onsdag 25. mars 2009

Gratulera med dagen!

Mi kjære søster, Jorunn Ingrid, har blitt 50 år! Me reiste til Ulsteinvik i helga for å vere med på feiringa! Det var veldig kjekt! Kjekk helg, med koselig fest og mykje god mat!


torsdag 19. mars 2009

Pilefletting 1 !

Eg har vore på pilkurs! Igjen!
Det er jammen kjekt å laga noko med hendene! Denne gong var det frisk pil me fletta med, og to fine, spennandes trær fekk vere med meg heim! Desse skal spire, og bli eit flott innslag i hagen! Eg gler meg! Og lurer på om det blir vellykka! Dei treng mykje vatn heile sesongen, så eg må nok alliera meg med jentene innimellom slik at dei ikkje tørker inn, eller ta trea med på tur og ferie....... Spørs kva som er mest praktisk!
I allefall - pil er kjekt!!

Japansk øye



fredag 6. mars 2009

Ferdig!

Eit nytt strikkeprosjekt er ferdig! Guro ønska seg Marius-genser, og då må jo bare mora gå i gang med pinnane! Så etter ein flott vinterferie med rikelig tid til å strikka, vart prosjektet avslutta igår kveld, ca kl. 24.00! Må bare, bare MÅ gjer det ferdig! Ein god følelse!!


torsdag 5. mars 2009

Vinterferien 2009

Så var vinterferien over for denne gong, og kvardagen har vendt tilbake til oss! Men me har hatt flotte feriedagar! I år fekk me vere med ein gjeng frå Sandnes på hyttetur til Ådneram, og det vart veldig kjekke dagar! Mykje nysnø, gode måltid, godt drøs og sosialt samvær, god tid til lange skiturar - både på bortoverski og i slalombakken, var ingredienser for desse dagane! Og god tid til strikketøy! Guro sin Marius-genser nærmar seg ferdig! Veret var også flott, fjellet viste seg frå si finaste side på fredagen! Bare sjå sjølv! Eg som hadde smørefrie ski hadde super gli heile veka, mens enkelte andre sleit enten med klabbar eller bakglatte ski! Så smørefrie er tingen! Maren var og godt fornøgd med turen! Når 7 jenter deler eit 6-mannsrom må det jo bare bli kjekt! Me blir gjerna med neste år og! Me gler oss allerede!

På toppen av fjelltrekket! Fantastisk!!


Det klabba litt ......


Maren og Margaret



Vinterfjell!


Rastepause!


Ved Ånenstølen.



Klar for slalombakken!



Ådneram Turiststasjon