onsdag 19. mai 2010

Ny utsikt - frå sjukehussenga!

Nok ein gong vart utsikten min - og innholdet i dagane skifta ut! Livet er mangfoldig! Etter nokre dagar med stadig meir verking i isjas-foten min, låste det seg heilt, og det gjekk nesten ikkje an å pusta! Då var det ikkje anna råd enn å ringa etter eit transportbyrå av beste sort! Dei kom - flotte karar med god morfinrus - og losa meg trygt inn på sjukehuset! Prolapset hadde med andre ord forverra seg betrakteleg, og nå vart det bestemt at operasjon måtte til! Her vart eg liggandes frå torsdag ettermiddag til sundag ettermiddag før nokon hadde tid til å skjæra litt i meg! Heldigvis er det gode, dyktige folk som jobbar her! Så etter operasjonen våkna eg opp som eit nytt og betre menneske, verken i føtene er vekke! Fantastisk og hurra!! Etterkvart kunne eg både gå, sitte og kle på meg sjølv! Utruleg korleis slike småting som ein ikkje tenker over til vanleg, blir viktige! Eg er veldig takknemleg for så god og rask betring! Så nå kan resten av våren nytast - nå er det stort sett bare litt vondt i skuren bak! Så etter ein heller laber feiring av nasjonaldagen - er eg heime og stuller og steller! Hurra, hurra, hurra! (Eg fekk ikkje sagt det på 17.mai!!) Kjekke karar!
Utsikt frå 5G -
eg hadde overoppsynet
med legehelikopteret! Eg klarte heldigvis å snappa strikketøyet med meg!
Det går fint an å strikka liggandes og litt forkrøpla!
Eg fekk flotte blomster
både på sjukehuset og heime!
Roser frå jentene mine!


Så langt har reste-lapp-teppet blitt!
Eg klarte visst og å inspirera
to av pleiarane der inne
til å sette i gang med lappeteppe-produksjon!
Det var jo ganske kult!

2 kommentarer:

  1. Ønsker deg riktig god bedring! :-) Godt å høre at du er mye bedre...

    SvarSlett
  2. Fortsatt god betring Tone, må nok ta ein tur snart og sjå om deg eg og:)Liv O.

    SvarSlett