onsdag 30. desember 2015

Julegåver

Tidligare år har eg vore ganske ivrig med strikkepinnane før jul. Enkelte gonger har alle fått noko heimestrikka i pakkane under treet. Sånn blei det dessverre ikkje i år. Men nokre få ting har eg laga. Yndlingspersonen i familien, vesle Tordis, måtte sjølvsagt få noko. Ho er det jo lettast å strikke til, det går fortast og kanskje ho treng mest og. Ho veks iallefall fortare ut av kleda enn oss andre.
Heldigvis :-).  I år strikka eg ein jakke til ho, Bladrillejakke, i okergult Sterk, etter oppskrift frå Marianne J. Bjerkman. Kjekt å strikke. Eg hadde kjøpt ganske mykje garn, så då blei det ei lue i tillegg. Den fann eg i ei av bøkene til Nøstebarn.


Verdens beste Tordis

I tillegg har eg strikka nokre fiske-vaskekluter. Eg fann eit bilde på Pinterest.com, ei nettside eg har hatt mykje glede av og funne mykje inspirasjon. Her er verkelig alt mulig, både mykje strikketips og mange skule-tips (særleg kjekt å finne gode formingstips). Her fann eg eit kult bilde av nokre strikka fiskar. Veit ikkje om dei var tenkt som vaskeklutar. Men eg likar at ting kan brukast til noko, så mine vart til vaskeklutar.

Så då vart passande pinnar og garn plukka fram frå Kammerset, og eit prøveprosjekt sett i gang. Det vart 10 fiskar totalt, og koselege gåver til grand-tantebarn. Eg håpar det var kjekt å få gåve frå gamletanteTone.

Litt små til ei vaksen hand,
men kunne jo ikkje ha gigant-fiskar heller.

Fargerikt fellesskap


Hovudet strikka eg i dobbelt garn.



Kanskje det blir fleire heimelaga gåver under treet neste år? 
Då bør eg iallefall begynna tidlig og ha ein god idè! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar