søndag 17. januar 2016

Nytt år - nye strikkerier.

Godt nytt år. Me er visst allereie godt inn i det nye året, og me er i gang med kvardagen igjen etter ein koseleg juleferie. Eg har jo starta det nye året med ny giv for Kammerset og garnlageret mitt. I år skal eg verkeleg kose meg med å bruke alt det fine garnet som eg har tatt i mange gonger, hatt mange planar for  - og lagt på plass igjen. I håp om ein ennå betre idè. Og nå når eg har ein avtale med tantebarn Bjørg må eg jo greie å holde meg til den.

Akkurat nå strever eg for å ikkje begynna på nye prosjekter. Dei påbegynte skal gjerast ferdig først. 1.prosjekt var ny lue. Strikka i litt tjukt garn, Puno frå Rauma på pinne nr. 5 1/2. oppskrifta er frå Sommerfuglen i København. Luekanten er strikka i ein fletteteknikk, det er kjekt å prøve ut nye ting.

I dag fekk lua vere med på tur - den passa perfekt på hovudet mitt, nøye tilmålt som den var. Og med -10 grader ute, var den god og varm. Ein nydelig søndagstur på stranda - med vindstille, snø og sol - det er luksus på Jæren. Då er det ekstra godt å komme inn og finne fram strikketøyet i sofakroken.

Ein nydelig dag


Godt med varme klær i kulden.

Eg strikka først eit pannebånd.
Så plukka eg opp maskar på kanten og
strikka lue-delen i glattstrikk.

Lua funka godt i snøen
måtte prøve å lage snøenglar.
Lenge sidan sist!


Barndomsminne

Ein fantastisk dag.