Eg har ein fridag kvar veke dette året. Det kjennes som ein ganske stor luksus. Eg har jo ein rygg som har vore litt trøblete dei siste åra, og for 3 år sidan blei eg operert for prolaps. Det har heldigvis vore vellykka, men likevel verker eg innimellom ganske mykje i rygg og føter. Så derfor har eg fått gå i redusert stilling. Det har vore fantastisk. I fjor og året før hadde eg to morgonar fri, som eg hovedsakelig brukte til trening. Ut på tur - i all slags ver, eller på tredemølla og apperata hos fysioterapeuten. Det har gitt gode resultater. Eg er ganske god for tida. I år prøver eg meg heller med ein fridag. Så slepp eg å følge med på klokka heile tida, og skunde meg til skulen og skuleungane. Det er utruleg godt. Ut på tur i all slags ver nå og, frå kl. 8 om morgonen. Og så ein heil dag til å gjere koselege ting. Strikka, støvsuge, handla, gå på besøk...... det er mykje ein kan ha lyst å fylle dagen med. Og lage god middag til Gubben når han kjem heim frå jobb!
I dag gjekk turen til Borestranda i full regntøy. Dramatiske skyer, heile regnbuen, regn, det var ein flott tur. Og nesten ikkje vind. Herlig å komme heim etterpå og ta seg ein god og varm dusj.
|
Dramatisk himmel. |
|
Himmel og hav |
|
Dobbel regnbue |
|
Det veks mykje nyper her nede! Flotte å sjå på. |
|
Innover mot land skein sola! Fantastisk natur. |
|
Heime i hage veks desse, i år er det mykje kvite rognebær på treet. |
Så flotte bilder du tar. En fryd å se på.
SvarSlettKlemz
Fantastiske bilder , fikk gått ein flott tur der på stranda tidlegare i år , det var bare heilt nydeleg:-)
SvarSlettKlem
Fantastiske bilder , fikk gått ein flott tur der på stranda tidlegare i år , det var bare heilt nydeleg:-)
SvarSlettKlem
Fantastisk flotte bilder av himmel og hav :-)
SvarSlettFor noen vakre bilder. Jeg elsker landskapet hos dere. Høres deilig ut med en fridag.... D
SvarSlett