Viser innlegg med etiketten Nyttårsfortsett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nyttårsfortsett. Vis alle innlegg

onsdag 30. desember 2015

Ein avtale.

Eg har visst mykje garn..... ennå. 
Eg har jo gjort nokre forsøk på minke garnlageret mitt i løpet av dei siste åra,
men det viser litt lite igjen.
 Det siste halvåret har eg nok handla inn litt og.
Endå eg har strikka mykje dette året. 

Men det er mykje ein kan la seg inspirere av. Eit tantebarn hadde hatt opptelling i sitt garnlager, 
og hadde heile 33 kg nydelig garn liggandes! 
Haha, tenkte eg, så mykje har iallefall ikkje eg! 
Så då gjekk eg i gang å veide opp mitt..... det blei 31 kg.... 
Og jammen har nokre nøster sneket seg inn på Kammerset etter den tid og.  
Så etter nokre kommentarar på Instagram hos tantebarnet,
har me laga oss ein ny avtale.  
Ingen garnkjøp i 2016! 

 Unntak: dersom me manglar eit nøste eller to for å få ferdig eit strikk, må me kjøpe inn det. 
Men det nyttar ikkje å ha kun eit nøste eller to og kjøpe inn 8-9 nye. 

Så nå er motivasjonen på topp, endeleg skal eg ta meg tid til dei fine nøstene som ligg til modning og ventar på å bli til fine  ting.
Dette fekk eg av Eldstejenta til jul.
Garnet er spunnet litt spesielt,
Z-måte istaden for s-måte.
Då passar det ekstra godt til Tvebandstrikking
som eg var på kurs og lærte.

Også julegåve frå Eldstejeta.
Kjekt når jentene deler mora sin interesse for garn....

Dette er og ein gåve frå tidligare.
Skal bli noko fint denne og.

Dette trur eg skal bli eit sjal.
Blir nok eit sytråd-prosjekt.
 
Dette har ligge lenge på Kammerset.
Må bli strikka i 2016.
Kontstrikk er jo og ein spennandes teknikk.

Sokkegarn alà Arne og Carlos.
Blir nok gode, fine sokkar.


Dette er jo bare ein brøkdel av garnet. 
Eg hadde planan om tomme korger i 2015. 
Men eit par naboar sørga for påfyll til bomullskorgene i allefall. 

torsdag 1. januar 2015

Ut på tur - i Friluftslivets år!

Nytt år - nye muligheter. 
Nye dagar, nye opplevingar, nye turar. 
Kva vil dette året bringa, tru? 
Oppturar?
Nerturar?

Me veit heldigvis ikkje så mykje ennå, 
me må bare gripa dagane etterkvart som dei kjem.
Ein dag om gongen.
Det har me øvd oss på denne jula.

I dag var me ute på den 1.turen vår i "prosjekt 52 turar". 
Kva skal til for at ein tur skal reknast med i dette prosjektet?
Me har sett opp nokre kriterier. 
Det er viktig å ha om ein skal kunne sjekke måloppnåing i andre enden av året.

1. Me må ta på turkler.
Då vert det ein litt meir planlagt tur, 
ikkje bare ein rusletur bort til naboen.

2. Det skal kunna passa inn med ein rastepause, eller matpause.

3. Turen skal loggførast.
Det vil seie: lengde, tid og høgdemeter og ver skal noterast ner.


Strendene her på jæren er ein flott plass, som mange benyttar seg av. Store bølger som slår mot land, vind, sand, rullesteinar, grasbakkar, og mange stiar innimellom som viser at her likar folk å gå.

 I dag starta me frå hengebrua på Bore stranda, og gjekk over fleire strender til me kom til Hellestø. Me  snudde  i den nordre enden. Så kan me starta der i frå ein gong - og gå vidare nordover.

Lengde: 9, 27 kilometer
Tid: nesten 2 timar
Høgdemeter: bare 7 i dag
Ver: Overskya og disig. 7 grader.

Det er fasinerandes med bølger.
Det rullar og rullar,
slik dei har gjort i
tusenvis av år.


Turgubben!

Han var så glad av å vere på tur!

Englespor.
Mykje rart ein kan finne på ei strand.

Dagens gladhopp.
Må øve litt meir på splitthopp.

Her snudde me.
Litt meir motvind på tilbaketuren.

Feistein fyr - ute i havet.

Matpakken i dag var kvar vår mandarin!

tirsdag 30. desember 2014

Nyttårs-fortsett

Tradisjonen tro - eit lite nyttårsfortsett er ikkje å forakte! I fjor var det kjøpestopp av garn som var målet. Eg har allereie nemnt litt om det tidligare, men det har gått utruleg bra! Nokre nye nøster har fått blitt med heim, men eg har strikkka opp mykje meir enn eg har kjøpt. Og dei korgene eg har brukt mest av, har vore der med typisk restegarn. Halve nøster, småe nøster, ein liten rest, for gode til å hive. Eg har strikka både badehåndkle og teppe, og fått brukt opp masse. Eg sparte 10 kr pr oppbrukt nøste i Norges-glaset mitt, og jammen har det passert  tre tusen oppi glaset. Det er eg veldig godt fornøyd med. Kammerset er på ingen måte tomt, her er mykje å ta av ennå. Det føles godt å ta fatt i noko av det som har ligge lenge. Nesten som litt god samvittigheit!

I 2015 skal eg heller ikkje kjøpe nytt garn. 
Neste kavalkade skal vise tomme korger!

Unntak: 
Dersom det skulle bli nødvendig å strikke noko til eit nytt familiemedlem, 
då vert det ikkje av restegarn. 

Korleis gjekk det i klesskapet då?
Ikkje bra. Eg har sjeldan kjøpt så mykje nye kler som dette året. Grunn:  ingenting var passeleg lenger. Alt vart for stort. Gledeleg det, men litt kjedeleg med fine kjolar som eg likte godt! 
(Men egentleg er det jo kjekt å kjøpe noko nytt!).
Kanskje nyttårs-fortsette kan få nytt liv dette året?

Me vil gjerne ha meir av dette!

Det siste fortsette for det nye året, er eit som Gubben og eg skal ha i lag. Det er Friluftslivets år i 2015, og det likar me jo godt. 1 tur i veka, det bør me greie.
Då skal me  på 52 turar dette året!
Og dei bør vere litt lenger enn gatelangs i nabolaget. Dersom stranda som eg er så glad i, vert turmål, kan me jo gå litt lenger. Det kan vere ulike turar, noko som krev litt ekstra aktivitet:
 gåtur, fjelltur, sykkeltur, rotur....
Men bilturar og handleturar kan ikkje reknast med...
Me har eit sommarmål om nokre fjelltoppar, det er best me held formen ved like slik at det vert ein god opplevelse.

På toppen!

Tilslutt: 
Eit godt nytt år ønsker eg til dokker alle som er innom bloggen min! Eg føler meg ganske ydmyk over at nokon gidd å lese skribleria mine:-)

lørdag 28. desember 2013

Nyttårsfortsett for 2014.

Då eg var liten, var det viktig å finne på nyttårsforsett. det var jo alltid noko eg kunne bli flinkare til i det nye året. Men me hadde jammen ikkje komme langt uti januar før alle fortsetta var forsvunne i vinden. I fleire år har eg hatt planar om å minke garnlageret mitt. Men lite har skjedd. Det er altfor lett å planlegge og handle inn til nye prosjekter. Men  - i år gjelder det.
I året 2014 skal eg ikkje kjøpe inn noko garn.
Ska tru om fortsettet  forduftar i januar denne gong og? Eg håpar ikkje det, eg er nemleg "gira" på å ta utfordringen og stålsette meg sjølv. Det føles jo ganske godt når ein greier slike ting som ein har sett seg føre. Og - det blir ikkje strikketørke på ei stund! Eg har ikkje vegd garnet, men jammen er det mange posar og korger. Eg kan få mykje fint ut av dei.
Men kanskje eg må ha eit unntak: dersom eg er på ein utanlandstur, og finn noko nydeleg garn som dei ikkje sel heime: då kan eg kjøpe litt!

Så får me sjå korleis dette går - neste års kavalkade kan bli interessant!
Regnbueteppe nr 2 er såvidt påbegynt.
Det må bli ferdig i 2014

2 sortar Kauni.
Litt usikker på kva det skal bli.

Bomullsgarn.
Har tenkt å strikke ein del gryteklutar.

Romjulsstrikk.
Englesang over kjøkkenbenken.
Kan bli til fine presangar.

Julepresang frå Guro-jenta mi.
Kanskje eg og vågar meg på slike?

Tynnt ullgarn

Sokkegarn.
Men egentleg syns eg det er uendelig kjedelig å strikke sokkar.....
Alpakka-restar.
Kan faktisk bli ein fin stripejakke.

Tynn bommulstråd.
Vaskefiller, vaskeklutar........
Det er bare å sette i gang.

Og så var det dunkane under benken.
Fulle av garnposar frå Sandnes garn.
Av og til bur me altfor nær ein garnfabrikk.....

Denne posen har eg fått!

Men - planar er til for å endrast! Mykje kan skje på eit år.
 Plutseleg kjem jentene heim og treng nokre nøster......

PS. Klesskapet mitt er også fullt. Eit år utan nyinnkjøp er planen der og!

Godt nytt år til alle lesara- både nye og gamle!