Hurra! Nok eit strikketøy er avslutta. Eg har tatt konsekvenser av nyttårsfortsette mitt, og verkeleg jobba med dei påbegynte strikkeria. Denne gong var det den lilla lin-tunikaen ( dansk mønster) som eg begynte på i haust som har havna i kategorien "ferdig". Det er jammen ein god følelse, det å trekke ut strikkepinnen av den siste masken, feste trådar, dampe og finne ein egna plass til fotografering. Sidan sola ikkje har inntatt heile eiendommen ennå, måtte eg langt opp i hagen for å finne solstrålene.
Tunikaen er strikka i domino-strikk, ein slags avlang variant.
Eine feltet er rillestrikk, det andre er glattstrikk. Det blei fint ilag!
|
Bærestykket. Svart gav fine effektar. |
Eg er imponert,(som alltid) tenk to nye tunikaer ferdig på 1 månad! Så fine dei vart og! Flink du er, og veldig fint med dominostrikk! God klem frå Kleppehagen.
SvarSlett