Me omgjer oss me tradisjonar, og ein av dei er Morsdagen. Den har vart lenge, og kanskje var det handelsstanden som starta den for å få selga litt meir blomster akkurat då. Men uansett grunnen - det er nå koseleg å gjere litt ekstra stas på morene ein dag i året. Her i huset hadde med fullt hus og stormandes jubel på morsdagen! Nydeleg laksemiddag - ( der mora slapp å lage alt aleine!) for barn & svigerbarn og bestemødre - og bollefest i same slengen! Kjekt å vere i lag alle tre generasjonar innimellom. Huset blei fyllt av folk og blomar og presangar - koseleg! Og jammen trakk dei opp strikketøyet sitt alle tre jentene mine - og hadde ei kosestund på sundagen. Dei gamle er ikkje ennå heilt fortrulege med sundagsstrikk - men her i huset er det nesten den aller beste strikkedagen:-) Eg er stolt av dei tre flotte jentene mine!
Takk for ein fin dag!
| Nydelege roser frå Guro-jenta mi! |
| Gubben hadde og kjøpt blomar - flotte tulipanar. |
| Gåve frå eldstejenta - sjokolade, pulsvarmara og spennandes syltetøy! |
| Roser frå morå mi. |
|
