Viser innlegg med etiketten 52 turar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 52 turar. Vis alle innlegg

søndag 15. november 2015

På tur langs havet.

Endeleg har me vore på tur igjen. Nå var det lenge sidan sist. Ein sundag med god tid, tåleg bra ver og ei Gubbeskulder som tåler å traske litt i ulendt terreng igjen - det var ein fin kombinasjon. Me har jo traska langs kyststripa vår, i etappar, og dei fleste av dei har me gått både fram og tilbake. Nå stod det igjen ein strekning frå Tananger havn til Hafrsfjord bru. Det er eigentleg ikkje så langt i frå oss, men likevel hadde me ikkje gått her før. Mykje stein og blankskurte svaberg, og litt lyng og småkratt - tilsaman vart det 1 mil me hadde tilbakelagt! Herleg å vere ute på tur. Litt mat og drikke undervegs gjer og nye krefter.

Ut på tur - aldri sur!

Gubben har spesielt auge for gamle båtvrak!
Nesten sånn var gamlebåten vår og då me fekk den.


Ved sjøbadet ved Myklebust.
Gammalt møter nytt.


Bananpause.


Heldigvis vart det litt surt og kaldt då me tok matpause
slik at me kunne ta på dei gode dunjakkane
me hadde i sekken.

Regnbue.
Sol og regn på ein gong.
Ei lita idyllisk (og sikkert verhard) øy utføre Tananger.

Nå har me gått samanhengandes frå Tungenes som er det nordligaste punktet og til Obrestad  fyr i sør. Me har ennå nokre kilometer igjen før me kjem til Ogna og eit meir knausete område, men året er ikkje heilt omme ennå. Kanskje me rekk fleire turar langs kysten. Det minkar jo på dagslys, så det må bli i helgene.

lørdag 10. oktober 2015

Haustferien 2015

Det er ferietid, det vil sei: den nærmar seg veldig slutten! Men jammen må eg innrømma at det er kjempegodt når skulen stenger ner ei veke og me får oss ei liten pause. I år tjuvstarta me litt og drog avgårde allereie på fredag før haustferien. Gubben hadde nemleg fått tid for ein skulderoperasjon midt i ferien...... Så då var det fint å vere heime igjen til det. Men ut på tur - kjøretur til Ulsteinvik denne gong, til storesyster Jorunn og svoger Per Ove. Bilen var full av turutstyr og strikketøy,  og vervarslingane såg ganske bra ut. Så fleire fjellturar vart planlagte. Ikkje så ofte me har tatt turen inn i dei Sunnmørske Alpene - det skulle me gjere nå. To flotte fjellturar - laurdag til Molladalen og måndag til Romedalen der Middagshorn og Hallehorn ligg.  Mange høgdemeter rett opp, luftig på toppen, matpause, og balansering på fjell-eggen - flotte og spektakulære opplevelsar.

Dette vart turane nr. 52 og 53, og då nådde me målet vårt om 52 turar dette året.

Klare for tur til Molladalen.
Ganske bratt terreng.

Litt regn i lufta ei stund,
så regntøyet måtte på.
To systre - kanskje litt like?
Kjekt å vere på tur.
Gubben var mest opptatt av å kikke på fjella.

Fantastiske fjell.
Me nøyde oss me å gå opp til foten av desse fjella iMolladalen.
Veslejenta har visst vore oppå 6 av dei.....
Flotte myrull.


Måndag var det ut på tur igjen:
Opp på desse tre skulle me.
Ser litt uframkommelig ut,
men eit skritt om gongen.

Klare for topptur.

Middagshorn til venstre, og Hallehorn til høgre.
Den i midten hadde visst ikkje noko namn.
Pausetid
Snart på toppen av Middagshornet, 1091 moh
Ganske flott å ha vere oppå ei slik fjellrekke.

Flotte haustfargar.
Må ikkje så langt ut.
Her var det bratt ner!
Det såg litt uframkommeleg ut.
Men me fann stien oppå eggen - litt etter litt.

Juhu! Me greidde det!
Ein pustepause på siste toppen.

Heldigvis er ikkje året omme ennå, så det kan ennå bli turar. Men med ei nyoperert skulder trur eg kanskje turane blir i låglandet vidare. Me har ennå litt av kyststripa igjen.

søndag 27. september 2015

Ein fin sundag.

Sundagar er fine. I allefall når me får fint ver og har god tid til litt andre aktivitetar enn vanleg. Hausten har vore travel til nå, i allefall på jobb! Det er ganske altoppslukandes å begynna med 1.klasse. Utruleg mykje som skal lærast for at skulekvardagane skal gli lett og godt. Sofaen med strikketøyet har vore ein god venn på ettermiddagstid. Då er det godt med ein sundag innimellom, med mykje lys heile dagen.

I dag var det Noahs ark som frista å besøke. Den ligg nemleg til kai i Stavanger. Som ein blanding av eit museum og ein kunstutstilling. Den vart slept dit frå Rostock i Tyskland via Kristiansand, og skal vidare til Bergen. Det var flott! Masse folk og ungar, spennandes å sjå.

Etterpå la me turen ut til kysten. Me har nokre småparti igjen innimellom, og i dag tok me turen mellom Viste Strandhotell og sørover, til Kvernevika - der me stansa sist me var på desse traktene. Nå manglar me bare litt i Tananger og frå Hafrsfjord bru til Tananger. Og så sørover frå Obrestad fyr. Heldigvis er ikkje året omme ennå.I sekken hadde me kaffi og vafler - koseleg med ein rastepause på ein knause med havutsikt.


Noahs Ark

Me traff blant anna
Jesus og foreldrene ombord.
Det var flott lagt til.


Så ut på tur.


Me hadde med god niste i dag.





Flott og frodig langs sjøen.
Dette var tur nr. 51. 
Snart er det haustferie. 
Då skal me ta turen til Sunnmørsalpene:-) 
Håpar me.

søndag 30. august 2015

På tur igjen.

Ut på tur igjen! Sundag, god tid, fint ver, Jærkysten kalla.  Joggesko, shorts, flaske med vatn i, og litt frukt i sekken, og så var me klare. Me må stadig kjøyre lenger for å parkere bilen, sidan me som oftast går sørover. I dag parkerte me ved  Nærlandparken, og gjekk ytterst ved havet, forbi Hå gamle prestegård og til Kvassheim fyr. Her hadde me pause, før me gjekk tilbake til bilen. Me tok nokre snarvegar på heimveg, men turen vart på 9,3 km. Ein flott ettermiddagstur.

Sidan eg hadde hoppt over tur nr. 45, 
så må denne få det nummeret.
Men snart er me klar for tur nr. 51!

Flott natur.


Ved Hå gamle Prestegård.


Ved Obrestad fyr fekk me
flott paragliding-oppvisning.
Fasinerandes.


Kornet er snart modent!

 

lørdag 29. august 2015

Meir tur - nr.47 og 48

Me nærmar oss målet - 52 turar i løpet av 2015. Men  i det siste har me hatt litt travle dagar - med oppstart for 20 nye 1.klassingar på skulen for meg - og ny jobb for Gubben. Og nå når me har blitt besteforeldre,  så er me jo ganske gamle - og treng å kvile oss litt innimellom! Kanskje! Eller tida har ikkje strukket til for dei lange utskeielsane. Jammen godt me fekk gått litt i sommar. Men me er nok snart i gang igjen.

Me litt småturar har det blitt - og tur nr. 48, 49 og 50 er unnagjort. Men eg trur jammen me har hoppa elegant over tur nr.45..... Den må me ta neste gong!


Tur 48: Stranda vår - 5 km.
Ingen bilder....

Tur 49: Langs sjøen på hytta.
4,5 km

Tur nr. 50 : Hafrsfjord - Kvernevik
 6km i pøsregn.
Minnesmerke over Aleksander Kielland-plattformen.
Brutte lenker


Det blei ganske vått etterkvart


Nydeleg lyng langs ruta,


Kjekt å lufte seg litt - i all slags ver.

onsdag 12. august 2015

Sykkel og strand

Nye turar - det er jammen godt å ha sett seg ein mål, då er det lettare å komme seg ut. Her ein ettermiddag med fint ver, lokka eg Gubben med på årets første sykkeltur - ilag. Andre år har me tråkka rundt mange mil, men i år er han visst mest opptatt av seiling. Dermed har eg hatt sykkelturane i fred. Men denne dagen var han med - og me tok runden rundt Sola flyplass. Flott tur, mest sykkelstiar, ein del motvind, og godt å komme heim til ein god og varm dusj. Me er jammen heldige som har muligheten til å få oss ein luftetur i ny og ne.   Tur nr. 46 vart dermed 32 km på sykkel.

Flystripa i bakgrunnen.
Godt å ha klatretrøye på når ein syklar rundt på flate Jæren.
Mi er innkjøpt i Nice - på "Tour de France" i 2013.
Passa godt når eg sykla min eigen "tour in France"
 Tur nr. 47 gjekk langs kystlinja vår. Turen gjekk frå Viste strandhotell til Tungenes fyr, og er det nordligaste strekket på ruta. Denne strekningen har me gått ein gong før, men ikkje i år. Me har jo lyst å ha heile strekket dette året. Så då var det ut på tur på ny. Me greide å lokke syster Rønnaug og svoger Sigve med oss, det er kjekt med turlag. Oppholdsver, ein del vind, blomsterfryd langs ruta, mange gamle trebåtar og naust som Gubben måtte sjekke opp, god nistemat, gode samtalar og 13 km tilbakelagt. Me gjekk på rullestein, sandstrand, kulturbeiter, stiar og mange svaberg - ganske variert løype. Denne gong slapp me å gå begge vegar, me hadde planlagt godt og sett ein bil i kvar ende av rutetrasèen.



Lyngen hadde begynt å blomstre.
Det er snart haust.


Målet for turen -
Tungenes fyr