Lappar er kjekt. Både strikkte og i tøy. Dei to dominoteppene veks -
eller særleg det i jordfargar. Det er det eg har brukt mest tid på i det
siste. Men så har eg innimellom tatt fram boksane mine med fine stoffer
på Kammerset, og tenkt at eg skulle jo ha laga noko fint av desse og. I
helga hadde eg god tid, og sette igang. Tøyabitane har blitt til
lappar, og nå har eg begynt å sy dei saman igjen. Mange ulike stoff og
fargar, men tilfeldig sett i saman trur eg det skal bli eit fint
slumreteppe. Inspirasjon og god veiledning fekk eg frå mi gode venninne
Kari - ho produserer støtt og stadig slike tepper. Eg har komt eit
stykke på veg - og har heldigvis mange lappar igjen slik at eg kan kose
meg fleire dagar på Kammerset.
|
Mange ulike tøy - ikkje alle sortane eg har så mange lappar av. |
|
1.remsa er klar! |
|
Turkis, lilla, grønt og beige/lyst er nok hovedfargane. |
|
Det begynner å ta form. Veldig kjekt haustprosjekt! |
.
Nydelige farger på teppet ditt! Skjønner ikke helt at lappene er satt sammen helt tilfeldig, for det er jo knallfint!
SvarSlettLykke til med ferdigstillelsen!
Klem fra Ingunn