Viser innlegg med etiketten uteliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten uteliv. Vis alle innlegg

søndag 16. oktober 2016

Fjelltur

Det er haustferie, og me har vore på fjelltur. Turistforeningen i Stavanger har bygd ei ny hytte i Vinddalen, Skåpet, og den måtte prøvast ut. Det er ei flott og moderne hytte med store vindusflater der naturen blir ein del av hytta, og med 6 små sovehus utanfor sjølve hovedhytta. Me hadde bestilt hytte nr.2,  og det var eit godt valg. Den hadde flott utsikt ned over Soddatjønn.  Haustferien i år har vore magisk med hensyn til vêret , knallflott sol kvar dag, og den klare, kalde lufta som minner om at vinteren er på veg.

Me starta tysdag ettermiddag i lag med eit vennepar, og me brukte litt over ein time og gå inn til Skåpet. Her var ein del folk, men likevel god plass til oss. Mennene diska opp med 3-rettars gourmetmiddag, som Gubben hadde planlagt og førebudd. Det smakte fortreffelig. Ellers ein koselig kveld der mørket senka seg ute, og med panoramautsikt til naturen som går til ro for natta. Hytta kan absolutt anbefalast for andre, lett og godt å gå inn her for både store og små. Onsdag morgon vakna me til same panorama utsikten fra sovehuset. Fantastisk. Me gjekk opp på nærmaste fjelltopp for å få litt utsikt, før me vendte nasane heimover igjen. Det vart eit flott døgn på tur i fjellet.

Kjekt å vere på tur med desse.

Her var "vår" sovehytte.

Nydelig forrett.
Ost, spekeskinke og melon.

Flott hjortebiff med kantarett-stuing og rotmos.
Utruleg kva mennene klarte å trylla fram!

Utsikt frå senga!
Ganske flott.

Morgonstrikkepause.
Mens eg venta på at dei andre skulle vakne!

Eit flott hytte-anlegg.

Utsikt nedover Vinddalen.
Me klatra opp på nærmaset topp.

Fantastisk ver.

Snart klar for å rusle heim.
Må bare strikke ut pinnen først......

mandag 4. april 2016

Langt mot nord!

Me har vore på tur i helga. Langt mot nord! Veslejenta studerer i Tromsø, og då måtte me ha oss ein tur dit. Det var ei aldesles strålandes helg, på mange måtar. Fantastisk nydeleg ver, strålandes sol frå skyfri himmel - mens me visste at det pøsregna heime.... Me fekk mange fine opplevingar der nord, blant anna bli litt kjent i byen, vandre over ei ganske traffikert Tromsøbru med mykje eksos, ta bilder av Ishavskatedralen, cafèbesøk, Polarmuseums-besøk, biltur over til Kvaløya med mykje flott natur, koselig cafebesøk i havgapet, gode timar i lag med ungdommane, nydelig middag, ein fantastisk skitur, frukostbesøk på hotellet og flott flytur heim! Dette gav meirsmak, me kjem nok igjen ein annan gong - og kanskje på ei anna årstid?

På veg nordover.
Ein flott by - på ein flott dag.

Ishavskatedrale i morgonsola.

Typiske Tromsø-motiv.
Brua og kyrkja.

Gubben og Veslejenta.
Kjekt å ha med mor og far på handel.
Blir litt i posane då.

Veslejenta hadde ordna lørdagsgodt til faren!
9 kg kvikk-lunsj og 1 kg Kong Håkon!
Ikkje rart han smilte!
Ut på tur!
Oppover fjellsidene her skal me gå.
Ein liten pust i bakken!
Me måtte lette litt på antrekket etterkvart.
Me hadde feller under skia når me gjekk opp.
Det var utruleg deilig og energibesparandes.
Ein ny opplevelse.

Me nærmar oss målet.
Toppen av Kjølen,
kor ein av radarane til flyplassen stod.
790 m.o.h


På toppen.
Mora med hjelm - for nerturen.
Toppane i bakgrunnen er på ei anna øy.
Ein fjordarm kjem innimellom.
Ungdommane er vante med brattare og meir spektakulære turar.
Men me gamle syns dette var flott.
På toppen bytta me ski.
Då fekk me prøve randoneski nedover!
Ein kjekk opplevelse.

Litt kaldt og blåsandes på toppen.
Då er det godt med ein ekstra jakke i sekken.
Og litt mat og drikke.
Flotte nedoverbakkar.
Ungdommane rant telemark.
Tilbake ved bilen.
Tid for ein appelsinpause og litt sol.
   

Takk for ein flott helg i Tromsø!


lørdag 10. oktober 2015

Haustferien 2015

Det er ferietid, det vil sei: den nærmar seg veldig slutten! Men jammen må eg innrømma at det er kjempegodt når skulen stenger ner ei veke og me får oss ei liten pause. I år tjuvstarta me litt og drog avgårde allereie på fredag før haustferien. Gubben hadde nemleg fått tid for ein skulderoperasjon midt i ferien...... Så då var det fint å vere heime igjen til det. Men ut på tur - kjøretur til Ulsteinvik denne gong, til storesyster Jorunn og svoger Per Ove. Bilen var full av turutstyr og strikketøy,  og vervarslingane såg ganske bra ut. Så fleire fjellturar vart planlagte. Ikkje så ofte me har tatt turen inn i dei Sunnmørske Alpene - det skulle me gjere nå. To flotte fjellturar - laurdag til Molladalen og måndag til Romedalen der Middagshorn og Hallehorn ligg.  Mange høgdemeter rett opp, luftig på toppen, matpause, og balansering på fjell-eggen - flotte og spektakulære opplevelsar.

Dette vart turane nr. 52 og 53, og då nådde me målet vårt om 52 turar dette året.

Klare for tur til Molladalen.
Ganske bratt terreng.

Litt regn i lufta ei stund,
så regntøyet måtte på.
To systre - kanskje litt like?
Kjekt å vere på tur.
Gubben var mest opptatt av å kikke på fjella.

Fantastiske fjell.
Me nøyde oss me å gå opp til foten av desse fjella iMolladalen.
Veslejenta har visst vore oppå 6 av dei.....
Flotte myrull.


Måndag var det ut på tur igjen:
Opp på desse tre skulle me.
Ser litt uframkommelig ut,
men eit skritt om gongen.

Klare for topptur.

Middagshorn til venstre, og Hallehorn til høgre.
Den i midten hadde visst ikkje noko namn.
Pausetid
Snart på toppen av Middagshornet, 1091 moh
Ganske flott å ha vere oppå ei slik fjellrekke.

Flotte haustfargar.
Må ikkje så langt ut.
Her var det bratt ner!
Det såg litt uframkommeleg ut.
Men me fann stien oppå eggen - litt etter litt.

Juhu! Me greidde det!
Ein pustepause på siste toppen.

Heldigvis er ikkje året omme ennå, så det kan ennå bli turar. Men med ei nyoperert skulder trur eg kanskje turane blir i låglandet vidare. Me har ennå litt av kyststripa igjen.

søndag 27. september 2015

Ein fin sundag.

Sundagar er fine. I allefall når me får fint ver og har god tid til litt andre aktivitetar enn vanleg. Hausten har vore travel til nå, i allefall på jobb! Det er ganske altoppslukandes å begynna med 1.klasse. Utruleg mykje som skal lærast for at skulekvardagane skal gli lett og godt. Sofaen med strikketøyet har vore ein god venn på ettermiddagstid. Då er det godt med ein sundag innimellom, med mykje lys heile dagen.

I dag var det Noahs ark som frista å besøke. Den ligg nemleg til kai i Stavanger. Som ein blanding av eit museum og ein kunstutstilling. Den vart slept dit frå Rostock i Tyskland via Kristiansand, og skal vidare til Bergen. Det var flott! Masse folk og ungar, spennandes å sjå.

Etterpå la me turen ut til kysten. Me har nokre småparti igjen innimellom, og i dag tok me turen mellom Viste Strandhotell og sørover, til Kvernevika - der me stansa sist me var på desse traktene. Nå manglar me bare litt i Tananger og frå Hafrsfjord bru til Tananger. Og så sørover frå Obrestad fyr. Heldigvis er ikkje året omme ennå.I sekken hadde me kaffi og vafler - koseleg med ein rastepause på ein knause med havutsikt.


Noahs Ark

Me traff blant anna
Jesus og foreldrene ombord.
Det var flott lagt til.


Så ut på tur.


Me hadde med god niste i dag.





Flott og frodig langs sjøen.
Dette var tur nr. 51. 
Snart er det haustferie. 
Då skal me ta turen til Sunnmørsalpene:-) 
Håpar me.

tirsdag 7. juli 2015

Ut, ut, ut... - og tur nr.33

Me har hatt ei hyttehelg igjen - og det er alltid deilig. Denne sommaren har me ikkje blitt utskjemt med for mykje sol og finver, men faktisk fekk me nyte litt sommarvarme  desse dagane - imellom skodde-disen. Me åt alle måltida ute - det pleier me ha som sommartradisjon. Og hadde god tid til strikking i solveggen. Ekstra kjekt når Veslejenta og er med - med posen full av strikketøy.

Sundag tok me på oss joggeskoa og gjekk på tur. Denne gong vart det bare den kjente runden vår i skogen, den me har gått mange gonger før. Men tur er tur! Alle turar blir telde med. Gubben er ikkje  heilt god i helsa endå, og då passte denne skogsturen fint! Så då var tur nr. 33 unnagjort. Etterpå fekk me tatt årets første hyttebad - med 19 grader i sjøen. Det var veldig deilig!

Kjøtetandes Tettegras!
Skumle planter.

Best å ikkje plukke dei,
då forsvinn kanskje fingrane...

Her har me eigentleg god utsikt -
heilt til Stavanger.
På ein klar dag.
Sola braut gjennom etter turen.


Gubben og Gamlå.
Snart besteforeldre:-)


Fine revebjeller.