søndag 17. mars 2013

Å!

Siste bokstav i alfabetet - og tid for nytt innlegg igjen. Skal bli godt å lage innlegg med vanlege overskrifter igjen! Kjekt med noko som utfordrar, men  det kvardagslege er og fint! Så nå kan eg snart fortelja om sykkelturen til Provance i sommar..... Men først ein liten titt i strikkeposane. Dei er det mange av. Eg har eigentleg vore flink i vinter til å gripe fatt i gamle påbegynte prosjekt, det minkar kraftig på det som bare ligg og ikkje blir ferdig. Litt nye prosjekt er sjølvsagt påbegynte, og eg har tatt ein titt i garnhylla mi og begynt å bruke noko av alt det fine som ligg her! Kjekt å endeleg gjere noko av det eg har tenkt på lenge. Nyheter som kan nemnast:: Eg har vore hos Prikka og kjøpt nytt garn - nå skal eg og Gubben matche med liknandes jakkar! Det blir flott!

Eg likar ikkje plastposar.
Tøyposar er mykje koseligara!

Eldstejenta sin design på strikkenett.
Sanne ord:-)

Nytt herlig garn!


Eg er i gang!
Både med bolen og armen!
Kjekt og inspirerandes.

Fin flette:-)

Jondalssokk - innkjøpt i sommar i Hardanger

Garnslankings-prosjekt nr. 1:
Stort sitteunderlag til solstolen min.
Godt å sitte på noko varmt når ein søv middag i sola.

Skal tovast!


Garnslankings-prosjekt nr. 2:
Hals i lilla Alpakka
.
Tenker denne vert ferdig i påsken!

Garnslankings-prosjekt nr.3:
Mitt hemmelege lange prosjekt!
Skal nok lysa godt opp!


Minner frå ein sommar:
Det er snart sol og varme igjen!
Sommartopp i bomull.

Fint mønster!
Yngstejenta sitt prosjekt!
Kjekt når jentene mine og likar å strikke


Flott mønsterbord øverst!
Heldige han som får denne!


4 kommentarer:

  1. Så masse fint på en gang :-)

    SvarSlett
  2. Hei Tone!
    Jeg er så imponert over alt du lager! Og ikke minst a-å titlene dine!
    Jeg har forresten fulgt oppskrifta di på dominoteppe, det var en super oppskrift å følge! Du kan se det her: http://nabbmo.blogspot.no/2013/03/dominoteppe.html!
    Hilsen Hege!

    SvarSlett
  3. Kjekt å sjå ditt teppe! Fantastisk fint:-)

    SvarSlett
  4. Så mange flotte prosjekt du har! Og så flink du er som tek tak i "gamle" ting:) Designen på posen til datter di var kjempestilig! Tusen takk for bokpremien! No ligg den på sida mi:) Fortsatt god påske!

    SvarSlett