onsdag 12. august 2015

Sykkel og strand

Nye turar - det er jammen godt å ha sett seg ein mål, då er det lettare å komme seg ut. Her ein ettermiddag med fint ver, lokka eg Gubben med på årets første sykkeltur - ilag. Andre år har me tråkka rundt mange mil, men i år er han visst mest opptatt av seiling. Dermed har eg hatt sykkelturane i fred. Men denne dagen var han med - og me tok runden rundt Sola flyplass. Flott tur, mest sykkelstiar, ein del motvind, og godt å komme heim til ein god og varm dusj. Me er jammen heldige som har muligheten til å få oss ein luftetur i ny og ne.   Tur nr. 46 vart dermed 32 km på sykkel.

Flystripa i bakgrunnen.
Godt å ha klatretrøye på når ein syklar rundt på flate Jæren.
Mi er innkjøpt i Nice - på "Tour de France" i 2013.
Passa godt når eg sykla min eigen "tour in France"
 Tur nr. 47 gjekk langs kystlinja vår. Turen gjekk frå Viste strandhotell til Tungenes fyr, og er det nordligaste strekket på ruta. Denne strekningen har me gått ein gong før, men ikkje i år. Me har jo lyst å ha heile strekket dette året. Så då var det ut på tur på ny. Me greide å lokke syster Rønnaug og svoger Sigve med oss, det er kjekt med turlag. Oppholdsver, ein del vind, blomsterfryd langs ruta, mange gamle trebåtar og naust som Gubben måtte sjekke opp, god nistemat, gode samtalar og 13 km tilbakelagt. Me gjekk på rullestein, sandstrand, kulturbeiter, stiar og mange svaberg - ganske variert løype. Denne gong slapp me å gå begge vegar, me hadde planlagt godt og sett ein bil i kvar ende av rutetrasèen.



Lyngen hadde begynt å blomstre.
Det er snart haust.


Målet for turen -
Tungenes fyr



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar