søndag 28. februar 2010

Vinterferien!

Då er jammen vinterferien over for denne gongen og! Utruleg så fort sånne fridagar går! I år og fekk me vere med til Ådneram - og me hadde kjekke dagar der! 35 stk, nokre store og nokre små - me var omtrent i midten! Me gjekk på skitur i kuling, og i finare ver, og me hadde skileik med bl.a aking på bilslange! Me koste oss med kjempegod mat, både nistepakkar og knallgode middagar på hytta! Eg fekk strikka mykje, Terje las mykje, og det var mange kjekke folk å prate med! Me gler oss allereie til neste år!

Ut på tur - i kuling og snøver!

Her e me! Med fine huer på!

Rønnaug og Sigve i løypa!

Ei flott gammal dør
- på ein flott gammal støl!

Godt med ein kvil!
Matpausen er halve turen!

Nam, nam!!

Underhaldning på tur!
Maren koste seg mest i trekket,
men her ligg ho underst på bilslangen!
Kjekk for både store og små!

Guro's strikkekorg!

Eg har tre flotte jenter! Alle tre likar godt å skape noko med hendene sine! Ofta er det eit strikketøy dei tyr til når noko skal lagast! Nå har eg har tatt ein titt oppi Guro si strikkekorg! Der var det fleire prosjekt på gang! Ho er glad i å strikka sokkar, både til seg sjølve og til kjærasten! Det gler eit strikkandes morshjerta når døtrene deler den same interessa som meg! Det syns eg er kjempekjekt!
Matilde strikkar og, ho har laga store mengder med selbuvottar, som både kjente og ukjente har fått gleden av å eiga! Ho har selt ein del av dei på http://www.kanarifant.no/. Maren drar og av og til fram prosjektet sitt , men helst i feriar - ein heildress til seg sjølv er i ferd med å ta form! Plutselig ein dag er den nok ferdig!
Men her er dei siste prosjekta til Guro! Flotte sokkar, bare sjå sjølv!
Eg er jammen stolt av jentene mine!
Flotte sokkar med fletter på!
Dette skal bli "flysokkar" til Sebastian!

Grå sokkar med struktur.

Ein rosa draum...

mandag 22. februar 2010

Skitur på Orrevatnet!

Snøen har lava ner igjen! Det resulterte i nydelig skiføre - på Orrevatnet. Me tok skina fatt, og fekk oss ein flott ettermiddagstur på vatnet! Det minnte nesten om ei fjellvidde! Knalflott! Då me kom tilbake til bilen, var det nesten mørkt! Kjekt med tur! Bare sjå sjølv!




Inspirasjon og magi!

Det er noko magisk me nye garnnøster og gode idear! Etter litt inspirasjon av Kari, mi gode venninne, og eit fantastisk flott regnbuebilde som Matilde har laga, bare måtte eg innom garnbutikken og finne nye garnnøster! Nydelige fargar, eg kjenner det kriblar! Bare må setta igang! Nå skal regnbuebilde gje inspirasjon til regnbueteppe! I dominostrikk, selvfølgelig!

Eg ska begynna i den røde /oransje enden av bilde!
Dette blir nok flott, ska du se!

lørdag 20. februar 2010

Strikkakorga mi!

Eller rettare sagt: korgene! Dei finnst visst i fleirtall! Nå som det nærmar seg ferie, må jo strikkeprosjekta oppdaterast! Dette har eg i gang nå!

Gutta på tur!

Terje var på hytta sist helg - med ein kammerat! I nydeleg vinterver! Dei fekk jammen sjå Randøy frå godsida! No lengtar eg og inn til hyttelivet på "landet"! Imens me ventar på ein annledning til å reise inn, får me nøye oss med å sjå på bilder frå deira tur!


Denne type grøftekjøring
prøvde dei seg på to gonger!
Godt det finns kjekke folk
langs vegane i "grøfte-Norge! "

Snø , endå meir snø - og vinterferie!

Det er eit rart land me bur i! Snøen dalar ned ennå, og det ligg framleis store mengder med snø ute! Dette har me visst aldri opplevd før, med samanhengande snøperiode på over 2 mnd.I allefall ikkje me som er under 50 år! Gjett om me gler oss til våren og nye spirer i hagen som minner oss om at det tross alt snart kjem ein vår! Men flott har det vore, særleg når det er knallsol og stille ute!

Men nå er det vinterferie! Hurra! Ei heil veke fri! Første delen skal me vere heime, og nyte live (iallefall eg som har fri frå jobb!). Men litt rydding og vask av kjøkkenet har eg planlagt å få til! Kanskje litt baking og, og tid til strikketøy? På onsdag dreg me til fjells, i lag med den Sandnes-gjengen me var i lag med i fjor! Me gler oss til det: dagar med god mat, flotte skiturar kos og avslapping om kveldane, med strikketøy, spel og godt drøs!






Ikkje lett å vera fugl idag -
når fuglematen er så nerdynga av snø!!

søndag 7. februar 2010

Nyt livet!

Eg var innom ein annan blogg her ein dag, og fann eit flott dikt! Ei gammal dame på 85 år hadde skrevet det. Det gav meg nokre tankar, om at livet er i dag, me må våge å gjere det me har lyst til, og ikkje bare det me trur at me må gjere!

Hvis jeg skulle leve livet mitt om igjen…
Jeg ville våge å gjøre flere feil.
Jeg ville slappe av.
Være mer smidig.
Jeg ville være mer enfoldig.
Jeg ville ta færre ting alvorlig.
Jeg ville ta flere sjanser.
Jeg ville ha flere opplevelser.
Jeg ville bestige flere tinder
og svømme over flere floder.
Jeg ville spise mer is og færre bønner.
Jeg ville kanskje få flere vanskeligheter,
men færre innbilte.

Du skjønner;
jeg er en av de som har levd fornuftig og sunt.
Time etter time,
dag etter dag.
Jeg har hatt mine øyeblikk,
og hvis jeg skulle fått leve livet mitt om igjen
ville jeg hatt flere av dem.
Faktisk ville jeg ikke hatt noe annet,
bare øyeblikk.
Det ene etter det andre,
i stedet for å leve så mange år
styrt av tanken på morgendagen.
Jeg har vært en av dem som aldri har reist noe sted
uten et termometer, en varmeflaske,
en regnfrakk eller en fallskjerm.

Hvis jeg skulle leve om igjen,
ville jeg reist med mindre håndbagasje.
Hvis jeg skulle leve livet mitt om igjen,
ville jeg gå barbeint tidlig om våren,
og fortsette med det mye lenger utover høsten.
Jeg ville danse mer.
Jeg ville kjøre mer karusell.
Og jeg ville plukke flere tusenfryd.

Nadine Starr, 85 år

Vintertid!

Oi, kor blei januar av? Nå er det allerede langt uti februar, og eg har ikkje prioritert å setta meg ner og blogga! Men betre seint enn aldri! Og kva skjedde egentlig i januar? Det største - og det mesta som skjedde var nok SNØEN! Like før jul begynte det å snø, og så ligg den jammen ennå! Det er jo ganske uvanleg her på desse kantar, men og ganske FANTASTISK! Verda har vore fin og kvit (unntatt vegane då, som vert brune etterkvart!), og kald! Det har vore nesten 20 minusgrader! Ulltrøyene har omtrent grodd fast på meg! Men vanligvis er det jo regn og vind i januar, så snø og sol er jammen å føretrekka!! Ellers går kvardagane slik dei bruker å gjere, med jobb, klesvask, litt trim, besøk hos morfar, koselege foreningskveldar, prat med mormor i telefonen.......Og kjekke strikketøy! Akkurat nå er det visst litt for mange pinnar som stikk opp av nøster i strikkekorgene mine, og som ropar etter å få bevega seg!! Som vanleg!

Vinter i hagen!
Vinter på Jæren!