Eg har starta på armen. Fint å ha i bilen - eller på tur. |
Kåpa mi veks, men det går litt tregt. Har prioritert Gubbe-jakken.
Ellers har eg strikka sokkar til han, styrbord- og babord-sokkar. Han er
starta å seile med den gamle trebåten sin, og då kan det vere greit å vete kva som er kva. Dei
fall i god smak. Mønsteret fann eg hos Bittamis, men måtte gjere min eigen vri på masketalet for å få det passeleg. 1.utgåva vart altfor stor.
Pilene peiker den vegen retningen går. Så nå har eg og lært forskjellen. |
I tillegg har eg starta på nytt ego-prosjekt. Me har nettopp vore på biltur langs Vestlandet. Me henta heim Veslejenta og flyttelasset hennar. Då kjørte me forbi Hillesvåg Ullvarefabrikk. Og etterkvart har eg funne ut at det går ikkje an å bare kjøre forbi. Me må alltid ha eit lite stans her. Denne gong møtte me opp med tilhengar, men det vart bare ein pose med garn likevel. Nydelieg Ask garn til "Blåveispiken". Eg er så vidt i gang. Tenkte eg skulle gjere ferdig "boblejakken". Men bare måtte begynna.....
Glad garnkjøper. |
Eg fann eit lite håndkle og på pinnane. Godt bilstrikk til lange turar. |
Tror du rekker å strikke mer enn de fleste. Fine ting du holder på med. Skulle gjerne fulgt deg inn på Hillesvåg. Jeg har egentlig brukt lager-garn omtrent hele dette året, men fremdeles er det mye å ta av.
SvarSlettLiker godt den "gubbe-genseren".
Fortsatt god sommer!
Klem
Tusen takk for koselig kommentar. Eg sett stor pris på livsteikna frå deg! God sommar til deg og:-)
SvarSlettKjekt å ha fine arbeider på vent. Trasig uten håndarbeid.God helg til deg
SvarSlett