Viser innlegg med etiketten Friluftslivets år. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Friluftslivets år. Vis alle innlegg

søndag 22. november 2015

Framleis langs havet.

Me traskar og går - og prøver å komme i mål med turprosjektet vårt. Me hadde jo tenkt me kunne klare heile stekket frå Tungenes i nord til Ogna i sør. I dag ha det vore ein fantastisk flott sundag! Knallflott sol, fleire kuldegrader og blikkstille. Det måtte bare nyttast. Så då la me turen sørover - me må stadig ha lenger kjøretur for å komme til utgangspunktet for ny tur. I dag vart det Obrestad Fyr som vart startplass. Me gjekk sørover, ein stund langs bratte skrentar ned til havet, og av og til blant steinar og marker. Mange gjerdeklyvara fann me undervegs, likeså mange blåe merkepålar. Ikkje lett å gå seg vill her. Matpakke og te i sekken, og jammen hadde den nye Blåveispiken-kofta mi fått vere med. Så så vart det tid til eit fotoshut ved veggen av eit forfallent naust! Så eige innlegg.



Nokre sauer ville helse på oss.

Ein fantastisk dag.

Eit gammalt naust
fullt av mange gamle skattar.

God matpause.
Det er viktig å ha ein pause undervegs.
Me må nyte og,
ikkje bare yte.

Landskapet minner nesten
om bilder me har sett frå Irland.


Obrestad havn.
Ikkje ofte havet er så stille.


Før me kom oss heim gjekk sola ned.
Det vart det ein fantastisk solnedgang av.

 Tur - retur blei turen på 1 mil. Fantastisk tur - i fantastisk ver.

søndag 15. november 2015

På tur langs havet.

Endeleg har me vore på tur igjen. Nå var det lenge sidan sist. Ein sundag med god tid, tåleg bra ver og ei Gubbeskulder som tåler å traske litt i ulendt terreng igjen - det var ein fin kombinasjon. Me har jo traska langs kyststripa vår, i etappar, og dei fleste av dei har me gått både fram og tilbake. Nå stod det igjen ein strekning frå Tananger havn til Hafrsfjord bru. Det er eigentleg ikkje så langt i frå oss, men likevel hadde me ikkje gått her før. Mykje stein og blankskurte svaberg, og litt lyng og småkratt - tilsaman vart det 1 mil me hadde tilbakelagt! Herleg å vere ute på tur. Litt mat og drikke undervegs gjer og nye krefter.

Ut på tur - aldri sur!

Gubben har spesielt auge for gamle båtvrak!
Nesten sånn var gamlebåten vår og då me fekk den.


Ved sjøbadet ved Myklebust.
Gammalt møter nytt.


Bananpause.


Heldigvis vart det litt surt og kaldt då me tok matpause
slik at me kunne ta på dei gode dunjakkane
me hadde i sekken.

Regnbue.
Sol og regn på ein gong.
Ei lita idyllisk (og sikkert verhard) øy utføre Tananger.

Nå har me gått samanhengandes frå Tungenes som er det nordligaste punktet og til Obrestad  fyr i sør. Me har ennå nokre kilometer igjen før me kjem til Ogna og eit meir knausete område, men året er ikkje heilt omme ennå. Kanskje me rekk fleire turar langs kysten. Det minkar jo på dagslys, så det må bli i helgene.

lørdag 29. august 2015

Meir tur - nr.47 og 48

Me nærmar oss målet - 52 turar i løpet av 2015. Men  i det siste har me hatt litt travle dagar - med oppstart for 20 nye 1.klassingar på skulen for meg - og ny jobb for Gubben. Og nå når me har blitt besteforeldre,  så er me jo ganske gamle - og treng å kvile oss litt innimellom! Kanskje! Eller tida har ikkje strukket til for dei lange utskeielsane. Jammen godt me fekk gått litt i sommar. Men me er nok snart i gang igjen.

Me litt småturar har det blitt - og tur nr. 48, 49 og 50 er unnagjort. Men eg trur jammen me har hoppa elegant over tur nr.45..... Den må me ta neste gong!


Tur 48: Stranda vår - 5 km.
Ingen bilder....

Tur 49: Langs sjøen på hytta.
4,5 km

Tur nr. 50 : Hafrsfjord - Kvernevik
 6km i pøsregn.
Minnesmerke over Aleksander Kielland-plattformen.
Brutte lenker


Det blei ganske vått etterkvart


Nydeleg lyng langs ruta,


Kjekt å lufte seg litt - i all slags ver.

tirsdag 4. august 2015

Fleire turar

Me har nådd over nokre turar til. Når veret har vore såpass dårleg i sommar, fann me ut at det var lurt å komme seg ut på tur. Det er ofte betre å gå på tur når det ikkje er så steikandes varmt. Ikkje plager fluene oss heller når det er litt kjøligare  Me har greid å tyde vervarslingane ganske bra, og funne dei solglimta som kom innimellom, og jammen vart det ofte betre enn dei melde.

Me har vore ivrigaste på føtene, men me har og hatt 2 roturar. Innimellom har me brukt "Malena" som seilbåt, men det kan nok ikkje reknast med her. Eg sat i baugen og koste seg med strikketøyet, mens Gubben drog litt i tauene. Ikkje særleg anstrengandes. Og til nå har me heller ikkje hatt nokre sykkelturar i lag. Eg har hatt meg nokre rundar aleine, så dei får vere bonusturar.

Tur nr. 40:
Rotur til Børøy ( eller Trille-børøy)
3,2 km.



Tur nr.41
Sopptur  på Randøy - på ein hemmeleg plass.
4,5 km.
Eit lånt bilde frå Google.
Me gløymte å ta bilde...


Tur nr. 42:
Trodla Tysdal - tur/retur 
16 km
Det blei ein del høgdemeter på denne turen og,
Men herifrå var det bare unnabakke -
uansett kva veg ein gjekk.

Ein fin foss langs ruta.
Kjekt med "fjellfi" då.
Flott og avsidesliggandes gardsbruk
som er i drift
.

Godt med ein kvil -
med litt mat og strikk i sola.
Denne dagen vart veldig mykje betre enn kva yr.no meinte.

"Løftet"
Her stod det skilt om at ein
sterk mann kunne løfte alle tre på ein gong.
Dette måtte Gubben sjølvsagt prøve.
Alle tre var oppe i frå bakken.
Såvidt.


Tur nr. 43
Rotur rundt Børøy-vika.
4,5 km
Hadde ingen bilder frå denne turen.....


Tur nr. 44 
Refsnes - Nærland
10 km

Flott tur langs havet.
Neste gong kan me starte på Nærlandsheimen.


mandag 20. juli 2015

Ferie - og nr 34, 35, 36, 37, 38 og 39.

Det er ferietid ennå, Gubben er bare ferdig med 1.ferieveka si. Ennå god tid. Men i år er det dårlig med det varme, gode sommarveret som me likar så godt. I år regnar det, bles,  det er kaldt og bare 12 -13 grader ute. Det er til og med for kaldt til å sitte ute og kose seg med eit strikketøy. Då er det flaks at me likar og gå på tur, og har sett oss eit turmål om mange turar dette året.   Det er bedre å vere i aktivitet når veret er slik! Og veret passar godt som turver! Nøye studering av Yr sin vervarslingar (som ikkje alltid er til å stole på!) - og så gjeld det å finna dei tidene på dagen det ikkje bøttar ned med regn. Nye fjellsko er innkjøpt - kvar vår tursekk, lett regntøy til å ha i sekken - me er klar for nye høydar og eventyr.

Denne 1.ferieveka har me vore ganske aktive. Av og til trur eg me er litt rastlause, me likar at noko skjer, og helst med ein gong. Så i løpet av 9 dagar har me vore på 6 turar, og gått 60,5 km. Ikkje løye eg er litt sleten i føtene i kveld. Me har i tillegg traska opp ganske mange høgdemeter, me har ikkje telt alle, men på dei to lengste turarne  tilbakela me 700 + 750 høge meter!  Då er det godt å ha eit par stavar til nerturen - dei gjer god avlastning for ryggen og knea. Me er ganske krye - me er jo øyeblikk besteforeldre! Dessutan har me fleire feriedagar igjen - me skal ikkje sjå vekk i frå at me tar fleire turar. Me har fleire turmål på lista vår. Me nærmar oss 40 turar! Er godt fornøgd med det etter at bare halve året er oppbrukt.
Litt ballett-trinn på nye fjellsko!
Knallgode sko.
Her på Stølen i Hardanger
kor me budde i 2 døgn.

Tur nr. 34
Tur frå Stølen, til Lysestøle, Tveitastølen og Fagerfoss.
Flotte gamle sel (stølshus)
Eg var her som barn.

Me fann ein fager foss,
Fagerfoss -
langt inne i skogen.
 Tur nr. 35
Til Tørvikanuten - 1028 m.o.h
12 km lang og ca 700 høgdemeter
Me fann ein kvilebenk i dei bratte bakkane.

På toppen av Nuten -
her har me vore før.
Nå var varden stor og fin og ferdig.
Mektig utsikt over fjord og fjell.
 Tur nr. 36
Frå Bjødnabu til Pundsnes.
9 km lang!
Så har me komt til hytta.
Me lokka med oss hyttenabo Geir på tur.
Gjekk ein gammal drifteveg for sauer
 Flott tur -
 denne skal me ta fleire gonger

Ålreite dyr!
Tur nr. 37
Rusletur i pøsregn med familiebesøk - ca 3,5 km.
 Bilde kjem snart. Eit litt dårleg eit.......


Tur nr 38
Eikefjellet på Halsnøy. 6 km

På toppen - med litt blank sol.
 Tur nr. 39.
Gunlanuten på Jøsneset - 829 m.o.h - 15 km lang
og 750 høgdemeter.
Ei ørn hadde oppvisning for oss i dag.
Fantastisk å sjå -
ho glei over hovudet vårt fleire gonger.
Lurte ho på middagsmat, tru?


Ein fin gammal demning.

Ei lita snøfonn og litt ablegøyer.

På toppen av Gunlanuten!
Dette likar me godt!

Strikkepause og middag på toppen
(real turmat)

Gubben hadde fiskestang med.
Då fekk strikketøyet og plass.

tirsdag 7. juli 2015

Ut, ut, ut... - og tur nr.33

Me har hatt ei hyttehelg igjen - og det er alltid deilig. Denne sommaren har me ikkje blitt utskjemt med for mykje sol og finver, men faktisk fekk me nyte litt sommarvarme  desse dagane - imellom skodde-disen. Me åt alle måltida ute - det pleier me ha som sommartradisjon. Og hadde god tid til strikking i solveggen. Ekstra kjekt når Veslejenta og er med - med posen full av strikketøy.

Sundag tok me på oss joggeskoa og gjekk på tur. Denne gong vart det bare den kjente runden vår i skogen, den me har gått mange gonger før. Men tur er tur! Alle turar blir telde med. Gubben er ikkje  heilt god i helsa endå, og då passte denne skogsturen fint! Så då var tur nr. 33 unnagjort. Etterpå fekk me tatt årets første hyttebad - med 19 grader i sjøen. Det var veldig deilig!

Kjøtetandes Tettegras!
Skumle planter.

Best å ikkje plukke dei,
då forsvinn kanskje fingrane...

Her har me eigentleg god utsikt -
heilt til Stavanger.
På ein klar dag.
Sola braut gjennom etter turen.


Gubben og Gamlå.
Snart besteforeldre:-)


Fine revebjeller.