mandag 8. november 2010

Veke 44 - og innlegg nr. 100!

Innlegg nr.100 - det må vel vere ein milepæl. Det er kjekt med blogg, men eg veit jo ikkje heilt kor mange der ute som streifer innom sida mi. Er det nokon som gidder å lese tru, eller er det bare dataen eg skriv til? Iallefall - det er kjekt å leite etter gode motiv for bilder,og noko må eg jo bruke alle bildene til! Så nå er denne veka over - kos deg med desse "blinkskudda!"

Måndag 1.november
 På veg heim frå trening
- ein bit av regnbuen kom til syne.

Tysdag 2.november
 Det nærmar seg foreldresamtalar.
Kvelden blei brukt til førebuing.

Onsdag 3.november
 Eg har fått lov til å vere med å
utarbeide heimesida til Bore kyrkje.
Kjekt - ta ein titt!
http://www.borekyrkje.no/

Torsdag 4.november
 Kofferten var pakka
- til årets systertur til Ulsteinvik

Fredag 5.november
 På kafe i  Ålesund
Kjekt med ein bytur.

Lørdag 7.november
 Nydelig sunnmørshimmel.

Sundag 8.november
Det kom ein del snø i løpet av helga der nord.
Rosene blomstrar likevel!

1 kommentar:

  1. Heia Tone! Flotte bilete du tar, og mykje kjekke ting og tang du tek deg føre! Gler meg til å høyra frå systerturen! Me snakkast:)

    SvarSlett