg og Gubben. Av og til er det veldig godt sidan me er mykje ilag med andre folk ellers. Kvar vår sekk med handarbeid, min full av strikketøy og Gubben sin full av trebitar og verktøy. Og så lenge me har noko å holde på med, kan me kose oss lenge. Men innimellom regnbøyer og snekkring og måltid, måtte me ut å gå litt. Må holde koken! Me har passert halvvegs på turmålet vår, nå har me akkurat gått 30 turar. Og ennå er me ikkje komt til midten av året! Eg er optimisktisk med tanke på måloppnåelse.

Tur nr. 28:
Heståsen på Fister - her hadde me ikkje vore før, men  Skjekkjeåsen som ligg i nærheten har me bestege fleire gonger. Turen vart på 5,44 km - med ein liten pause i "Stubbeåsen".


Ikkje den høgaste toppen me har vore på akkurat.
Men ein topp er ein topp!

Gubben på tur!

"Jeg gikk en tur på stien..."
Spennandes med nye stiar.


 Tur nr.29:
Kådavågen rundt i pøsregn. Det er spennandes å rusle langs sjøen, me likar godt det både på hytta og heime. Terrenget var ganske ulendt, og bare innimellom fant me ein sti. Men jammen gjer det godt for stive og støle kroppar og gå på slike plassar. Artig å sjå "verden" frå ein ny vinkel.


Tur nr. 30:
Eit nytt strekk på "Langs havet"-ruta vår. I dag parkerte me ved Speidarskogen på Hodne og gjekk til Reve havn. Flott irsk-inspirert landskap, med utrulege mengdar strandnellikar, paraglidara som svevde over hovuda våre, og sprettne kyr som var nysgjerrige.

Utruleg flotte strandnellikar!


tirsdag 19. mai 2015

Turliv i Italia.

Me er heime igjen - i kulden! Det var utruleg deilig med ei varm veke  på denne tida av året. Heime er det 4 - 6 grader kvar dag, med regn og hagl innimellom. Å komme ner i varmen til 20 - 25 grader - det var utruleg godt! Mange inntrykk, fine små landsbyar, flott leilighet, gode venner på tur, mange spennandes stiar, togkjøring, gode middagar, knekkebrød med jordbær og philadelfia, bad i Middelhavet, turistar, støvete joggesko, sitrontre, firfirsler, solbriller, frukost på terrassen, og til og med litt regn ein føremiddag...... Me hadde mange fine opplevelsar. 

Me budde i ein liten by som heite Levanto. Her hadde me funne ein fin leilighet, som passte for 4. God plass og med ein flott takterrasse utanfor. Fleire dagar tok me turar ut frå her. Eit lite stykke med toget, og så ut å gå. Desse 5 fiskerlandsbyane som kallas Chinque Terra hadde mykje sjarmerandes å by på. Mellom byane gjekk diverse stiar med ulik vanskegrad. Dei blåe løypene var enklast og nærmast sjøen. Lenger oppe i åsane var der raude løyper som var meir krevandes.  Enkelte av strekka me hadde tenkt å gå, var stengte pga rasfare. Men det var det ingen informasjon om. Ikkje før me hadde kjøpt billettar for å gå på stiane. Då sa dei tilfeldigvis at det hadde vore stengt dei siste 5 åra! Litt utkrøpent - spør du meg. Men dei fekk iallefall seldt nokre billettar! Men dei raude løypene var heilt fine å gå på, sikkert bare litt lenger og brattare. Men for slike "norske fjellgeiter" som oss, gjekk det fint! Me fekk til 4 gåturar, ein dag på bytur til Lucca og litt tid med avslapping og soling i området rundt Levanto. Nå kan me sortere bilder og inntrykk og telle opp kor mange turar det vart denne veka!
Flotte sitrusfrukter
Herlig med stor eigen terasse.

Flaskekost-blomt!
Nå veit me kor dei dyrkar flaskekostar!
Tur nr. 24:
Me tok toget til Manarola, som var den nest sørligaste byen. Her gjekk med nordover til Corniglia. Me fekk ikkje målt kor langt me gjekk, ville ikkje bruke mobilnett og strøm. Men det var ein tur på nesten 3 timar. Mykje stigning oppover i starten, og bratt ner igjen i andre enden. Utruleg sjarmerandes stiar, mellom terrassar der dei dyrka litt grønnsaker, vinranker, sitroner og mange fine blomster!


Hit men ikkje lenger!
Her var den blåe ruta stengt!


Corniglia

Flott utsikt over bratte bakkar.


Tur nr. 25:
Denne gjekk frå Vernazza til Monterosso. Dette var den einaste blåe ruta som var åpen. Her var det enormt med folk, så her vart det mykje køgåing. Men flott tur det og, bratt opp, flatt på midten og bratt ner igjen.  Og eit nydeleg bad i Middelhavet etterpå.

Smale gater og trange smau.

Kø-gåing på smale stiar.
Vernazza

Snart framme i Monterosso.




Tur nr. 26:
Frå Levanto gjekk der ein sykkeltrassè på ein gammal jernbanestrekning til neste by nordover som heite Bonassola. Denne var asfaltert og gjekk gjennom mange tunellar. I Bonassola fann me ein koseleg isbar med nydelege fristelsar. Heimvegen tok me over klippene. Spennandes tur.
Beine vegen.

Nam-nam
 Tur nr. 27:
Den siste turen tok me frå byen vår, Levanto til den første Chinque Terra-byane - Monterosso. Også her var det ganske mykje stigning i starten, litt flatare på midten og bratt ner igjen i slutten. Ein flott tur dette og, som vart avslutta med eit nydeleg bad i havet! Flott kombinasjon.


mandag 4. mai 2015

Tid for ferie!

Me skal på ferie! Midt i semesteret og utanom ordinær ferie. Det har me aldri prøvt før. Denne gong skal me bruke litt ekstra opptjente timar - (ikkje lett å få det til i skulen!) og ei ferieveke og dra på tur like til Italia. Gjett om me gler oss. Me skal fly til Genova, ta tog til Levanto - og traske rundt i området rundt dei 5 fiskarbyane Chinque Terra.  Og kanskje  får me til å besøke nokre av dei andre byane i nærheita som er verdt eit besøk i tillegg, feks Lucca, Pisa eller Firence. Dette vert nok ikkje ein typisk soleferie, men heller ein aktivitetsferie. Men - me er jo ute i sola kvar dag, og målet er å få meg eit bad i Middelhavet kvar dag.  Denne gong reiser me med eit vennepar, og det er me veldig glade for. Lenge såg det ut til at det kunne bli oss to aleine på tur, men etter ein hjerteoperasjon er reisevennen klar for tur, så god som ny! Me gler oss.
Nå må kofferten snart pakkast - gode joggesko, badetøy, strikketøy (må planleggast nøye!) og pass. Laurdag morgen dreg me, og når akkurat tilbake til 17.mai. Så då må bunadsskjortene vere nystrøkne før me dreg:-)


Området ligg nord i Italia


Me skal nok kose oss her.



søndag 3. mai 2015

Langhelg og turliv.

Det blei ein ekstra fridag denne helga - og det er alltid kjærkomment. Denne helga vart det hyttehelg, i lag med Eldstejenta, mannen hennar - og lille Mini i magen. Det vart koselige dagar. Mykje strikk og god mat, lesing og turliv. Me fekk tatt tur nr.22 - runden vår i skogen som me har gått mange gonger før. Kjekt å gå på gamle stiar,  naturen vaknar så fint til live nå om våren.

Vel heime vart det tid til ein strekning langs havet. Dermed fekk me unnagjort tur nr. 23 og. Me er jo godt i gang med å legge kyststripa vår bak oss, og denne gong parkerte med på same stad som sist, ved Regestranda. Men nå la me turen nordover. Først over Sola-stranda, som kanskje er den mest profilerte stranda - like ved flyplassen. Videre gjekk det langs strandsteinar og over mykje tang og tare, over myrete utmark og områder med utruleg mykje boss. Ikkje den finaste delen av kysten med andre ord. Men må ein, så må ein. Me gjekk like til industriområdet i Risavika i Tananger. Her fann me ein fin plass å nyte kaffi og bollar på. Like ved nokre naust.
Ut på tur - aldri sur.

Desse traff me undervegs.

Gubben fant eit båtvrak.
Kanskje han vil ha fleire oppussingsprosjekt?!

Ein bauta
- til minne om eit forlis 1903
.

God gammal årgang.
Frå 1969
.

Kuunge-strand.

Me kom over ein spa-avdeling.

Blonde-rust

Brunnavika i Tananger

Me fann heldigvis nokre blomster.
Strandnellik er nydelig.
Tusenfryd.
Ulempen er at me må gå tilbake same vegen. Totalt vart det 12,5 km. Ein god tur på 3 timar. Kan denne turen anbefalast for andre? Nei, eigentleg ikkje. Det var så mykje rot og boss rundt omkring. Kjem me til å ta turen igjen? Nei! Borestranda fristar meir. Men artig å gå på nye ukjente plasser.