søndag 28. november 2010

Veke 46.

Ei veke er over - og jammen nærmar me oss slutten av dette året og. Dagane går fort, innimellom rekk me ikkje få med oss så mykje av dagslyset eingong. Mørketida er begynt i Konglevegen 15, nå skin ikkje sola ner på huset/ eiendommen vår før i februar/mars. Så slapp me iallefall bli minna på vindua som skulle vore vaska!
Som vanleg ei veke med store og små hendingar - eg øver meg på å oppdage dei små tinga som
gjer ein dag spesiell!
Her er vekas utvalgte - denne gong måtte eg innimellom bruke to bilder for å best beskriva dagen!

Måndag 22.november
 På veg heim frå jobb - månen var stor og flott.
Eit fantastisk syn!
 Gubben diska opp med fiskemiddag -
som han har gjort kvar mandag denne hausten.
Torsk med steikt spansk pølse!
Ganske avansert etterkvart- og knallgodt!

Tysdag 23.november
 Guro slappa godt av med strikketøyet!
 Nydelege selbuvottar!
Eg gler meg over at døtrene mine likar å strikke.

Onsdag 24.november
 Det er kalde dagar ute,
 men morgonturen til stranda blir ikkje sløyfa for det.
 Luksus i kvardagen:
Tur frå kl. 8.30 - 9.45
God, varm dusj,
ein god kopp te - og strikketøy -
før eg går på jobb til kl.11.00

Torsdag 25.november
 Knekkebrød-baking.

Fredag 26.november
 Det går framover på loftet:
Golvet er ferdig og kjempefint!

Lørdag 27.november
 Nesten ferdig islandsjakke!
Manglar bare glidelås.
Skal bli godt nå når det er så kaldt!

Sundag 28.november
1.søndag i advent
Julestjerna er på plass.

søndag 21. november 2010

Veke 45.

Då var eg klar igjen, det er sundagskveld - og tid for oppdatering. Me har akkurat komt heim frå mor sin 82-års-dag. Kjekt med eit selskap i mørketida! Me er heldige som har ein stor familie å vere i lag med, med både tanter og onklar og syskenbarn!
Veka har som vanleg vore innholdsrik - med store og små opplevingar. Eit av høgdepunkta var nok Åpningssermonien på Vågen, skulen til Maren, med eit hav av forestillingar samtidig. Kjekt å sjå ein ny, flott skule. Ellers kan nemnast: 5 trimøkter denne veka og, Ikeatur med baderoms-kjøp, husgruppe i lag med gode venner, julemesse med fiskedam for dei små, besøk av kjempegode venner på lørdagskvelden!
Så - ta ein titt!

Måndag 15.november
 Kjekk julebok i posten!
Her måtte pinnar og nøster i sving med det same.

Tysdag 16.november
Innpakking av småpakkar
til julemessa.
Vår forening har ansvar for fiskedam!

Onsdag 17.november
 Luksus i kvardagen:
Morgentur på stranda!
Nydelig soloppgang.

Torsdag 18.november
 Kjekt blad i postkassen.
Mange gode juletips.

Fredag 19.november
 Kjempeflott konsert med Herborg Kråkevik
- eller kråkebolla som ho kalla seg som barn!

Lørdag 20.november
 Terje la fliser på badet -
men havna dessverre inne i eit hjørne.
Me får ta han ut til neste helg!

Sundag 21.november
 Tur på Borestraen
- ein stille sundag uten bølger!
Ein ny koffert flytta inn til oss!
Eg vant den på julemessa!
Fantastisk - eg som vanligvis ikkje har vinnerlykke!
Nå må me ut på tur!

søndag 14. november 2010

Veke 45.

Veka er over - det er sundag kveld. Det er på tide med eit tilbakeblikk over ting og tang i veka som gjekk. Ei travel veke har det vore, med både ekstra jobbing (eg har vore vikar for meg sjølv!), 14 foreldresamtalar,  komitemøte, trim, legebesøk (nå er eg oppe i 60% stilling), årets fyrste julekakebaking( til julemessa neste helg), og besøk av Matilde i helga.

Måndag 8.november
 Osteskjever til kvelds.
Kjekt med ungdommar i huset.

Tysdag 9.november
 Fine haustfargar i hagen.

Onsdag 10.november
 Tilbud på roser på Mega. 
3 pakkar for 69 kr.
Kjekt!

Torsdag 11.november
 Årets fyrste strikka julekule!
Blir det fleire tru?

Fredag 12.november
 Bakekveld med misjonsforeningen.
Julekaker som skal selgast på julemessa neste helg:
Me unngjekk brannalarmen med eit nødskrik!

Lørdag 13.november
 Tur frå hengebrua på Bore til Sola kommune.
Godt å gå litt.
 Må ha med eit bilde til:
Regnbuen pynta flott opp på himmelen.

Sundag 14.november
Islandsstrikketøyet aukar.
Ny varm jakke er under arbeid -
eg er snart klar for nok ein kald vinter!

Syster = lykke!

Eit lite innlegg til om systre!
Av og til finn ein gode ting å lese i vekeblad, og av og til kan det til og med vere sant. Eg fann eit lite innlegg om systre. Her stod det at "har du ei syster, kan du prise deg lukkeleg. Systre bidrar nemleg til ei god mental helse. Dei hindrer at ein føler seg engsteleg, einsam og uelska. Forskara trur at årsaka er at systre er flinke til å snakke om problem og at dei gjerne tar på seg ei omsorgsrolle." Opphavet til desse orda er visst å finna på http://www.forskning.no/

Så - heldege dei som har systre, eg har jamen to!

torsdag 11. november 2010

Hausttur til Ulsteinvik!

Då var me tilbake frå ei koseleg helg på Sunnmøre. Det har blitt ein god tradisjon det å ha ei systerhelg på hausten. I år var det fyrsta helga i november me drog avgårde. Veret var til og med fint denne gongen, iallefall mens me flaug. Etterpå kom snøen!
Helga blei akkurat så koselig og kjekk som me trudde, med strikketøy, kaffikos, god prat, handletur i både Ålesund, Ørstad og Volda og gode måltid. Gåtur på Gamleeide og langs sjøen på Flø gjorde og godt! Innimellom blei me varta opp av Jorunn - og Per Ove (som og koste seg med damebesøk!) Sundag flaug me om Oslo. Pga forsinkelsar nådde me såvidt Stavangerflyet- for det var og forsinka. Så me var omtrent 4 min i Oslo denne gongen! Fort gjort.
Takk for ei fin helg - systrene mine!
 På kafe i Ålesund.
 Laurdags morgon. Snø ute.
 Frukosttid!
 På handletur i Volda.
 På kafe i Ørsta.
Hos "Fru Sivertsen"
 
 Flott Sunnmørs-kveldssol.
 Sundag gjekk me på tur på Flø.
Her står storhavet på.
 Systrene på tur!
Godt med gode, varme kler.
 Så kom det snøbyger.
Men me gjer oss ikkje så lett!
Sol og snø og fjell.

mandag 8. november 2010

Veke 44 - og innlegg nr. 100!

Innlegg nr.100 - det må vel vere ein milepæl. Det er kjekt med blogg, men eg veit jo ikkje heilt kor mange der ute som streifer innom sida mi. Er det nokon som gidder å lese tru, eller er det bare dataen eg skriv til? Iallefall - det er kjekt å leite etter gode motiv for bilder,og noko må eg jo bruke alle bildene til! Så nå er denne veka over - kos deg med desse "blinkskudda!"

Måndag 1.november
 På veg heim frå trening
- ein bit av regnbuen kom til syne.

Tysdag 2.november
 Det nærmar seg foreldresamtalar.
Kvelden blei brukt til førebuing.

Onsdag 3.november
 Eg har fått lov til å vere med å
utarbeide heimesida til Bore kyrkje.
Kjekt - ta ein titt!
http://www.borekyrkje.no/

Torsdag 4.november
 Kofferten var pakka
- til årets systertur til Ulsteinvik

Fredag 5.november
 På kafe i  Ålesund
Kjekt med ein bytur.

Lørdag 7.november
 Nydelig sunnmørshimmel.

Sundag 8.november
Det kom ein del snø i løpet av helga der nord.
Rosene blomstrar likevel!

torsdag 4. november 2010

Årets systertur!

Hurra! Nå er me snart klare for årets systertur! Kvart november i ein del år, har eg og
 Rønnaug-storesyster tatt turen til Ulsteinvik til Jorunn-mellomsyster! Like kjekt kvart år! Jammen er det kjekt å ha systre! Så nå er kofferten pakka, med julegåver, strikketøy og turkler. Og litt ekstra plass i tilfelle shopingturen gjer resultater! Så nå er me klare for ei helg med nettopp tur, strikk, kaffikos, og godt prat! Sundag kveld er me heime igjen - nye bilder følger kanskje då! Følg med, følg med!