Viser innlegg med etiketten Høgtid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Høgtid. Vis alle innlegg

lørdag 31. desember 2016

Jula 2016

Så vart det endeleg jul, det hadde me gleda oss til lenge her i huset. Ferie frå kvardagen, få Veslejenta heim på ferie, god tid, besøk av familie og venner, tid til turar og god mat, og gode strikkepausar innimellom. I år og vart førjulestida litt annerledes enn forventa, men likevel fekk me tid til å gjere akkurat passe førebuingar slik at det blei ei koseleg jul.
Eg hadde eit fall på jobb, gjekk rett i golvet baklengs og smalt bakhodet kraftig ner i murgolvet. Eg var nok heldig sjølv om hodet vart ganske hovent og vondt - ingen alvorlige indre skadar. Det kunne faktisk gått mykje verre..... Takknemleg for det. Men jul vart det - ein koseleg høgtid,
med alle dei elementa  me sett pris på.

Nissefamilien fekk bu i Eldhuset i førjulstida.

I år hadde me julegrøt i Eldhuset.
Ein ny koseleg  tradisjon.
Eg fekk lese juleevangeliet i kyrkja på julaften.
Fint å starte julekveldsfeiringa der.


Me må alltid vente med å pynte juletreet til
lille julaften og når Veslejenta er komt heim.

I år fekk litt av julepynten plass inni
eit gammal skap.

To kusiner som var veldig glade for å feire jul i lag!

Dei to småjentene og mormora!
Me må alltid ha eit oppstilt bilde framfor juletreet.

Og her er gamlemor med døtrene sine.
Mormorer dei og:-)

Nytt skjerf

Ny t-skjorte

Spennandes julegåve:
Håndtein og ull til spinning.
Heldigvis følgte det med kurs og veiledning!
Eldstejenta har kunster å lære bort.

Tantekos 1.juledag.





På dagstur til Kristiansand for å vere i lag med desse to.
Me gjekk oss ein fin tur.

søndag 31. mars 2013

Påsken 2013

Ein fantastisk påske er snart over - me har hatt ein utruleg strålandes ferie! Solskinn frå knallblå himmel kvar einaste dag - det gjer jammen godt! Me har samla nye krefter  - nå kan me gyve laus på nye oppgåver utover våren! I år har me vore på hytta i 10 dagar - det er lenge sidan me har unnt oss ein så lang luksus-påske. Og så det veret.....  Rett og slett STRÅLANDES!! Lange dagar ute i sola, skiturar med appelsin og kvikklunsj i ei snøfonn, hyttebesøk på Gullingen, rusleturar langs sjøen, handletur til Hjelmeland, ein utruleg stillhet omkring oss, sovepose-soling på terrassen, beising av innvendige hytteveggar, god mat, besøk av gode turvenner, ny skitur, ny rusletur langs sjøen, endå meir god mat........ og ikkje minst gode strikkepausar. Sekken var full denne gong og av mange nøster, og jammen greide eg å av slutta to prosjekt! Det ein vart påbegynt i fjor sommar.Godt å kunne fullføra noko.

Skiturist

To gode venner på tur!
Legg merke til pannebåndet - det forsvant dessverre på fjellet....


Hytta har med åra blitt veldig mørk.
Nå sette me i gang med litt beis
earbeid.
Me starta på hemsen - og fekk beisa både vegger og tak der.
Forskellen vart stor!

Lys og fin tv-krok
På tur til Hjelmen (207 m.o.h)
To "elegante" damer!


Kosestund i sola på terrassen -
med påskekrim

Hals nr 2 er ferdig.
Eg har endå meir alpakka-restar.....
Sommartoppen frå i fjor - det går mot lysare tder.

Påske - me er klare for besøk av gjester.


Kaffi og strikk i solkråa - og teppe over beina.
Godt med ferie
.

Ut på tur - dei lilla damene og gubbane.
God niste!


Det veks - strikketøyet med ei lysandes framtid.
Nå manglar eg bare eit par meter....

Gjennsynsglede:
Vennene frå i fjor.


Blindpassasjer på skitur:
Minstemann lurte seg med i sekken!

På hyttebesøk - då må me ha blomar med!
1.påskedag fekk me med oss gudsteneste i Hjelmeland kyrkje.

Der var det ei nydeleg altertavle.
Fantastiske fargar
.

søndag 23. desember 2012

Jul!

Det er jul - nå er det rett før me går i gang med den store feiringa. Alt er klart til ein koseleg julekveld i Konglevegen. Treet er pynta, englehylla er på plass, fryseren er full av mat, og det er kakeboksane og. Ute bles det enormt, men her kosar me oss inne - kvelden før kvelden. En liten runde rundt i stova med fotoapparatet viser litt av den pynten me har tatt fram - like fin år etter år:-) Julekrybba frå skulen har flytta heim, nå kan me ha glede av den. Ungane vart kjempeglad i den, og måtte kjenna og klemma litt på figurane kvar dag. Og kvar dag sa ein av guttane: "Tone er jammen flink til å strikka!" Koseleg gutt:-) Neste år pakkar eg den inn igjen - og satsar på gjennsynsglede.

Eg ønsker alle lesarane mine ein kjempegod jul
- med tid for å vere i lag med dei me har rundt oss, og tid til å ta med oss budskapet om barnet i krybba.
Og litt strikketøy innimellom!

God jul!
Ein nydeleg bukett - frå svigermor.

Trongt om saligheten i stallen.

Englehylla har me hatt i mange år. Mange fine småenglar.

Tova englar  - som eg strikka for nokre år sidan.

Hellige tre kongar i glass.

Adventsstjerna - gammal og god.

Nissefamilien - dei har budd hos oss sidan ungane var små!

Treet vår vart fint i år og,
sjølv om det var skeivt og hadde to stammar.
Nokon måtte jo ha det og:-)

Mange smånissar - blir ikkje jul utan dei.
I år vart det ikkje pepparkakehus.
 
Gubben vann nydelege blomster på jobb-basaren!
Kjekt nå i jula.

Julepynt som eldstejenta har laga - på barneskulen!
"Ære være Gud i høyden - denne har eg laga på sløyden!

Amaryllisen kjem snart.

Julekrybba -
denne hadde me i adventskalenderen i mange år -
ein ny figur kom fram for kvar dag.

Ei bittelita julekrybbe!

Julepresang frå ei av jentene - for ein del år sidan.

Juleduken er lagt på plass på bordet - brodert av mor

Kjekt med julepost -
frå fjern og nær

Julens budskap - i små broderier.

Klare for å ringe jula inn.