Påsken er over - og i år var den særdeles fin. Nydelig ver dei aller fleste dagane, mange fine turar, toppturar i Fisterområdet, kvitveis, god mat, mange varmegrader, koselige dagar i lag med Veslejenta, besøk frå Fjellfolket, og god tid til strikking. Mange måltid ute på terrassen - bål i grua med vaffelsteiking - påskekrim på Tv, og litt påskegodt. Herlige dagar. Heldigvis hadde me liggandes shortsar på hytta, me kom ikkje på at sommaren kunne komme i slutten av april. Plommetreet stod i full blomst, og heldigvis var humlene òg vakna av dvalen. Det blir spennandes å sjå kor stor plommehausten blir dette året.
 |
| Gjennsynsglede med påskeharane. |
 |
| Plommeblomstring. |
 |
| Nydelig med kvitveis i hagen. |
 |
| Kjekt med besøk frå fjellet. |
 |
| Ein kvil i bakken, med nydelig utsikt. |
 |
| Gode vafler steikt på bål. |
 |
| På toppen av Lauvåsen - eller Fistersendaren. |
 |
| Furet, værbitt....... |
 |
| Kveldsstemning - med bud om ein ny, fin dag. |
Det ser og høres ut som du har hatt en finfin påske :) Så godt:)
SvarSlett