onsdag 30. desember 2009

1-årsdag!

Bloggen min er 1 år i desse dagar! Hurra! Det har blitt 49 innlegg i løpet av dette året! Kanskje ikkje like interessant for alle å lese om, men det er "ting og tang" som hender i livet mitt! Så får me sjå kva det nye året bringer, av nye innlegg, interessante hendingar - og nye strikkeprosjekter eller andre aktiviteter! Så følg med - eg er plutseleg tilbake!!

Romjulsaktivitet: å fylla frysaren med godt bakverk!

Jula 2009

Så er juledagene over - og me sitt igjen med mange gode minner om gode dagar ilag med familien, god mat og koselige julegåver! Me har mykje å vere takknemlige for! God jul vidarer til alle!

søndag 20. desember 2009

4.søndag i advent - og snart jul!

Det nærmar seg jul, og denne helga har me jammen fått flott julestemning ute! Snøen har lava ner - heile lørdagen og natt til søndag! Det er fantastisk flott ute nå! Guro og Sebastian var ute og lagde seg ein stor snømann, men han seig overende! Trøtt type! Ellers har me gjort litt forskjellig denne "skitne-søndagen", Maren lagte snølykter, eg lagte Mozart-kuler, og Terje lagde hjortetakk! Så nå kan jula snart komma!

Tre gode venner!

Julestemningen kom dalandes ner!

Vinterpil!

Snølykter!

Mozart-kuler i lange banar!
Kom og smak!

Hjortetakk værsågod!

Det blei mange!
Ellers eit lite tilbakeblikk til fredagskvelden:
Tre kollegarer prøver å bli englar som svever på ei sky!!

søndag 13. desember 2009

Baketradisjonar!

I går var det lefse-bakings-dag! Me har det som ein koseleg tradisjon at ein av dei siste laurdagane før jul går me til mor og baker lefser! Eg og Rønnaug er "bakstekåner" - og mor tar seg av steikinga! Det er god arbeidsfordeling! Etterpå vert det tid for ein kaffikopp og litt smaksprøve! Kjekt å gjere noko ilag! Rønnaug med kjevle!
Steikesjefen!

Det blei mange! Ein heil haug til kvar av oss!

Smaksprøven! Det blei jammen nokre
potetkaker og - av potetrestane! Knallgodt!

Og då eg kom heim, hadde jammen Terje og svinga kjevle!
Flotte nordlandslefser låg på benken!

torsdag 10. desember 2009

Dagens og gårsdagens juleaktivitet!

I går var eg på jule-godteri-kurs! Det var ein opplevelse! Ei kjekk kollega hadde innbudt til kurs! Og 14 damer stillte villig opp! Her fekk me laga mykje spennandes - både kjente ting(nokre få!) og nye spennandes julegodter! Etterpå vart alt fordelt i små posar, og putta i korgene våre! Terje fekk smake ei brent mandel då eg kom heim! Gjett om me gler oss til juleselskap i år ! Så: har du lyst på ein smak - ta turen til oss!
Det er kanskje lurt å vere tidlig ute?!

Mitt eksklusive julegodt!


Idag var det pepperkaker og pepparnøter - atsjooo -
som stod på programmet!

Det blei jammen god julelukt i huset!

tirsdag 8. desember 2009

2.søndag i advent

Så var allereia 2.søndag i advent over! Matilde var heime denne helga, og fekk den ære av å tenna lysa! Me gleder oss allereie til jul, og til gode dagar der me kan kosa oss i lag. Imens tenner me lys og trekker adventspakkar! (Ps. Kortid vert ungane for store for slikt, tru??!)Det er kjekt med tradisjonar som me har hatt sidan ungane var små!

"Nå tenner vi det andre lys, det står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud vår far, vil senda sonen sin."
Kor blei det av kalenderen, tru?