torsdag 24. april 2014

Min påske!

Påsken er over - og i år var den særdeles fin. Nydelig ver dei aller fleste dagane, mange fine turar, toppturar  i Fisterområdet, kvitveis, god mat, mange varmegrader, koselige dagar i lag med Veslejenta, besøk frå Fjellfolket, og god tid til strikking. Mange måltid ute på terrassen - bål i grua med vaffelsteiking  - påskekrim på Tv, og litt påskegodt. Herlige dagar. Heldigvis hadde me liggandes shortsar på hytta, me kom ikkje på at sommaren kunne komme i slutten av april. Plommetreet stod i full blomst, og heldigvis var humlene òg vakna av dvalen. Det blir spennandes å sjå kor stor plommehausten blir dette året.

Gjennsynsglede med påskeharane.

Plommeblomstring.

Nydelig med kvitveis i hagen.

Kjekt med besøk frå fjellet.

Ein kvil i bakken, med nydelig utsikt.

Gode vafler steikt på bål.

På toppen av Lauvåsen - eller Fistersendaren.

Furet, værbitt.......

Kveldsstemning - med bud om ein ny, fin dag.


1 kommentar:

  1. Det ser og høres ut som du har hatt en finfin påske :) Så godt:)

    SvarSlett