Denne 1.ferieveka har me vore ganske aktive. Av og til trur eg me er litt rastlause, me likar at noko skjer, og helst med ein gong. Så i løpet av 9 dagar har me vore på 6 turar, og gått 60,5 km. Ikkje løye eg er litt sleten i føtene i kveld. Me har i tillegg traska opp ganske mange høgdemeter, me har ikkje telt alle, men på dei to lengste turarne tilbakela me 700 + 750 høge meter! Då er det godt å ha eit par stavar til nerturen - dei gjer god avlastning for ryggen og knea. Me er ganske krye - me er jo øyeblikk besteforeldre! Dessutan har me fleire feriedagar igjen - me skal ikkje sjå vekk i frå at me tar fleire turar. Me har fleire turmål på lista vår. Me nærmar oss 40 turar! Er godt fornøgd med det etter at bare halve året er oppbrukt.
Litt ballett-trinn på nye fjellsko! Knallgode sko. Her på Stølen i Hardanger kor me budde i 2 døgn. |
Tur nr. 34
Tur frå Stølen, til Lysestøle, Tveitastølen og Fagerfoss.
Flotte gamle sel (stølshus) Eg var her som barn. |
Me fann ein fager foss, Fagerfoss - langt inne i skogen. |
Tur nr. 35
Til Tørvikanuten - 1028 m.o.h
Til Tørvikanuten - 1028 m.o.h
12 km lang og ca 700 høgdemeter
Me fann ein kvilebenk i dei bratte bakkane. |
På toppen av Nuten - her har me vore før. Nå var varden stor og fin og ferdig. Mektig utsikt over fjord og fjell. |
Tur nr. 36
Frå Bjødnabu til Pundsnes. 9 km lang!
Frå Bjødnabu til Pundsnes. 9 km lang!
Så har me komt til hytta. Me lokka med oss hyttenabo Geir på tur. Gjekk ein gammal drifteveg for sauer Flott tur - denne skal me ta fleire gonger |
Ålreite dyr! |
Tur nr. 37
Rusletur i pøsregn med familiebesøk - ca 3,5 km.
Bilde kjem snart. Eit litt dårleg eit.......
Tur nr 38
Eikefjellet på Halsnøy. 6 km
Eikefjellet på Halsnøy. 6 km
På toppen - med litt blank sol. |
Tur nr. 39.
Gunlanuten på Jøsneset - 829 m.o.h - 15 km lang
og 750 høgdemeter.
Gunlanuten på Jøsneset - 829 m.o.h - 15 km lang
og 750 høgdemeter.
Ei ørn hadde oppvisning for oss i dag. Fantastisk å sjå - ho glei over hovudet vårt fleire gonger. Lurte ho på middagsmat, tru? |
Ein fin gammal demning. |
Ei lita snøfonn og litt ablegøyer. |
På toppen av Gunlanuten! Dette likar me godt! |
Strikkepause og middag på toppen (real turmat) |
Gubben hadde fiskestang med. Då fekk strikketøyet og plass. |
Så spreke dere er! Dette ser ut til å være en perfekt ferie i mine øyne. Ingen ting er som å komme seg ut på tur, og været er bestandig mye bedre ute enn inne, merkelig nok. Jentene våre hadde bok i sekken på tur, men strikking er også kjekt, i alle fall når du er på tur med en fisker. Mye fint i vente for dere, hører jeg. Kjekt!
SvarSlettOg august er turmåneden.......
God søndag fra Ingunn