I året 2014 skal eg ikkje kjøpe inn noko garn.
Ska tru om fortsettet forduftar i januar denne gong og? Eg håpar ikkje det, eg er nemleg "gira" på å ta utfordringen og stålsette meg sjølv. Det føles jo ganske godt når ein greier slike ting som ein har sett seg føre. Og - det blir ikkje strikketørke på ei stund! Eg har ikkje vegd garnet, men jammen er det mange posar og korger. Eg kan få mykje fint ut av dei.
Men kanskje eg må ha eit unntak: dersom eg er på ein utanlandstur, og finn noko nydeleg garn som dei ikkje sel heime: då kan eg kjøpe litt!
Så får me sjå korleis dette går - neste års kavalkade kan bli interessant!
Regnbueteppe nr 2 er såvidt påbegynt. Det må bli ferdig i 2014 |
2 sortar Kauni. Litt usikker på kva det skal bli. |
Bomullsgarn. Har tenkt å strikke ein del gryteklutar. |
Romjulsstrikk. Englesang over kjøkkenbenken. Kan bli til fine presangar. |
Julepresang frå Guro-jenta mi. Kanskje eg og vågar meg på slike? |
Tynnt ullgarn |
Sokkegarn. Men egentleg syns eg det er uendelig kjedelig å strikke sokkar..... |
Alpakka-restar. Kan faktisk bli ein fin stripejakke. |
Tynn bommulstråd. Vaskefiller, vaskeklutar........ Det er bare å sette i gang. |
Og så var det dunkane under benken. Fulle av garnposar frå Sandnes garn. Av og til bur me altfor nær ein garnfabrikk..... |
Denne posen har eg fått! |
Men - planar er til for å endrast! Mykje kan skje på eit år.
Plutseleg kjem jentene heim og treng nokre nøster......
PS. Klesskapet mitt er også fullt. Eit år utan nyinnkjøp er planen der og!
Godt nytt år til alle lesara- både nye og gamle!
Lykke til! Men du blir ikke arbeidslaus, ser jeg. Mye fint garn å ta av, spesielt de Kauni-nøstene falt i min smak. Det er kjempegodt til sjal....
SvarSlettNydelige grytekluter og flotte votter! Her er det lett å la seg inspirere.
Romjulsklem fra Ingunn
Godt å se at det ikke bare er jeg som har store mengder garn i skuffer og skap.
SvarSlettDette året har jeg vært flink å bruke av det jeg allerede hadde i hus.
Så nå gleder jeg meg til å unne meg noen nye nøster fra garnbutikken.