søndag 22. februar 2009

Bakedag!




Det er fastelavenssøndag i dag, og då høyrer det alltid med å bake ein stor haug med bollar! Det var visst lenge sidan det har låge ein slik haug på kjøkkenbenken! Kva smakar vel betre ein søndagsettermiddag, enn nybakte bollar med vaniljekrem inni? Og når eg først var i gang - plutselig stod der 4 brød og til heving! Me får seie slik som Maren sa då ho var liten: " Kan du bake brød og, mor! Det var jammen praktisk!"

Og så er det vinterferie, og ei heil veke med fri for oss som er jenter her i huset! Me gler oss, til late dagar nå i starten, frisørbesøk, jentetur til Stavanger, tid til strikketøy..... Og på onsdag dreg me til fjells! Håpar på fint ver, lange skiturar, kvikk-lunsj og kakao i solveggen, fart og spenning i slalombakken og gode kveldar i lag med dei andre i hytta om kvelden!

lørdag 7. februar 2009

Meir vinter!

Det vart flott turver idag, og det måtte me jammen benytta oss av! Kleppeloen er ein flott plass, også i vinterskrud!Kvite marker, mykje himmel, og litt vårtegn - som raklar og gåsungar, gjorde det slik at turen vart fin!!

Vinter og snø!

Verden har blitt kvit! Det er flott å vakna til ein stille lørdagsmorgon og sjå at alt er inntylla i eit kvit lag med snø! Og når det er heilt stilt ute, vert snøen liggandes på trærne! Nydelig! Kjekt å få litt vinter her på Jæren og!

Flott helg på hytta!

Sist helg hadde me "halvgamle" oss ein hyttetur til Randøy! Litt rart å dra avgårde bare oss to i bilen! Dei to andre som bur i lag med oss, var på Impuls og hadde flotte opplevelsar der! Men det var nydelig og fredeleg på Randøy! Og så flott ver! Målet med turen var å tapetsera og mala Guro-rommet, og jammen vart me ferdige og! Så nå kan overnattingsgjester bare komme! Men me fekk tid til ein fin skogstur og, me har vår faste runde i skogen, og med nytt fotoapparat var det ekstra kjekt å labbe i vei på tur! Bare sjå sjølv!