tirsdag 30. juni 2015

Ferietid = strikketid.

Det er ferie - i allefall for meg. Det er kjempegodt. Gode lange dagar - med tid til å gjere det eg har lyst til. Og ofta har eg samla opp litt ting gjennom året som eg syns trengs å gjerast, og då er det godt å ha tid til det. Feks å rydda på loftstova, rydde på kammerset, vaske kjøkken, og ikkje minst STRIKKE. Akkurat nå er det genser til Gubben som er på pinnane. Den veks, eg har komt opp til boblene. Då vart det litt meir artig å strikke.


Eg har starta på armen.
Fint å ha i bilen - eller på tur.
Kåpa mi veks, men det går litt tregt. Har prioritert Gubbe-jakken. Ellers har eg strikka sokkar til han, styrbord- og babord-sokkar. Han er starta å seile med den gamle trebåten sin, og då kan det vere greit å vete kva som er kva. Dei fall i god smak. Mønsteret fann eg hos Bittamis, men måtte gjere min eigen vri på masketalet for å få det passeleg. 1.utgåva vart altfor stor. 



Pilene peiker den vegen
retningen går.
Så nå har eg og lært forskjellen
.


I tillegg har eg starta på nytt ego-prosjekt. Me har nettopp vore på biltur langs Vestlandet. Me henta heim Veslejenta og flyttelasset hennar. Då kjørte me forbi Hillesvåg Ullvarefabrikk. Og etterkvart har eg funne ut at det går ikkje an å bare kjøre forbi. Me må alltid ha eit lite stans her. Denne gong møtte me opp med tilhengar, men det vart bare ein pose med garn likevel. Nydelieg Ask garn til "Blåveispiken". Eg er så vidt i gang. Tenkte eg skulle gjere ferdig "boblejakken". Men bare måtte begynna.....

Glad garnkjøper.
Eg fann eit lite håndkle og på pinnane.
Godt bilstrikk til lange turar.

søndag 28. juni 2015

På tur langs havet.

I dag var det tid for tur igjen. Det er litt lenge sidan sist, for Gubben har vore ein del sjuk i det siste.  Men i dag pakka me tursekken og fann fram joggeskoa og kjørte sørover. Me parkerte ved Orre gamle kyrkje, og starta der me slutta sist. Fint og flatt terreng, blei ikkje mange høgdemetrane, men lett og godt å gå. Motbakkane får me ta ein annan gong. Det veks utruleg mange markblomster langs stien - det blei mange fotostans.  Me passerte mange jorder med yre kviger og kyr, og dei var ganske forvetne. Me følte oss tryggast nere i steinane. Tilslutt fann me ein fin levegg, med stolar og bord. Her var det fint å stanse og ta fram kaffien - og strikketøyet. Det fekk vere med på tur. I dag gjekk me 8,5 km. Fin tur langs havet. Dette var tur nr. 32. Me er i rute framleis - med ein tur i veka. Bare 20 turar igjen.

Gubben og Gamlå.

Ein skarve-flokk

Forvetne kyr.

Høgaste punkt på turen i dag.

Nydelig rosa mot det grønne.





Godt me fann ein fin rasteplass
med stolar sånn at eg fekk strikke litt.


onsdag 10. juni 2015

På pinnane akkurat nå.

  Det er visst litt stille på bloggefronten for tida. Mange ting opptar tida, det har blant anna vore ein travel periode på jobb i det siste. Nye 1.klassingar har vore på besøk på skulen, det skal bli spennandes å starte med nye elevar. Men det tar litt krefter, lett å sige ner i sofaen om ettermiddagen - og bli verandes der. Då er det jammen godt eg likar å ha eit strikk i hendene. Akkurat nå er det litt nye ting som er på pinnane. Alltid kjekt med litt nye prosjekt.

Eg strikkar jakke til Gubben. Han syns det var hans tur nå! Og det stemmer nok, med så mykje egostrikking det har vore i det siste. Så nå er eg godt i gang - ein tynn fin jakke i Sisu - glattstrikk men med strukturstrikk på øverset del av jakken. Og ein fin fargerik glidelås må me få fatt i. Eg gler meg til strukturen, syns egentleg det er litt kjedeleg med mykje glattstrikk. Men kva gjer ein ikkje for Gubbens sine jakke-ønsker?

Gråblå Sisu.
Trur det må bli bilstrikk på
helgas lange biltur til Sunnmøre.
Ettekvart blir det klumpe-strikk.
Då vert nok Gubben fin.

Ellers har eg sett i gang med ei pute i lys lilla Smart-garn. Garnet fann eg i restekassen min.Trenger nokre nye puter til hytta, og då er det jo kjekt med litt mønsterstrikk. Eg har funne  mykje god inspirasjon på Pinterest.com



Veldig smale "fletter"
 Og så har eg rota langt neri ei av strikkekorgene og funne fram litt lysegrå Peer Gynt. Dette hadde eg tenkt skulle bli ei kåpe, så ombestemte eg meg og ville heller ha ein skigenser, men nå er kåpeønskene dukka opp igjen - og eg er godt i gang. Flaks eg ikkje kom igang med skigenseren. Litt stort prosjekt, men eg trur det blir fint.

Strukturstrikk i to sortar.

Kjekt å strikke.

Dette er armen,
den hadde eg heldigvis ikkje rekt opp!

Men så er det ikkje fleire prosjekt. Jo, forresten.
Ein hemmeleg pose med hemmeleg innhald.
Blir nok avslørt etterkvart!