I dag var det tid for tur igjen. Det er litt lenge sidan sist, for
Gubben har vore ein del sjuk i det siste. Men i dag pakka me tursekken
og fann fram joggeskoa og kjørte sørover. Me parkerte ved Orre gamle
kyrkje, og starta der me slutta sist. Fint og flatt terreng, blei ikkje
mange høgdemetrane, men lett og godt å gå. Motbakkane får me ta ein
annan gong. Det veks utruleg mange markblomster langs stien - det blei
mange fotostans. Me passerte mange jorder med yre kviger og kyr, og dei
var ganske forvetne. Me følte oss tryggast nere i steinane. Tilslutt
fann me ein fin levegg, med stolar og bord. Her var det fint å stanse og
ta fram kaffien - og strikketøyet. Det fekk vere med på tur. I dag
gjekk me 8,5 km. Fin tur langs havet. Dette var tur nr. 32. Me er i rute framleis - med ein tur i veka. Bare 20 turar igjen.
Gubben og Gamlå. |
Ein skarve-flokk |
Forvetne kyr. |
Høgaste punkt på turen i dag. |
Nydelig rosa mot det grønne. |
Godt me fann ein fin rasteplass med stolar sånn at eg fekk strikke litt. |
For en trivelig tur, til og med bundingen fikk bli med! Fine markblomster du har fått bilder av!
SvarSlettVi har gått tur med barnevogn, og det var også kjekt!
Fortsatt god sommer!
Klem