Det er haustferie, og me har vore på fjelltur. Turistforeningen i
Stavanger har bygd ei ny hytte i Vinddalen, Skåpet, og den måtte prøvast ut. Det
er ei flott og moderne hytte med store vindusflater der naturen blir
ein del av hytta, og med 6 små sovehus utanfor sjølve hovedhytta. Me
hadde bestilt hytte nr.2, og det var eit godt valg. Den hadde flott
utsikt ned over Soddatjønn. Haustferien i år har vore magisk med hensyn
til vêret , knallflott sol kvar dag, og den klare, kalde lufta som
minner om at vinteren er på veg.
Me starta tysdag ettermiddag i
lag med eit vennepar, og me brukte litt over ein time og gå inn til
Skåpet. Her var ein del folk, men likevel god plass til oss. Mennene
diska opp med 3-rettars gourmetmiddag, som Gubben hadde planlagt og
førebudd. Det smakte fortreffelig. Ellers ein koselig kveld der mørket
senka seg ute, og med panoramautsikt til naturen som går til ro for
natta. Hytta kan absolutt anbefalast for andre, lett og godt å gå inn
her for både store og små. Onsdag morgon vakna me til same panorama
utsikten fra sovehuset. Fantastisk. Me gjekk opp på nærmaste fjelltopp
for å få litt utsikt, før me vendte nasane heimover igjen. Det vart eit
flott døgn på tur i fjellet.
|
Kjekt å vere på tur med desse. |
|
Her var "vår" sovehytte. |
|
Nydelig forrett. Ost, spekeskinke og melon. |
|
Flott hjortebiff med kantarett-stuing og rotmos. Utruleg kva mennene klarte å trylla fram! |
|
Utsikt frå senga! Ganske flott. |
|
Morgonstrikkepause. Mens eg venta på at dei andre skulle vakne! |
|
Eit flott hytte-anlegg. |
|
Utsikt nedover Vinddalen. Me klatra opp på nærmaset topp. |
|
Fantastisk ver. |
|
Snart klar for å rusle heim. Må bare strikke ut pinnen først...... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar