torsdag 31. juli 2014

Sommartid!

Det er ferietid ennå, og kviletid på bloggen. Men plutselig er kvardagen i gang igjen, og då kjem det nok nye blogginnlegg om kjekke sommaropplevelsar. Turar, sol, bading, strikking, varme - sommaren har vore usedvanleg flott.
På bytur i Oslo.
Godt med ein strikkepause i sola.

onsdag 9. juli 2014

Ryddesjau!

Eg har ferie. Heilt aleine. Gubben og Veslejenta går på jobb om dagane, og då har eg føremiddagane heilt for meg sjøl. Herlig! I løpet av året styrer me med mange ting. Innimellom kjem me til ting som eg tenker : "dette skal eg ordne opp i i sommar". Men det er jammen ikkje kvar år eg får gjort så mykje som eg tenker. I år har eg hatt to gode veker, med rydding på loftstova - med arkivering av viktige papirer, utviding av bokhylla, sortering av bøker  og oppheng av  gamle bilder.  Eg brukte ein del tid på å finne det beste systemer for bokhylla. Skal det sjå fint ut estetisk, eller skal det vere lett å finne fram?  Eg og Veslejenta var enige om at me ville ha ei fin hylle å sjå på, så då sorterte eg bøkene etter farge! Eg er godt fornøgd, men Gubben lurte litt på koss han skal finne bøkene han kikkar etter.  Men eg får hjelpe til - så finn me dei nok igjen! Så dersom du vil låne ei bok av oss, er det lurast at du veit kva farge boka har! På ryggen.

Syns det blei ganske fint å sjå på!
Første reol inneheld barnebøker.


Nytt arkivskap frå Ikea!

Dei gamle familiebildene har fått ny plass på veggen.
I trappeoppgangen.
Flotte gamle forfedre og -mødre me har.

Ferdig - endeleg!

Den 3.jumperen frå garnlageret er ferdig. Det er ein god følelse. Det har gått enormt tregt nå på slutten, syns visst ikkje det var så kjekt med riller når det var ensfarga. Måtte ta meg skikkelig saman for å strikke den ferdig. Men nå er det gjort: Fantastisk. Eg måtte lage ein åpning framme, med to knapphol, for eg fann så flotte knappar liggandes. Kjekt å få bruke dei og. Nå kan eg sette i gang med patentstrikket og strukturstrikket - dei to påbegynte jumprane som ligg til modning. Og så gler eg meg til å ta fram alpakkagarnet. Det skal bli til noko stripete - jakke eller jumper:-).Men eg må gjere ferdig litt anna først. Ellers går det for tregt, ser eg. Og så var det det lysegråe garnet, med litt kvit og rødt....... eg har visst ein tanke til. Me får sjå. Først litt patent og "jul i juli!"
God og mjuk genser.
Strikka av Mandarin Petit på pinne nr. 6.
Då vart den luftig og god.


Fine perlemorknappar.


Ikkje lett å ta bilde i speilet av seg sjølv.

Modningskorga.

Eg glede meg til denne korga.

Fint Peer-gynt garn.
Tenkte eg skulle strikke meg jumperen nedforbi.
Eit gammalt mønster.

Eg fann dette bilde i
Lev Landliv for ei tid tilbake.

tirsdag 1. juli 2014

30 år - og perlebryllup

I går var det 30 år sidan eg vart Fru Skår. (trudde egenteg det var svigermor som var det, men...) Den 30.juni 1984 gifta eg meg med kjærasten min gjennom 5 år! Altså - me har vore eit par i 35 år. Høyres steingammalt ut! Og i fjor feira med 50 års dag..... Ja - me begynte tidleg!  Me var 16 1/2 år! Men utruleg nok - det var eit godt valg den gongen - og det er det framleis.

Ganske søte -
og anna hårfarge enn i dag, begge to!

Nydelig brudebukett!
Eg hadde nok valgt lik i dag og!
Kort frå naboen -
dei meinte eg hadde vore gift før!
Utkledde for karneval på speidaren,
i lag med barndomsvenninna mi Ingvild.
Me har hatt 30 gode år i lag, opplevd mykje, fått 3 flotte, nydelege, kloke jenter, to svigersøner + ein kjærast inn i familien, fått mange gode venner, vore på mange turar i lag, reist til nye plassar, bestege nokre fjelltoppar..... og sikkert vore litt uenige og sinte innimellom. Men me trivst utruleg godt i lag, koser oss med  mange kjekke aktivitetar.
Frukost på stranda i Kroatia.
Bryllupsdagen hugsar eg som ein flott dag! "Det var så kjekt at eg kan godt gjere det ein gong til," sa eg om kvelden! det vart heldigvis ikkje slik. Sola skein, me hadde laga innbydelsar og bordkort sjølve, me plukka markblomster til pynt i kyrkja, dikta sang - og eg hadde sydd brudekjolen min sjølv. Hadde nok tenkt å kjøpe eller leige ein, men eg fann ingen eg likte. Så då måtte eg gjere ein innsats sjølv. Tøy vart innkjøpt, og mønster. Mor formante meg om å ikkje sette i gang med å klyppe kjolen utan at ho var til stades, men det måtte eg jo sjølvsagt gjere! Det gjekk godt! Kjolen vart fin - slik eg ville ha den, utan mykje blonder og tyll og dill og dall. Eg likte betre det litt enkle.
Eg hadde brodert bordkort!

Den heimesydde kjolen.
Tekkelig og tilknappa!

Eg hadde fått slådde knappar!
Ekstra flott!
I alle desse åra har kjolen hengt i skapet på loftet. Ungane har ikkje fått leike seg så mykje med den, tenkte vel kanskje den kunne komme i bruk igjen seinare. Når jentene var små ville dei gjerne gifte seg i mors brudekjole. Ei av jentene sa ein gong: "Må eg bruke den?" Og heldigvis må ingen det. Men litt artig å ha kjole hengandes då.

I mange år var den for liten, men i år var den plutseleg passeleg. Så då fekk den komme fram i lyset igjen. Den vart vaska, den lukta ganske innestengt, og eg hadde eit lite håp om å lure med meg Gubben og ta nye brudebilder! Me bur nær dei flotte Jærstrendene, og på bryllupsdagen i går kledde me oss ut - eg i kjolen, og han i min fars bryllupsdress! - og kjørte til stranda. Veslejenta var med som fotograf!  Eg fann dessverre ikkje igjen det fine diademet eg hadde på hodet i 1984, så ein stråhatt gjorde nytta! Barføtt i sanden, med vind i hår og hatt, og lått og løye! "Me få ikkje meir moro enn me lagar sjøl!"


Håret litt på snei - og hatten blåst av!

Ikkje lett å hoppe i fotsid kjole!!