Årets beste gåve:
I allefall den største! Teppe til Veslejenta som drog ut i den store verden (Folkehøgskulen) |
Kva strikka eg mest av:
Det er vel kanskje oppvaskklutar i år og. Strikkar dei innimellom.
Strikketøyet som gav mest glede, eller oppmerksomhet:
Det må vere lyktestolpen. Mange kommentarar, og folk som har til og med vore innom for å ta bilde av den. Og eg fekk ei heil side i avisa. |
Årets herreplagg:
Jakke til Gubben. Den har vore mykje i bruk dette året. |
Årets kjedeligaste strikk:
Ikkje alltid like inspirerande å strikke kopi nr.2. I tillegg rekkte eg den opp når bolen var nesten ferdig. |
Årets designer:
Det må vere danske Anette Danielsen. Ho lagar flotte strikkebøker! |
Beste dameplagg:
Sommarens favoritt - uten tvil. |
Årets tregaste strikketøy:
Desse tok det nesten 2 år på å få ferdige! Utruleg tregt for sånne nydelige vottar. |
Årets beste leiketøy:
Det blei ikkje strikka noko leiketøy dette året!
Årets gladaste sokkepar:
Julesokkar. |
Årets beste sjal:
Dette har eg strikka 3 stk av. |
Årets beste hals:
Denne har eg og strikka 3 stk av. Alle gode ting er 3! |
Årets mest ufornuftige strikketøy:
Uten tvil lyktestolpen! |
Årets søtaste strikketøy:
Ingen søte strikk i år.....
Årets finaste modell:
Det har visst vore eit egoistisk år. Eg har strikka mest til meg sjølv! |
Årets minst brukte plagg:
Tunika - strikka i Alpakka, Sandnes Garn. Eg blei ikkje ferdig mens der var kaldt, og så har hausten vore mild og god. Kanskje den blir god nå i vinter? |
Årets beste strikkekavalkade er fra Tones Ting & Tang! Kjempeflott, og takk for presentasjonen;) Nyt juledagene som er igjen;)
SvarSlettDet var en fin årskavalkade! Morsomt å se tilbake på strikkeproduksjonen på denne måten:)
SvarSlett