Nå er kvardagsrutinene på plass igjen, det er bare oss to besteforeldre som har fast adresse her i huset igjen, Veslejenta er reist til Tromsø for studentliv, Reisejenta har starta i ny jobb - og Eldstejenta kosar seg heime i permisjon med vesle Tordis.
Oppi strikkekorga ligg nokre nye prosjekt. Eg har vore ganske flink i sommar og strikka ferdig noko av det halvferdige, og det likar eg godt. Av og til tenker eg "at så greit det hadde vore med bare eit strikketøy!" Men kva skal eg då gjere i bilen, eller når eg ser TV og ikkje orkar å sitte i heilt i ro med hendene, eller når me er mange i lag som kosar oss med spøtet, eller når eg er ledsager for ei gammal mor og me må bruke mykje av dagen til venting? Eg er visst avhengig av fleire påbegynte strikketøy - eit til kvar anledning. Så får det heller vere at enkelte ting tar litt lenger tid.
Akkurat nå er det dette eg har i strikkekorga:
Mest ego-strikk - og litt mormorstrikk.
Mest ego-strikk - og litt mormorstrikk.
Kåpa mi veks. Men litt stort og varmt å strikke på i sommar. Nå er det fint frukoststrikk. |
Eg likar godt mønsteret. Kanskje det kan brukast til ei pute og. |
Ny Arangenser. Eg har alltid hatt ein lys arangenser i skapet. Akkurat nå manglar eg ein, då er det på tide med ein ny. |
Blåveispiken. Denne kosar eg meg med når eg er aleine. Eg likar ikkje å vere for opptatt av spøtet i sosiale settingar. Må jo ha tid til den gode praten då. |
Spennandes med mykje mønster. |
Litt mormorstrikk. Vesle Tordis skal få seg ein heil dress. Blir nok god og varm i vinter. Garn frå Pickles. |
Restegarnsprosjekt: Nytt håndkle. Kjekke å ha som presangar. Og gode å bruke på kjøkken eller gjestetoalett. Litt rare fargar - ikkje heilt "mine". Eg er nok ei meir blå-grønn-lilla-dame. |
Nye nøster - i nydelege haustfargar.Farleg å gå innom Sandnes garn sitt fabrikkutsalg. Her finn eg ofta fine nøster. Desse blir nok til fleire håndkle. Desse låg i ei restekorg. Rowan-garn |
Eit lite, hemmeleg prosjekt: Meir riller - meir striper - i bumull - artig liten sak. Meir info etterkvart. |
Du har mange fine og spennande prosjekt på gang! Blir kjekt å sjå dei ferdig.
SvarSlettGratulerer så mykje som bestemor!
Tusen takk. Ja det er stas å vere mormor. Og kjekkare vert det nok etterkvart.
SvarSlett