onsdag 10. juni 2015

På pinnane akkurat nå.

  Det er visst litt stille på bloggefronten for tida. Mange ting opptar tida, det har blant anna vore ein travel periode på jobb i det siste. Nye 1.klassingar har vore på besøk på skulen, det skal bli spennandes å starte med nye elevar. Men det tar litt krefter, lett å sige ner i sofaen om ettermiddagen - og bli verandes der. Då er det jammen godt eg likar å ha eit strikk i hendene. Akkurat nå er det litt nye ting som er på pinnane. Alltid kjekt med litt nye prosjekt.

Eg strikkar jakke til Gubben. Han syns det var hans tur nå! Og det stemmer nok, med så mykje egostrikking det har vore i det siste. Så nå er eg godt i gang - ein tynn fin jakke i Sisu - glattstrikk men med strukturstrikk på øverset del av jakken. Og ein fin fargerik glidelås må me få fatt i. Eg gler meg til strukturen, syns egentleg det er litt kjedeleg med mykje glattstrikk. Men kva gjer ein ikkje for Gubbens sine jakke-ønsker?

Gråblå Sisu.
Trur det må bli bilstrikk på
helgas lange biltur til Sunnmøre.
Ettekvart blir det klumpe-strikk.
Då vert nok Gubben fin.

Ellers har eg sett i gang med ei pute i lys lilla Smart-garn. Garnet fann eg i restekassen min.Trenger nokre nye puter til hytta, og då er det jo kjekt med litt mønsterstrikk. Eg har funne  mykje god inspirasjon på Pinterest.com



Veldig smale "fletter"
 Og så har eg rota langt neri ei av strikkekorgene og funne fram litt lysegrå Peer Gynt. Dette hadde eg tenkt skulle bli ei kåpe, så ombestemte eg meg og ville heller ha ein skigenser, men nå er kåpeønskene dukka opp igjen - og eg er godt i gang. Flaks eg ikkje kom igang med skigenseren. Litt stort prosjekt, men eg trur det blir fint.

Strukturstrikk i to sortar.

Kjekt å strikke.

Dette er armen,
den hadde eg heldigvis ikkje rekt opp!

Men så er det ikkje fleire prosjekt. Jo, forresten.
Ein hemmeleg pose med hemmeleg innhald.
Blir nok avslørt etterkvart!

4 kommentarer:

  1. Skal si du har mye på gang, og så mange tidkrevende prosjekter! Du kommer nok i mål med stil så effektiv som du er. Kjenner til den skoleinnspurten der alt skal gjøres i løpet av noen få uker. Elever en har hatt i mange år løper ut i sommerferien uten å se seg tilbake, og så er det rydding av skap, kake og is på personalrommet, enda flere dager med rydding og rapporter før feriefølelsen kommer snikende.

    Ønsker deg lykke til! Du fortjener noen timer i sofaen med bundingen på kveldstid.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig kommentar. Ja det er litt ryddearbeid som står igjen før me kan senka skuldrene og sleppa feriefølelsen fram. Men det er ei herlig tid, akkurat i starten på ein lang ferie!

      Slett
  2. Så mye fint du strikker, spennende med den kåpen :)

    SvarSlett