onsdag 30. mars 2011

Hurra for Guro!



 21 år og vaksen! 
Me håpar dagen  har vore fin -
og ynskjer deg ein god tur til Budapest i helga -
ilag med Sebastian.

søndag 27. mars 2011

Sundag kveld

Eit lite innlegg ein sundags kveld. Nå har me nettopp feira dei  to jentene våre som har bursdag i mars. Kjekt å ha ein samling med familien av og til. Ellers har helga vore fin - med nydeleg ver på lørdagen, flott familiegudstenete i kjerka og avslappandes strikkekveldar. Gubben var på vedahogst på Kvinlog, så jentene i huset regjerte grunnen aleine.


Kom ellers over eit litt artig innlegg om strikking i eit vekeblad. Eg likte godt det eg leste der. "Er du glad i å strikke? Likar du å sy og hekle? I så fall gjer du noko for di eigen mentale helse. Det å produsera noko med hendene er med på å forebyggje depresjon. Det å planlegge noko , og så  gjennomføre det, gjer oss ein følelse av belønning. Dette stimulerer den delen av hjernen som regulerer humør og velvære." Dette hadde ein hjerneforskar og psykolog funne ut, så då er det nok sant! Så det er best me fortsette med handarbeid! Det er kanskje viktigare enn me komme på! 
Ha ei fin veke! 
Ta deg tid til litt pausar med 
noko kjekt innimellom øktene.

søndag 20. mars 2011

Strikk i mars!

Strikking i mars er fint! Målet for dette året er jo å minka garn-lageret i huset. Og eg har begynt! Eg har rydda og sortert i gamle nøster, eg har starta nokre nye prosjekter, eg har lest ein del strikkeblogar på nettet - og blitt inspirert! Siste prosjekt er å strikke tepper til Nepal. Eg kom over ein blogg som norke flotte damer står bak, dei tar imot tepper frå heile landet som folk strikkar - og sender dei til eit sjukehus i Nepal. Her blir dei delte ut til nyfødte babyar. Eit flott prosjekt! Dette vart eg fasinert av! Så herved går oppfordringen vidare til dokke andre og. Eg har funne fram restegarnet mitt. Håpar det blir gode varme tepper av det. Les meir om det her . Eller er det kjekt med ulike strikketøy: eit passar til bilkjøring, eit til bussturar, eit framfor tvèn og eit saman med gode venner.
Bergensturen med "Lille Blå" resulterte i besøk
på alle garnbutikkane me kom over.
Nokre nøster fekk vere med heim.
Dette blir ein løpar til salongbordet -
i dominostrikk. Komt på det sjølv!
Skottlandsgarn: Eit smalt sjal
 Dette skal sendast til Nepal.
12 X 12 ruter blir akkurat passe stort.
Passte fint  som strikketøy på kystbussen heim frå Bergen.
Nepalteppe nr. 2
Litt større ruter og litt tjukkare garn.
Varmar nok godt. Domino er kjekt!
Dei røde rutene skal gjere teppet litt fargerikt.
Påskeegg - inspirert av julekulene som var så populære.
Eg bare auka litt her, og fellte litt der,
så blei dei sånn!

Eit ferdig sjal!
Godt og varmt!

mandag 14. mars 2011

Gratulera med dagen, Maren!

Veslejenta vår er blitt stor. Nesten vaksen!
Nå er det bare 1 år til bilkjøring på eigenhand.
Me håpar du får ein flott dag og eit flott år som syttenåring!
Gratulera med dagen, Maren!


søndag 13. mars 2011

Studentliv.

"Lille Blå" har flytta ut! I helga drog den på tur til Bergen for å bli student-assistent. Hybelliv og mykje trafikk frista framfor eit stille og rolig liv her på bygda! Men det blir nok bare for ein kortare periode. Plutselig kjem nok "Lille Blå" tilbake, fleire erfaringar rikare. Imens får me greie oss så godt me kan utan, til oppdraget er utført. Lykke til i storbyen, "Lille Blå".

I Gamle Nøstegaten fant
den ein fin plass å bu.
Med eigen soneparkeringslapp
i ruta vart den fort etablert som "byas"!
"Lille Blå" fant seg godt til
rette ilag med dei andre!

onsdag 9. mars 2011

Vinterferie.

Endeleg vart det vinterferie for oss og, me som bur på denne kanten av landet! Det er aldri gale med nokre dagar fri. Denne gong var det hytta på Randøy som kalla, og med bilen full av baggasje ( ski, strikketøy, mat, to jenter + oss gamle, turkler ++++) kunne me sjå fram til gode hyttedagar. 5  plussgrader innendørs og masse god ved, gav rette hyttestemningen. To dagsturar til Gullingen med ski, turar i skogen, maling av soverommet vårt, strikketøy og lesestoff , og knallkjekke spelekveldar - gode ingrediensar for kvardags-avkobling. Resten av veka skal nytast heime. Ikkje alle er like heldig som meg og har ei heil veke fri! Nokre her i huset må gå på jobb og skule!

To blide jenter
klare for skitur.
Skitur i nydeleg ver
på Mosvatnet.
I år er det mykje snø i fjellet.
Bare toppen på gjerdene stikk oppforbi.
Godt med ein pause.
Spennandes sollys gjennom skyene.
Tur i skogen.
Utsikt ner til hyttefeltet vårt.
Kveldsstemning
Spelekveld:
"Ticket to ride"
To gode venninner - og kusiner
1.vårtegn. Hurra!
Våren er i anmarsj.
Vinterferiestrikk.
Sjalet i domino er ferdig!
Godt og varmt!