søndag 30. januar 2011

Veke 4

Årets første måned er snart over, og det er veke 4 og. Det går mot vår og lysare tider. Denne veka har me ant at våren snart skal komme, det er av og til eit litt vårleg drag  i lufta sjølv om gradestokken ligg og penslar rundt 0-talet. Men når sola stikk innom, gler me oss til sol og vår og varme. Veka er over, litt av kvart skjer i kvardagane, og her er vekas oppdatering!

Måndag 24.januar
 Koseleg bokpakke i posten.
Tysdag 25.januar
 Innkjøp av tulipanar.
Vårleg.
Onsdag 26.januar
 Bordet i stova dekka til koseleg venninnekveld.

Torsdag 27.januar
Aprikostreet utfor vinduet.
Gjer det seg klar for våren, tru?
 Fredag 28.januar
Desse søte smånøstene ville vere med heim.
 Ein liten tur innom ein garnbutikk
(skulle kjøpe eit nøste til eit påbegynt prosjekt!)
resulterte i desse.

Laurdag 29.januar
 Tur på stranda!
Kom over ei flott fjør.

Sundag 30.januar
Tur på stranda igjen.
(ryggen verkar ein del, og det hjelper å gå tur)
Hav, himmel og land
i samstemte fargar.

lørdag 29. januar 2011

Gjesteblogging!

Legg ditt liv i hans (Sebastian) hender .


Årets HØYDE-punkt !

I dag var det min(Terje) tur til å få være med Guro og Sebastian på flytur.
Dette var første gangen jeg skulle fly med småfly, og jeg gru-gledet meg.


Været var heldigvis fint nok til at vi kunne fly. Sebastian klargjorde flyet, og hadde en omfattende sjekk-runde før vi kunne lette. Litt vel stor flyplass til det lille flyet, men da blir det enklere å treffe når vi skal lande.
Flott orientalsk teppe på gulvet!
 Turen gikk østover, over Sandnes og til Høle mot Lysefjorden. Mange kjente plasser ble passert på turen. Vi fløy inn Lysefjorden på jakt etter prekestolen, og snudde utover når vi hadde funnet den. Den er ikke særlig stor, der den henger oppe i fjellsiden. Her inne over fjorden fikk vi litt turbulens, så det ble greit å komme seg utover igjen, nå mot Jørpeland og Tau. Ryfylkevegen ble en strek i terrenget, som vi tidvis kunne få øye på. Det lå et fint melis-dryss av snø over fjellene. Det ble fint når sola skein på de.
Prekestol-området.
 Etter litt når vi hadde passert Sørskår og Årdalsfjorden, kunne vi skjelne de ulike Ryfylke-øyene i fjorden, og vi kunne se Randøy ligge rett foran oss. Etter litt tok vi en fin sving over Kådavågen, og kunne bekrefte at hytta fortsatt sto. Nå bar det vestover igjen, over flere av de kjente øyene, men nå fra en litt ukjent vinkel.
Mot Stavanger
Ikke lenge etter så hadde vi Stavanger på vår høyre side, og Sandnes var neste mål før vi fortsatte til Bryne. Vi fulgte Gandsfjorden innover, og så de kjente bydelene passere på høyre side + varden på Dalsnuten til venstre i samme høyde som oss. Mot Bryne bar det en tur over Frøyland/Orstad-kirka før vi passerte høyhuset på Bryne, og vendte nesen (propellen) nordover mot Kleppe og Verdalen, men først forbi Kleppevarden hvor Sebastian bor. Tone sto på terrassen og vinket når vi passerte Kongleveien (kunne ikke se at hun vinket altså)


Og ikke lenge etter så kunne vi se landingstripa på Sola. Landingen gikk rolig og fint, og vi var trygt nede på landjorda igjen etter en flott time i lufta.

Mange takk til Sebastian som førte oss trygt over Ryfylke og Jæren.

Gjesteblogger  Terje

søndag 23. januar 2011

Sommarferien 2011

Me skal til Paris! Me har kjøpt flybilettar, bestillt leilighet - privat (hos ei norsk dame busett i Paris!) og begynt å te oss som franskmenn. Nå kan me bare gle oss. Terje har begynt å lesa oss opp! Han er flink til det! Eg og Maren skal spare pengar. Dei kan komma godt med:-). Kanskje me bør læra oss litt fransk?

Veke 3

Veke 3 er allerede over- nr.4 er snart klar. Dei fer fort, desse vekene, sjølv om det er mørketid og surt vinterver. Men likevel er dei fleste dagane gode, med jobb (til tider litt travel), klesvask, middagar, sosiale settingar, og ikkje minst- ei fristund med strikketøyet.  Litt vanskelig å få tatt eit bilde kvar dag, ser eg. Så denne veka må eg ty til minnene frå i fjor. Då hadde me ein verkeleg flott snøvinter!

Måndag 17.januar
 Strikkekveld i lag med kreative damer!
Mitt hemmelege prosjekt.
Du får nok sjå det ein dag!

Tysdag 18.januar
 Slik hadde me det i fjor,
omtrent på denne tida!
I år er det "vanleg" rogalands-vinter:
regn - snø - regn - slaps - is - regn .......

Onsdag 19.januar
 Då eg gjekk heim frå skulen, gjekk akkurat sola ner!
Eg nådde såvidt dagslyset!

Torsdag 20.januar
 Frost igjen - kulegrana vår.
Spennandes mønster.

Fredag 21.januar
 Litt blå himmel:-)

Lørdag 22.januar
Vår kjære svigerson blei 23 år!
Gratulera så mykje med dagen!
 Me gjekk skoddetur på stranda!

Sundag 23.januar
Tunikaen tar form!
Gler meg alltid til eit prosjekt er ferdig.

Ny veke - nye muligheter!
Ta ein titt då og!

søndag 16. januar 2011

Veke 2

Veke 2 er allereie over - og her er vekas "blinkskudd".

Måndag 10.januar
Pila har fått behalde julelysa på ei stund til.
Lyser opp ein mørk måned!
 Tysdag 11.januar
 Bake-ria slo til.
Nybakte polarbrød smakte kjempegodt til kvelds!

Onsdag 12.januar
 Ein av dei mange orkidèane me fekk
 i sommar har komme med nye blomar.
Kjekkt å føle ein har grøne fingrar.
Torsdag 13.januar
 Køkjøring i Stavanger - midt i "rusjen".
Glad eg slepp dette til kvardags.

Fredag 14.januar
 Me kom heim til ferdig lasagne-middag:
Guro - student hadde laga!
Lørdag 15.januar
 Ein tur til garnutsalget!
Garn til farmor - ho strikkar fine håndkler!
Sundag 16.januar
Årets første strandtur - i regn og vind!
Herleg.

Fann ein liten rest av ei snøfonn.
Her var godt strødd!


søndag 9. januar 2011

Strikkekorgene mine.

Eg har ein last her i livet: eg lar meg veldig lett fasinere av garn! Flotte fargar, mønster..... det er lett å la seg rive med. Nyttårsfortsettet mitt dette året, er å bruke ein del av garnet som bur i dette huset. Målet er å ikkje kjøpe noko nytt på ei stund. Med å lage eit blogg-innlegg om emnet, føler eg det blir meir forpliktandes. Nå når fleire kjenner nyttårsfortsette mitt - må eg jo legge godviljen til for å greie det! Ein liten titt i alle strikkekorgene viser visst at eg har nok å gjere - lenge! Her er litt av det som er i gang, eller under planlegging. Så får me sjå seinare i år kor tid det vert fullført! Eg likar nemleg å ha mange strikketøy samtidig. Så derfor tar nokre litt lenger tid.  Me må jo vere forberdet til einkvar situasjon: eit strikketøy til bilen, eit i forening, eit til tv-titting, og eit avansert  til fristunder aleine!
 Min lilla tunika i lin begynner å ta form
 Dette skal bli ein grå tunika!
 Siste innkjøp i 2010:
Garn til ein fin vest.
 Lappeteppe - eit gammalt 2010-prosjekt.
Bør bli ferdig i 2011!
 Islandsgarnet - nye vottar er under planlegging!
Kjekke å ha som presangar.
Skottlands-garnet:
skal bli til sjal eller skjerf
 Restegarnet etter regnbue-teppet.
Det er nok til eit teppe til!

Litt forskjellig garn - både til
 lommetøfler og oppvaskklutar.
Hemmelege prosjekter!
Romjulskjøp:
Til jul skal me ha nytt teppe under juletreet!
(eg sa ikkje årstall, men me satsar på 2011)

Har eg mykje å gjer?
Her er det bare å bretta opp armane,
koke ein kopp te, innta godstolen - og kose meg!
 Godt nytt arbeidsår!

Veke 1 - år 2011.

Årets fyrste veke er over, det er sundag og tid for blogg-innlegg. Det at me føler tida fyk av gårde, er kanskje noko som aukar med åra. Eg syns me stadig øver oss i å skrive nye årstall. Men tjue-elleve er i gang, dagane kjem til oss på ny kvar morgon, og det er vår oppgåve å gjere dei gode! Her kjem eit glimt frå veka som var!

Måndag 3.januar
Eldstejenta sette i gang eit kjøkken-prosjekt:
Appelsinmarmelade av blodappelsiner!
Spennandes.
Tysdag 4.januar
 Romjulsstrikk!
Matilde som snart skal vere 5 veke på
 Svalbard ønskte seg ein ullbukse,
omtrent som dei gode buksene frå barndommen.
Då måtte pinnar og garn (frå lageret mitt under senga) fram i ein fart!
Onsdag 5.januar
 Terje har fått seg ny telefon,
og fekk knallgod hjelp av Guro for å
synkronisera, diggidera, og etterkvart kommunisera!!
Godt me har glupe data-ungar i hus!
Torsdag 6.januar
Julegjestene våre drog heim til leiligheten sin i Bergen.
Reisemåte denne gong:
Ein kjempegrei svigerfar som likar å kjøyre bil.
Fredag 7.januar
 Litt vår i stua.
Nå gler me oss til lysare tider!
Lørdag 8.januar
Farmor feira 86-års dagen sin.
Smørbrød, marsipankake, presangar,
og familie på besøk!
Sundag 9.januar
Liljene som gubben kom heim med
har begynt å spretta ut.
Nydelig!
Kjekt å få blomster av og til.