Eg var utruleg heldig her om dagen! Eg vakna opp til ein koselig melding frå Vottelauget om at dei hadde trukket ut bilde mitt - det med stolen og strikketøyet - som ein av vinnarane på Instagram i anledning Vottedagen. Og premien var både e-boka "Tusen og ein skatt" og 4 nydelige hesplar med plantefarga garn! Det blei dagens gladmelding! Og her om dagen var garnet på plass i postkassen - og boka i biblioteket på Ravelry. Det var veldig kjekt! Nå må eg bestemme meg kva vottepar det flotte haustgarnet skal få bli til. Trur jammen eg må ha dette sjølv... Det kan bli vanskelig å velje, det er så utruleg mange flotte mønster der ute. Men først må eg ha garnet litt til pynt i stova, det passa så godt nå om hausten.
![]() |
| Fantastiske fargar |
![]() |
| Flott garn og koselig kort. |
![]() |
| Til og med Tordis har forstått kor viktig ein bunt garn er. Den må kosast med og behandlast med respekt! |


