søndag 22. november 2015

Toppstart og nedoverstrikk

Eg er ferdig med Blåveispiken. Det har tatt si tid, men slik er det visst her i huset når mange prosjekt er på pinnane på ein gong. Men eg blir jo alltid ferdig ein gong:-) Denne gong var det garnet som vart innkjøpt på Hillesvåg ullvarefabrikk ein gong i juni - då me henta flyttelasset til Veslejenta. I dag fekk kofta vere med på tur - og så fann me ein passe slitt naustvegg som passa utmerka som bakgrunn. Gubben var flink stylist, han gjekk like godt inn i det holete naustet og fann fine rekvisiter. Det er kjekt å gjere ferdig eit prosjekt, og det er kjekt å ta det i bruk. Så nå kan dagane vere kalde - eg er klar med ny kofte!

Fargane passte fint inn her langs havet i dag.

Flott med ein gammal naustvegg
og ein taukveil.


Flink og frimodig stylist.




Gubben fann ei gammal åre og!
Det passte jo midt i blinken.
Han er flink å rydde alt på plass og!

Pengeplassering:
Knappane på Blåveispiken
er gamle ti-øringar.
Eg har sans for desse gamle pengemyntane frå Fat og Fe.
Mange gode barndomsminner med dei.



Til dei oppklippte kanta fann eg eit fint bånd.
Litt ekstra pynt inni kofta.
 

Framleis langs havet.

Me traskar og går - og prøver å komme i mål med turprosjektet vårt. Me hadde jo tenkt me kunne klare heile stekket frå Tungenes i nord til Ogna i sør. I dag ha det vore ein fantastisk flott sundag! Knallflott sol, fleire kuldegrader og blikkstille. Det måtte bare nyttast. Så då la me turen sørover - me må stadig ha lenger kjøretur for å komme til utgangspunktet for ny tur. I dag vart det Obrestad Fyr som vart startplass. Me gjekk sørover, ein stund langs bratte skrentar ned til havet, og av og til blant steinar og marker. Mange gjerdeklyvara fann me undervegs, likeså mange blåe merkepålar. Ikkje lett å gå seg vill her. Matpakke og te i sekken, og jammen hadde den nye Blåveispiken-kofta mi fått vere med. Så så vart det tid til eit fotoshut ved veggen av eit forfallent naust! Så eige innlegg.



Nokre sauer ville helse på oss.

Ein fantastisk dag.

Eit gammalt naust
fullt av mange gamle skattar.

God matpause.
Det er viktig å ha ein pause undervegs.
Me må nyte og,
ikkje bare yte.

Landskapet minner nesten
om bilder me har sett frå Irland.


Obrestad havn.
Ikkje ofte havet er så stille.


Før me kom oss heim gjekk sola ned.
Det vart det ein fantastisk solnedgang av.

 Tur - retur blei turen på 1 mil. Fantastisk tur - i fantastisk ver.

søndag 15. november 2015

På tur langs havet.

Endeleg har me vore på tur igjen. Nå var det lenge sidan sist. Ein sundag med god tid, tåleg bra ver og ei Gubbeskulder som tåler å traske litt i ulendt terreng igjen - det var ein fin kombinasjon. Me har jo traska langs kyststripa vår, i etappar, og dei fleste av dei har me gått både fram og tilbake. Nå stod det igjen ein strekning frå Tananger havn til Hafrsfjord bru. Det er eigentleg ikkje så langt i frå oss, men likevel hadde me ikkje gått her før. Mykje stein og blankskurte svaberg, og litt lyng og småkratt - tilsaman vart det 1 mil me hadde tilbakelagt! Herleg å vere ute på tur. Litt mat og drikke undervegs gjer og nye krefter.

Ut på tur - aldri sur!

Gubben har spesielt auge for gamle båtvrak!
Nesten sånn var gamlebåten vår og då me fekk den.


Ved sjøbadet ved Myklebust.
Gammalt møter nytt.


Bananpause.


Heldigvis vart det litt surt og kaldt då me tok matpause
slik at me kunne ta på dei gode dunjakkane
me hadde i sekken.

Regnbue.
Sol og regn på ein gong.
Ei lita idyllisk (og sikkert verhard) øy utføre Tananger.

Nå har me gått samanhengandes frå Tungenes som er det nordligaste punktet og til Obrestad  fyr i sør. Me har ennå nokre kilometer igjen før me kjem til Ogna og eit meir knausete område, men året er ikkje heilt omme ennå. Kanskje me rekk fleire turar langs kysten. Det minkar jo på dagslys, så det må bli i helgene.

lørdag 14. november 2015

Stripefest.

Striper er flott! 
Kjekt å strikke - det skjer noko undervegs, 
det er lettvindt, kan strikkast både i mørket og med blikket vendt mot noko anna, 
og det blir fine bruksting. 
Mi "greia" har blitt håndkle. 
Eg har jo vist fram nokre her på bloggen før, men nå er ennå fleire ferdige. 
Kjekke å gje vekk - dei passar godt på eit gjestetoalett eller på kjøkken. 
Og forhåpentleg kjekke å få! 
Men oppi tynt-bomullsgarn-korga er det stadig meir garn. 
Ikkje har det minka heller, snarare tvert i mot. 
Så stripefesten må nok bare forsette.

Hauststriper



Dette blei feridg på biltur i haustferien,
og fekk bli igjen i Ulsteinvik.

Dei blir ganske like, desse håndklea,
men stripenen er litt ulike.

Pastell kan og vere fint.


Desse skal nok få seg ein ny heim før jul.

Lilla og blått.
To fargar der er mykje av i dette huset.

Skikkelig restefest!

Ein nabo kom med eit nett med garn.
Ho tenkte skuleungane kunne få bruke det opp.
Men nokre nøster fekk vere igjen her heime.
Mange fine nøster.
Ikkje rart at bomullskorga ikkje minkar!


Nå er det haug på korga!

søndag 8. november 2015

Strikkehelg i Stavanger.

Ei kjekk helg er over. Det har vore strikkefestival i Stavanger. Eg har fått med meg 2 kjekke strikkekurs, strikkecafè og mange flotte utstillare med nydeleg garn, og flott strikkefest med knallgod mat om laurdagskvelden. I år hadde eg følge med Eldstejenta og svigemora hennar, og vesle Tordis fekk og vere med på kurs i dag. Tidlig opplæring! Kjekt å vere på kurs med både mor, mormor og farmor!

Laurdagen var det bare dei to bestemødrene som var på kurs. Då lærte me oss grunnleggandes hakking. Ein spennandes teknikk som eg ikkje har prøvt før. Det var kjekt, me såg begge to muligheiten til å lage ein del klutar, håndkle og filler av bommullsgarn, som me har mykje av på lager. Det kan bli ny giv på restegarnet.

Sundag var me på kurs i tvebandstrikking. Dette er ein veldig gammal teknikk som er litt utfordrandes å få til. Men med god hjelp av ein flink kursholdar kom me godt i gang, og fekk lært oss det grunnleggandes. Litt plundrete å holde pinnar og garn på nye måtar, men kjekt å lære noko nytt. Nå gjeld det bare å fortsette heime, slik at me ikkje gløymer den nye lærdommen.

Me satsar på ei ny strikkehelg neste år. Det var mange andre kurs me og kunne tenkt oss å fått med oss.

Prøvelappen er under arbeid.
Ferdig prøvelapp.
Fleire forskjellige teknikkar og maskar
blei prøvt ut.


Då eg kom heim, måtte eg finne fram passandes garn og begynne.
Kan bli fine og anderledes filler.

Tapas på strikkefest.
Med eigen tallerk til strikketøyet.

I tillegg lærte Farmora meg noko nytt:
Ein slags vevestrikk.
Veldig artig og kjekt.
Skal bli eit pannebånd.

Det ser nesten vevt eller fletta ut.
Men det handla bare om å flytte litt på maskar,
strikke 2.maske før 1.maske og sånn....

Tordis på sitt 1.strikkekurs.
Mykje å holde styr på:
Pinnar, trådar, baby.....




Så langt  kom eg på 5 timar!
Ser puslete og vanleg ut.
Men det er på ein måte dobbelt strikka,
og strikka med 2 trådar som skulle tvinnast i rett rekkefølge.
Blir nok ikkje heil genser i denne teknikken,
Men heller ein mansjett til vottar e.l.


Kåpefin!

Eg er ferdig med kåpa mi. Og lot det visst passera uten ein fotoseanse her på bloggen. Men det er jo kjekt å vise fram ferdige prosjekter og, ikkje bare alt som er undervegs. Kåpestrikk var eit stort prosjekt, det har tatt si tid. Men nå har eg tatt henne i bruk, og er godt fornøyd med resultatet.


Glad strikkedame!
Prøver meg på litt eleganse,
Ikkje lett:-)




tirsdag 3. november 2015

Lenge siden sist!

Det er visst pausetid eller tørketid på bloggen... plutselig hadde eg ikkje så mykje eg hadde lyst eller tiltak til å blogge om. Ein travel haust, særleg på jobb med 20 søte, små, nye 1.klassingar krever visst mykje krefter og energi. Og når to gamle mødre  havnar på sjukehuset samtidig, forsvinn ein del ekstra fritid. Og Gubben som har operert skulderen og som helst skal halde seg unna ein del tunge løft og for mykje hus- og hagearbeid. Sofaen er god å sige ner i når kvelden kjem -  saman med eit strikketøy eller ei god bok. Men kanskje eg kan komme meg igang igjen - og kikke ned i strikkekorga om det har skjedd noko nytt der.

Eg har holdt på med nokre langtidsprosjekt ei stund. Den gråe kåpa og blåveispiken, samt min eigen designa flettegenser. Kåpa er feridg og i bruk, den er eg godt fornøgd med. Jammen herlig å avslutte eit så stort prosjekt. Blåveispiken har god framgang. Eg har starta på armane nå. Flettegenseren min  har eg funne fram igjen. Har iallefall felt av litt for armane. Innimellom har eg strikka nokre håndkle, ei Stavangerlue (må vere klar til strikkefest i helga!), nokre vottar til Tordis - og starta på ein ny flettegenser til Veslejenta. Stadig noko på pinnane altså. Og eg fann ein pose Duo - litt gammal - blanding av ull og bomull. Tenkte det kunne bli eit teppe. Lurar bare på om eg har nok garn.

Nå gler eg meg til helga med Strikkefestival i Stavanger. Eldstejenta og svigermora hennar og eg blir eit godt strikketeam der. Me har meldt oss på to kurs + strikkefest med Tapas. Med kurs i grunnleggandes hakking og tvebandstrikking får eg nok nye erfaringar - og nye ting å vise fram på bloggen.

Ha ei god arbeidsveke alle saman.
Min versjon av Stavangerlua.

Teppestrikk i Duo.

Blåveispiken.
Godt i gang med 1.arm

10-ørings knappar.
Tenkte dei kunne brukast på denne kofta.
Gode barndomsminner.

Flettegenser til Veslejenta.
Dette mønsteret har eg teikna av ein ferdigkjøpt
genser ein gong.
 

Min flettegenser.
Blir nok ferdig ein gong.