mandag 28. februar 2011

Ferdig!

I det siste har me hatt ein del kalde, sure dagar med masse regn og vind. Ikkje akkurat forlysteleg å gå ut då! Men då kan me kosa oss inne med god samvittighet. Og STRIKKA:-)  Denne veka har eg gjort meg ferdig med to påbegynte prosjekter (eit står på lista frå nyttår!). Nå minkar det i strikkekorga, men garnhaugen har visst ikkje minka ennå. Gler meg allereie til å finna noko spennandes der! Så følg med - plutselig er nye prosjekter i gang!
 Morgonstrikk.
Dagen startar som regel med litt strikk ilag med frukosten!
Denne har eg strikka til "veslejenta" mi!
Eg likar godt når ho kjem med strikkeønsker.
Ein hals - 232 m - ribbestrikk 2 rette , 2 vrange.
2 nøster med Kittens mohair, 30 cm lang.
Og vips - ein flott hals to gonger rundt halsen!

 Vesten min er ferdig.
Trådane vart festa i går kveld!
Gler meg til å ta den i bruk på
litt vårlege og varmare dagar.
 Kjekt mønster å strikke.
 Oppvaskklutar er godt å ha innimellom.
Kjekke å strikke - treng nesten ikkje kikke ner ein gong.
Kjekke å gje i presang!
Desse  har nettopp fått nye heimar!
 Eit sjal i dominostrikk
stod ikkje på planen,
men passa så godt til yterjakken min.
Bare måtte strikke det.
 Skottland-garnet skal bli til eit langt sjal!
Så dette strikkar eg på engelsk!
Påskesitteputer!
Me satsar på mykje påskesol!

lørdag 19. februar 2011

Vinterstrikk!

Hurra! Nok eit strikketøy er avslutta. Eg har tatt konsekvenser av nyttårsfortsette mitt, og verkeleg jobba med dei påbegynte strikkeria. Denne gong var det den lilla lin-tunikaen ( dansk mønster) som eg begynte på i haust som har havna i kategorien "ferdig". Det er jammen ein god følelse, det å trekke ut strikkepinnen av den siste masken, feste trådar, dampe og finne ein egna plass til fotografering. Sidan sola ikkje har inntatt heile eiendommen ennå, måtte eg langt opp i hagen for å finne solstrålene.

 Tunikaen er strikka i domino-strikk, ein slags avlang variant.
Eine feltet er rillestrikk, det andre er glattstrikk. Det blei fint ilag!
 Bærestykket. Svart gav fine effektar.
Nederst på tunikaen dikta eg litt sjølv, med små dominoruter!
Kjekt å bestemma litt sjølv og!
 Og sidan det var Valentinsdag nettopp, og gubben ikkje overraska meg med blomster, kjøpte eg meg ein "blomst" sjølv. Nå er det nytt stikkeoppdrag ilag med dei kreative strikkedamene. Temaet denne gong er Domino-strikk inspirert av sommaren.
Eg ser for meg sand, strand, sanddyner, strandnellikkar - himmel og hav.
Eg likar kjempegodt  domino, det er rett og slett fasinerandes å strikke det.
Nydeleg melert garn.Kanskje eit nytt teppe?
I allfall eit lite eit!

søndag 13. februar 2011

Ut av dvalen!

Sola er tilbake! Etter 2 1/2 måned skin endeleg sola på huset vårt her innerst i Krongleveien. Det kjennest godt. Me har jo sett sola i mellomtida, men ikkje heime hos oss. Litt rart, når me bur på flate Jæren. Men slik er det. To hus her innerst ser misunneleg på nabohusa som ligg der og bader i sol heile året! Men det har sine fordeler og: Me slapp å vaske vindua til jul, me såg ikkje kor gale det var. Støvet på golvet viste heller ikkje så godt. Men nå kan ingenting skjulast! Gjett kven som har ein stor jobb føre seg nå? Eg trur me stemmer på gubben! Me kan nesten ikkje sjå ut pga saltråk.



Me gler oss til sol og vår!

tirsdag 8. februar 2011

Pausetid!

Eg har visst tatt meg ein liten pause! Plutselig vart fotoapparatet liggandes, og motiva ville ikkje la seg fange. Ute er det typisk rogalandsvinter, med regn, regn, regn.....  Ikkje så mange nye motiv å finne der med andre ord. Men eg har halde på med prosjektet mitt i 26 veker, eit halvt år. Ikkje verst det heller! Men kanskje vaknar eg til live igjen, kven veit? Plutselig er eg tilbake, med eit blinkskudd frå kvar dag! Imens kan me titte på strikkerier, nokre prosjekter er nemleg ferdige! Hurra!Eg har ikkje tatt pause frå strikkekorgene. Det er god avkobling i kvardagen.

 Den gråe tunikaen er ferdig.
 Kjekk å strikke, med fletter i ribbestrikk.
 Mitt hemmelig prosjekt:
Ilag med dei kreative strikkedamene
har me latt oss inspirere av VM som snart startar i Oslo.
Heia Norge!
Her er mitt bidrag!
 Nasjonale sitteputer!
kan passa til både VM - eller når ein brukar bunad!
Mønsteret har mi gode designervenninne Olaug laga!

Ein tur på stranda sundag - med hullete vottar.
Eg må skunde meg å strikke nye!