onsdag 10. juni 2009
Pilå mi!
Pilå mi vokse! Gjett om eg er stolt av dei to trenå mine som eg fletta på pilkurs i vår! Kjekt å laga, og kjekt når dei "vakna" til live! Eg er flink å vatne dei, og eg håpar dei vil overleve sommaren - sjølv om eg ikkje er heime heile tida! Tviler på at me har plass til dei i ein feriepakka bil! Så eg må nok godsnakka med jentene mine om ein vatne-avtale!! Til og med Terje er imponert over prosjektet!
torsdag 4. juni 2009
Roma!
Me har vore i Roma! Det var ein fantastisk tur - og ein fantastisk by! 30 varmegrader kvar dag, mykje spennandes å sjå på, god mat og feiring av sølvbryllup på forhånd! Me budde like ved den fantastiske Trevi-fontenen, var i Peters-kjerka + oppe i tårnet! Me var i colluseum, Spansketrappa, innom mange flotte kyrkjer, kjørte buss rundt omkring i Roma og var på mange cafè-besøk! + litt shopping! Kjekt å vere på tur bare oss to!
Her er hotellet vårt!
Trevi-fontenen! Her var det fullt av folk til alle tider!
Ein fantastisk fontene!
Kjekt å gå på restaurant!
Italiensk pasta måtte me prøve!
Peters-kyrkja! Eit storslått byggverk!
"Litt" større enn Bore-kyrkja!
Hurra!
Abonner på:
Innlegg (Atom)