Noko av det eg har strikka inntenst på i sommar, er Gubbe-jakken. Eg syns kanskje eg av og til er litt egoistisk når eg bare strikkar til meg, så nå var det Gubben sin tur. Me fann ein fin jakke i eit litt gammalt Sandnes hefte for menn, og kjøpte inn passandes garn. Nydelig jeansblå i Sisu. Litt tynt garn, og derfor tok det litt lang tid. Men nå er den ferdig - etter litt småjusteringar undervegs. Måtte strikke den litt lenger + halskanten 2 gonger. Men sånn høyrer med. Me skal vere fornøyd - både eg og brukaren. Me fann fargerik glidelås - og på andre i-syings-forsøk, blei den og fin. For at ikkje glidelåsen skulle vere så prangande på baksida, strikka eg eit tynt belegg og sydde på. Fann eit tynt ullgarn i lik farge (alà sytråd). Så nå er Gubben fornøy - og då er eg og det!
|
Gubben i Eldhuset. Her likar han seg godt! |
|
Tynt belegg på innsida. |
Den jakken var kjempefin, satt som eit skudd! Imponerande fint arbeid du har gjort, spesielt med glidelåsen.
SvarSlettDen blei prikken over iien.
Tusen takk! Eg trur denne jakken blir mykje i bruk:-)
Slett